Ete‐ og svelgjevanskar (Dysfagi)
Når vi har problem med å ete og svelgje, blir det kalla dysfagi. Det kan blant innebere vanskar med å tyggje mat, vanskar med å setje i gang svelgrefleksen, å svelgje vrangt eller at mat stoppar opp i svelget.
Årsaker
Ete‐ og svelgjevanskar er ikkje ein sjukdom i seg sjølv, men eit symptom ved sjukdommar eller tilstandar der det skjer skadar i musklar og nervar som kontrollerer svelging. Det kan oppstå etter mellom anna hjerneslag, hjerneskade, hjernesvulst, infeksjonar i nervesystemet, muskelsjukdommar, demens, kreft, eller etter kirurgiske inngrep.
Ete‐ og svelgjevanskar kan gi fleire utfordringar under eit måltid. Mat og drikke kan renne ut av munnen eller bli liggjande i munnen etter at du har ete. Nokon kan få surkla stemme eller mykje slim i munnen og i svelget. Nokon hostar under eller etter måltida, eller får kjensla av at mat sit fast i halsen. Feilsvelging av mat og drikke kan føre til lungebetennelse.
Kontakt
Stord sjukehus
Rehabilitering og fysikalsk medisin
Oppmøtestad
Rehabiliteringsdøgnposten er i 3.etasje i hovudbygget til Stord sjukehus.
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk held til i 1.etasje i gamle administrasjonsbygning (kvit trebygning).
Terapeuttenestane nytter trenings- og behandlingslokaler i 1.etasje i den kvite murbygningen til høgre for sjukehuset sin hovudinngang. Her finn du òg basseng.

Stord sjukehus
Tysevegen 64
5416 Stord