Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Polyppar i stemmebandet, operasjon

Pasientar som har hevelsar på stemmebanda, er plaga med håsheit. Hevelsane på stemmebanda kan vere polyppar, cystar, "songarknutar" eller hevelsar forårsaka av røyking (ødem).

Kva skal skje?

Dei fleste blir opererte dagkirurgisk, det vil seie at du dreg heim same dag som operasjonen. Ved meir omfattande inngrep blir du liggjande på sjukehuset til dagen etter operasjonen. Dette blir avtalt på førehand.

Før

Førebuingar før oppmøte på sjukehuset

Les innkallingsbrevet nøye.

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Det får du i så fall beskjed om.

Kva skjer operasjonsdagen?

Du må vere førebudd på at det kan bli noko ventetid før og etter operasjonen. Ta gjerne med lesestoff, musikk eller liknande.

Ved oppmøte blir du teken imot av sjukepleiar. Du vil få snakke med anestesilege og kirurgen som skal operere deg.

Ved inngrep på stemmebanda kan det oppstå ei stor belastning på fortenner når ein fører ned røyret som blir brukt til å sjå i halsen under operasjonen. Det er viktig at du før operasjonen seier frå til kirurgen og anestesilegen dersom du har lause tenner/implantat.  

Under

Operasjonen blir utført i narkose, det vil seie at du søv under operasjonen.

Før heimreise

Informasjon om operasjonsbeskriving og eventuell kontrolltime finn du på helsenorge.no

Etter

Du blir på overvakingsavdelinga så lenge det er behov for det. Du får ete når du er klar for det. Før du reiser heim vil du få snakke med sjukepleiar og kirurg. Du får med deg resept på smertestillande og sjukmelding dersom det er behov for det. Operasjonsbeskrivinga finn du på helsenoreg.no

Når du har kome heim

Smerter

Det er vanlegvis lite smerter etter operasjonen. Du kan vere litt sår i halsen dei første dagane. Ved behov for smertestillande kan du bruke paracetamol. Sørg for å ha paracetamol heime etter operasjonen, følg tilrådd dosering som står på pakken.

Mat

Du kan ete og drikke som normalt.

Aktivitet

Du bør unngå hard fysisk aktivitet dei første dagane etter operasjonen.

Forholdsreglar

Dei første 6 – 7 dagane etter operasjonen skal du vere stille og ikkje bruke stemma, du skal unngå kremting/harking.

Dersom du skulle få luftvegsinfeksjonar og hoste bør du få hostedempande medisinar, eventuelt antibiotika.

Sjukmelding

Dersom du har eit yrke med mykje stemmebelasting blir du sjukmeld i cirka 14 dagar, eventuelt lenger. Songarar og skodespelarar og andre med liknande profesjon kan ha behov for sjukmelding i 4-8 veker. Dersom du har eit yrke der stemmebelastinga er liten, treng du sjukmelding berre nokre få dagar. Dersom du er student/skuleelev kan du gå på forelesing dagen etter operasjonen dersom du unngår å bruke stemma.

Kontroll/oppfølging

Dei fleste som blir opererte på stemmebanda vil bli tilviste til logoped (talepedagog). Tilvising til logoped blir rekvirert av kirurg.

Kirurgen avgjer i kvart tilfelle om kontroll etter operasjonen er nødvendig. Vanlegvis er dette etter 6-12 veker. Ved forverring av tilstanden må du ta kontakt med fastlegen din for å få ny tilvising.

Feber

Dei første dagane etter operasjonen kan du få lett temperaturstigning. Dette er normalt.

Ver merksam

Komplikasjonar

Ved alle kirurgiske inngrep kan det oppstå komplikasjonar, den vanlegaste er infeksjon.

Teikn på infeksjon kan vere:

Sjukdomskjensle, feber og aukande smerter i halsen.

Ta kontakt med sjukehuset dersom du har vedvarande feber over 38 – 38,5 gradar etter operasjonen eller mistenkjer at du har fått ein infeksjon.

Sist faglig oppdatert 26.01.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland