For pasientar som skal til operasjon, blir desse førebudde som alle andre operasjonspasientar. Du vil først få eit tynt plastrøyr (venekanyle) inn i ei blodåre i armen. Dette er i tilfelle du skulle trenge medisinar eller væske raskt.
Spinalbedøving
Ikkje alle typar operasjonar krev narkose (generell anestesi). I mange tilfelle kan ein bedøve delar av kroppen. Dette kan gjerast med spinalbedøving eller epiduralbedøving (eller ein kombinasjon av begge).
Ryggmergen strekker seg nedover i ryggmergskanalen og sender nervegreiner til heile kroppen. Det er derfor mogleg å bedøve desse nervane på ulike nivå, alt etter kor ein ønsker å bedøve. Spinalbedøving blir som regel gitt som ein enkel injeksjon, men ein kan og nytte eit kateter om ein ønsker å gi bedøvinga over lengre tid.
Tilvising og vurdering
I sjeldne tilfelle kan det vere aktuelt at fastlegen tilviser deg for spinal- eller epiduralbedøving. Det vil som regel vere i tilfelle der ein har alvorleg kreftsjukdom som er i sluttfasen av livet, der ein ikkje kjem i mål med anna smertebehandling. Tilvisinga skal da i utgangspunktet gå til palliativt team/kreftavdelinga.
Før
Under
Om du skal få spinalbedøving vil anestesilegen be deg sitte eller ligge på sida, slik at ho/han får tilgang til ryggen din. Etter å ha vaska sterilt og dekt opp vil anestesilegen stikke med ei tynn nål og injisere lokalbedøving inn mot nervane i ryggmergen. I dei fleste tilfelle har ein ikkje behov for lokalbedøving for spinalbedøving utan kateter. Dersom ein skal lage til spinalt kateter (tynn plastslange) vil anestesilegen sette lokalbedøving først.
Alt etter kor teknisk vanskeleg det er, tar spinalbedøving alt frå 5 til 15 minutt.
Etter
Spinalbedøvinga varer nokre timar, for så å gradvis gå tilbake. Spinalbedøving med kateter kan givast over lengre tid.
Ein kan ikkje køyre bil før dagen etter spinalbedøving.
Ver merksam
Spinalbedøving er ei trygg bedøvingsform. Dessverre vil det alltid kunne tilkomme komplikasjonar, men det er veldig sjeldan.
Den vanlegaste komplikasjonen er smerter i ryggen etter stikk, dette går som regel over med tida og treng ikkje behandling. I nokre tilfelle kan ein få spinalhovudverk, det er ein sterk hovudverk som blir betra av at ein legg seg ned. I dei aller fleste tilfella går dette over etter nokre dagar og treng ikkje anna behandling enn godt med drikke og hovudverktablettar. I nokre tilfelle vil hovudverken vere så invalidiserande at legane vil velje å legge ein såkalla «blodlapp», dette blir berre gjort på sjukehuset av anestesilegar.
I svært sjeldne tilfelle kan ein få infeksjon etter spinalbedøving. Det er svært alvorlege tilstandar som krev sjukehusbehandling.
Kontakt
Stord sjukehus
Dagkirurgi Stord
Oppmøtestad
Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.
Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss.

Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord