Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Språkvanskar – språkundersøking hos logoped

Undersøkinga viser om du har symptom på språkvanskar (afasi). Dette kan vere vanskar med å finne ord eller å seie orda rett. Det kan også vere vanskar med å forstå kva ord betyr, eller vanskar med å lese og skrive. I undersøkinga vil ein logoped gi deg oppgåver du skal utføre, som å fortelje kva du ser på eit bilete, å peike ut gjenstandar på eit bilete, lese ein tekst og skrive nokre ord og setningar.

Teksten omhandlar utgreiing på sjukehus.

Før

Dersom du bruker briller eller høyreapparat er det viktig at du har dette med deg. Elles er det ingen førebuingar til undersøkinga.

Under

Undersøkinga blir utført på eit eigna rom. Du vil få sjå ein del bilete og gjenstandar som du skal beskrive så godt du kan. Vidare vil du få i oppgåve å gjere nokre rørsler med kroppen din, som å peike på kroppsdelar og gjenstandar.

Du vil få nokre spørsmål som skal svarast på munnleg. Det vil også vere nokre leseoppgåver, der du skal lese nokre ord og setningar, for så å vise at du har forstått kva du har lese. Til slutt vil du få nokre skriveoppgåver.

Det kan vere aktuelt med fleire undersøkingar og vidare kartlegging av språket ditt hos logoped.

Etter

Logopeden formidlar resultata til deg etter undersøkingane.

Dersom du har behov for det, vil logopeden lage eit treningsprogram for deg, og sørge for at du får vidare oppfølging.

Sist faglig oppdatert 30.04.2024

Kontakt

Stord sjukehus Rehabilitering og fysikalsk medisin

Kontakt Rehabilitering og fysikalsk medisin

Oppmøtestad

Rehabiliteringsdøgnposten er i 3.etasje i hovudbygget til Stord sjukehus.
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk held til i 1.etasje i gamle administrasjonsbygning (kvit trebygning).

Terapeuttenestane nytter trenings- og behandlingslokaler i 1.etasje i den kvite murbygningen til høgre for sjukehuset sin hovudinngang. Her finn du òg basseng.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.