Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
EEG (elektroencefalografi) er ei undersøking som registrerer den elektriske aktiviteten av hjernen. Ved hjelp av elektrodar festa på hovudet kan elektriske signal i hjernen registrerast i EEG-apparatet der dei til slutt blir behandla og kan sjåast i form av bølger på ein skjerm. Samtidig gjer vi eit videoopptak av deg. Videoen er eit supplerande hjelpemiddel som blir brukt under tolkinga av registreringa. Søvndeprivert EEG blir gjord etter ei natt utan søvn.
Søvndeprivasjon betyr at du blir fråtatt moglegheita for søvn. Vaksne personar skal ikkje sove i det heile natta før undersøkinga. Barn kan sove i inntil 4 timar natta før undersøkinga. Små barn som søv på dagtid (inntil 3 år), kan sove som normalt natta før undersøkinga, men blir undersøkte på dagtid like før vanleg sovetid.
Sovetida for dei aller minste kan gjerne utsettast 1–2 timar, men barnet må ikkje sove like før undersøkinga. EEG etter søvndeprivasjon blir gjord fordi søvndeprivasjon aukar sjansane for unormale funn i undersøkinga.
Ein pleier å gjere vanleg EEG først før legen eventuelt viser vidare til søvndeprivert EEG. Som regel er det lege i spesialisthelsetenesta som viser til søvndeprivert EEG.
Elektrodar blir festa med ein elektrodepasta til hovudbotnen. Pastaen held elektrodane på plass og sikrar god signaloverføring. Det er som oftast 35 elektrodar tilsaman. Etterpå ligg du uforstyrra på ein benk med lyset av i cirka éin time.
Det er avgjerande for undersøkinga at barnet ligg eller sit heilt i ro mens elektrodane blir festa. Det er derfor fint om vaksne følger dei minste barna. Små barn kan sitte på fanget mens vi festar på elektrodane. Ta gjerne med noko som kan hjelpe til med å halde barnet roleg, for eksempel ei flaske med drikke, smokk, leiker, bøker, iPad eller liknande.
I starten av undersøkinga er det vanleg å framkalle spesielle former for hjerneaktivitet ved at du pustar djupt i tre minutt. Undersøkinga tar som regel 1,5 til 2 timar.
Resultatet av undersøkinga blir sendt til legen/avdelinga som har tilvist deg.
Nevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund