Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Epiduralbedøving (epiduralanestesi) er ei behandling som sikrar deg god smertelindring i akutte situasjonar der du har sterke smerter. Typisk vil ein slik situasjon vere i forbindelse med fødsel, etter ein kirurgisk operasjon eller etter ein betydeleg skade.
Når du skal få epidural, vil du først få ein veneflon (liten slange i ei blodåre) i armen. Dette er i tilfelle du skulle trenge medisinar eller væske raskt.
Du vil som regel ligge på sida eller sitte mens epiduralen blir gitt. Det er viktig at du følger dei instruksane du får av legen, og klarer å vere i ro når bedøvinga blir sett. Først får du lokalbedøving i huda, og deretter blir det sett ei nål inn til epiduralrommet. Gjennom nåla blir det så tredd inn ein tynn slange (kateter) som blir liggande etter at nåla er fjerna. Du får altså ein liten slange inn i ryggen. Det gjer ikkje vondt å ha slangen der, og du kan bevege deg fritt. Gjennom slangen blir det fylt på med bedøvingsmiddel etter behov, enten ved tilførsel via ei pumpe eller sprøyte.