Behandling ved akutt dislokasjon som blir ståande ut av stilling:
Dersom ledda ikkje går tilbake i korrekt posisjon må stillinga korrigerast av lege. Behandlinga blir utført på legevakt eller sjukehus. Hos dei fleste pasientar kan dette gjennomførast utan narkose, men med lokalbedøving i ledd og/eller smertestillande medisinar. Etter at skuldra er sett på plass får du eit fatle for smertelindring i ein til to veker. Gradvis opptrening bør så gjennomførast i samarbeid med fysioterapeut for å oppnå normal rørsle, kraft og koordinering. Ekstreme leddutslag og idrettsaktivitet med risiko for nye skadar bør unngåast i minimum seks veker. Ved uttalt redusert førlegheit etter at skuldra er sett på plass bør ein utelukke avriving av sener i skuldra med MR.
Behandling ved gjenteken dislokasjon av skulderledd:
For personar med medfødd overbevegelege ledd som går ut av stilling ved kvardagsaktivitet er fysioterapi første behandlingsval. Ved skadeutløyst skulderinstabilitet har du mindre sjanse for å oppnå ei stabil skulder ved hjelp av fysioterapi. Operasjonsindikasjon blir avgjord av kor mykje skulderfunksjonen er påverka av instabiliteten og effekten av behandling hos fysioterapeut. Du vurderer saman med lege fordelar med operasjon mot ulemper knytte til rekonvalesens og risikoen for komplikasjonar.
Behandling ved dislokasjon og forstrekking av kragebeinledd:
Etter akutt skade er grada av feilstilling i ledda avgjerande for vidare behandling. Ved lita feilstilling er leddbanda berre delvis rivne av og dei gror vanlegvis utan at du treng operasjon. Smerte i leddet er likevel vanleg og kan halde fram det første året etter skaden.
Hos ortoped vil du gå gjennom ei grundig klinisk undersøking. Ortopeden vurderer behov for tilleggsundersøkingar som til dømes røntgen, ultralyd eller MR. Basert på funn i undersøking og samtale vil de bli samde om vidare behandlingsplan.
Dersom du blir tilrådd operasjon må du førebu deg på ventetid. I denne perioden er det ein fordel at du får behandling hos fysioterapeut eller gjer øvingar på eigenhand. Formålet med behandlinga/øvingane er å redusere smerte og førebu deg til operasjon og trening du må gjere etterpå.