Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Skulderplager

Smerter i skuldrene er nokså vanleg, særleg ettersom vi blir eldre. Mange blir bra av seg sjølv, medan nokre kan trenge rettleiing. Ved ufarlege skuldersmerter er trening den viktigaste behandlinga. Smertene kjem ofte frå blautvev som senar, slimpose og muskulatur. Undersøkinga hos oss skal gi svar på kvifor du har smerter i skuldra.

Vanlege teikn er oftast smerter inne i skuldra og ned i overarmen. Ein kan òg kjenne smerte og prikking heilt ut i hand og fingrar. Ein kan kjenne seg stiv i skuldra, opp mot nakken og ned i armen. Smertene aukar i enkelte rørsler som å ta armen over skulderhøgde eller vridningar. Nokre har òg smerter når dei ligg på skuldra om natta og nokre vil trenge andre arbeidsoppgåver for ei tid.

Tilvising og vurdering

Fastlegen din kan tilvise deg til utgreiing hos oss.

Utgreiing

Du bli grundig undersøkt av lege ved første polikliniske konsultasjon. I løpet av denne undersøkinga vil bevegeligheit i nakke og skuldre, testing av muskelstyrke og diverse spesifikke testar bli utført. Ofte vil dette vere tilstrekkeleg for å stille ein diagnose. Dei vanlegaste diagnosane er inneklemming eller andre problem med skuldersenene (såkalla subakromiale smerter), frossen skulder eller muskelsmerter.

I nokre tilfelle vil vi også ta undersøkingar som ultralyd, røntgen eller MR.

Behandling

Har du sterke smerter, kan du trenge smertestillande medisinar. Kortisonsprøyte er ofte effektivt på kort sikt. Det er få biverknader med ein slik injeksjon. Smertelindring er viktig så du klarer å gjera øvingane.

Forskning viser at trening ofte er like bra som operasjon. Treng du likevel operasjon, blir du tilvist til ortopedisk kirurg i Helse Fonna.

Trening

Treninga er den viktigaste delen av behandlinga. Fysioterapeuten undersøker deg, gir deg råd om arbeidsstillingar og finn enkle øvingar som passar akkurat deg og som du skal gjere kvar dag. Øvingane skal hjelpe deg til å få betre skulderfunksjon slik at du ikkje får vondt når du bruker armen i daglege aktivitetar. Du kan kjenne smerter når du gjer øvingane. På ein skala frå 0-10, der 0 er ingen smerter og 10 er den verste smerte du kan tenke deg, skal ikkje smertene overstige 5. Får du problem, tar du kontakt med oss.

Tren 1-2 gonger dagleg og kryss av i treningsdagboka.

Gode råd:

  • Kroppshaldninga di er viktig når du har smerter i skuldra. Mange synk litt saman. Prøv i staden å løfte brystbeinet litt opp.
  • Bruk armen din, men jobb smart. Du kan ikkje skade noko inni skuldra di med å bruka ho i daglege aktivitetar. I byrjinga bør du ta omsyn om du får auka smerter.
  • Du kan finne gode kvilestillingar med pute under armen når du sit og ligg.
  • Det er bra å vere i fysisk aktivitet.
  • Røykjer du, bør du slutte eller trappe ned.

Oppfølging

Mange vil merke betring etter om lag fire veker. 80 prosent er mykje betre etter seks veker, og mange kjenner vidare betring dei neste seks vekene. Om ikkje anna er sagt, ring legen deg etter om lag seks veker for å høyra om du treng meir oppfylging.

Kjenner du ikkje betring etter fire veker, ber vi deg ringje oss innan kort tid.

Se også video om ulike tema fra St Olav i Trondheim




Kontakt

Stord sjukehus Stord sjukehus

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 11.00-14.00.
Stengt i helger og heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.