Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Snorking og søvnapné

Ved søvnapné oppstår det korte pustepausar når ein søv. Det er ikkje unormalt å pusta litt uregelmessig under søvn, men er pustepausane langvarige (minst 10 sekund) og hender hyppig (over 5 gonger per time) har dette helsemessige konsekvensar og blir definerte som sjukdom dersom tilstanden gir nedsett søvnkvalitet eller søvnighet på dagtid. Ved meir enn 15 pustestoppar per time blir diagnosen stilt uavhengig av symptom.

Noen er plaget med pustestopp når de sover. Dette kalles søvnapné og skyldes vanligvis trange luftveier i nese og svelg. Søvnapné kan medføre døsighet og konsentrasjonsproblemer på dagtid. Behandling kan lindre symptomene for mange.

Les meir på helsenorge.no

Det finst to hovudtypar av søvnapné: obstruktiv søvnapné (OSA) og sentral søvnapné (CSA).

Hyppigheit, symptom, årsaker og konsekvensar

Obstruktiv søvnapné (OSA)

Behandlingstrengande OSANE finst hos 1 av 10 vaksne personar i Noreg. Personar med OSANE er vanlegvis også snorkere. Snorkelyden blir skapt av vibrasjonar i svelget ved innpust når ein søv. Når sugekrefter ved innpust påverkar strukturar klappar dei saman inntil musklane i svelget igjen blir aktiverte og luftvegane blir opna. I denne perioden, som kan vara lengre enn eitt minutt, blir oksygennivået redusert i blodet og kvaliteten på søvnen blir redusert.

Symptombiletet hos pasientar med OSANE varierer frå uttalt søvnighet på dagtid til mangel på symptom. Nattlege oppvakningar og å måtte tisse på natta kan også vere symptom på sjukdommen. Ubehandla pasientar som har uttalt søvnighet har auka risiko for trafikkulykker og arbeidsuykker. Pasientar med meir enn 15 pustestoppar pr time har auka risiko for og hjarte- og karsjukdommar ubehandla.

OSANE finst hos begge kjønn og i alle aldersgrupper, men førekomsten aukar med alder og overvekt. Både kvinner og menn blir ramma, men sjukdommen debuterer seinare hos kvinner. Tronge luftvegar og maskulin feittfordeling er dei viktigaste årsakene.

Hos barn er årsaka vanlegvis store mandlar.

Sentral søvnapné (CSA)

CSA er langt sjeldnare enn OSA. Ved CSA går pustestopp-episodane utan at pasienten gjer forsøk på å trekke pusten. Årsaka sit vanlegvis i dei områda av sentralnervesystemet som regulerer pusterytmen. Slike pasientar har som regel sjukdom i hjernen, til dømes tidlegare hjerneslag, eller forstyrringar i reguleringa av hjernen av pusterytmen sekundært til kronisk hjartesvikt. 

Utgreiing

Diagnosen søvnapné blir stilt etter måling av pustemønsteret om natta. Søvnregistreringsutstyret består av ein liten boks som er tilkopla forskjellige leidningar som måler luftstraumdraga gjennom nase og munn, snorkelyd, pustebevegelsane i brystkasse og mage, surstoffinnhaldet i kroppen, pulsrytmen og kroppsposisjonen. Eit slikt polygrafi-utstyr kan koplast på om ettermiddagen og ein kan deretter sove med utstyret på, gjerne i heimen eller på sjukehotell.

Av og til ønsker ein ei fullverdig søvnregistrering – polysomnografi (PSG). I tillegg til dei same målingane som ved polygrafi, undersøker ein òg søvnstadium ved hjelp av leidningar festet til hovudet, i tillegg til leidning til beina for å måla uroleg søvn på grunn av hyppige beinbevegelsar.

Behandling

Generelle råd/ livsstilsendring

Alle med OSA bør gå ned i vekt og/eller auke aktivitetsnivået dersom dei er overvektige. Sovemedisinar, alkohol og røyking forverrar sjukdommen og bør derfor unngås. Mange med OSA har størst tendens til snorking og pustestopp når dei ligg på ryggen. I slike tilfelle kan tiltak som forhindrar ryggleige gi mindre plager. Å endre sovestilling er svært vanskeleg utan mekaniske tiltak som hindrer ryggleie.

Anna behandling


Kirurgisk behandling

Spesielt er fjerning av mandler hos barn effektivt. Nesetetthet behandles ofte effektivt med kortisonspray, men større skjevheter i nesen, polypper og forstørrede nesemuslinger kan nødvendiggjøre mindre kirurgiske inngrep. Dette kan også være nødvendig som supplement til CPAP-behandling, for at luftstrømmen skal kunne passere nesehulrommet uten for stor motstand.

For øvrig gjøres ulike plastiske operasjoner på den bløte ganen med laser eller radiobølgekniv. Effekten er variabel ved obstruktiv søvnapné og ikke endelig klarlagt. Det er viktig med høy kompetanse, grundig utvelgelse og oppfølging. Trakeotomi (hull på luftrøret) eller kirurgisk framflytting av kjeven kan løse problemet dersom pasienten har alvorlig OSA og annen behandling ikke har ført fram.

Kontakt

Odda sjukehus Søvnpoliklinikken

Kontakt Søvnpoliklinikken

Oppmøtestad

Resepsjon, hovudinngang 1. etasje.
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i U-etg.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

Kiosken har ikkje betalingsterminal.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.