Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stomi hos vaksne

Nokre menneske har sjukdommar eller misdanningar som fører til forstyrringar i mage-tarmfunksjonen. Blant dei vanlegaste årsakene finn vi kreft, tarmskade og kroniske tarmbetennelsar som ulcerøs kolitt og Crohns sjukdom.

Operasjon

Når ein stomi blir anlagt, blir tarmen operert fram til overflata til huda. Avføringa tømmer seg gjennom stomien i staden for gjennom endetarmsopninga. Ein stomi er ikkje omgitt av lukkemuskel slik som endetarmen, tarmtømminga kan difor ikkje kontrollerast. Det er tarmbevegelsane som bestemmer når avføringa kjem ut gjennom ein stomi.

Konsistensen til avføringa avheng av kvar langt ned på tarmen stomien er plassert. I tynntarmen er innhaldet flytande, og slik vil òg avføringa frå ein ileostomi vere. Tjukktarmen sin viktigaste funksjon er å suga opp væske frå tarminnhaldet. Til lenger ned mot endetarmen stomien er plassert, til fastare blir avføringa.

Mellombels og permanent stomi

Ein mellombels stomi blir anlagd når det er nødvendig å avlaste delar av tarmen for ein periode. Då vil det som regel vere to stomiopningar rett ved sida av kvarandre. Avføringa kjem ut i den eine opninga. Den andre opninga (blindstomi) fører ned til den delen av tarmen som ikkje er i bruk. Frå blindstomien kjem det ofte litt slim.

Ein permanent stomi har berre ei opning der avføringa kjem ut. Tarmen som er nedanfor stomien, blir lukka i øvre ende. Slim frå den delen av tarmen som ikkje er i bruk kjem ut gjennom endetarmsopninga.

Posesystem

Eindelt system betyr at stomiplata/festeplata, og posen er sveisa saman. Posen må tømmast eller blir skifta ved behov. Todelt system består av ein pose og ei plate. Plata blir festa på huda rundt stomien, og posen blir festa i plata.

Stomiposane kan vere tømbare eller ikkje tømbare. Dei kan vera gjennomsiktig eller farga. Alle posar har filter slik at tarmgassen kan sleppe ut medan lukta blir fjerna i filteret.

Stomisjukepleiar har kunnskap om forskjellig stomiutstyr og tilleggsprodukt, og vil i samarbeid med kvar enkelt pasient finne riktig utstyr. Ved kontrollar hos stomisjukepleiar vil stomiutstyret alltid vurderast og du vil få informasjon om nytt aktuelt utstyr.

Stomiutstyr på blå resept

Stomiutstyr, tilleggsprodukt og kompressar til stell av stomi får du på e-resept (blå resept).

Stomisjukepleiar lagar ei liste over utstyr før heimreise slik at det er enkelt å bestille hos apotek eller bandagist. Stomisjukepleiar kan anbefale ein bandagist/apotek i nærområdet ditt, eller finne ein bandagist som leverer utstyret heim. Vi anbefaler å bestille utstyr med ein gang du kjem heim frå sjukehuset då det kan ta noko tid å få utstyret levert. Vi anbefaler å bestille utstyr for berre ein månad ved første bestilling då det kan vere nødvendig å justere stomiutstyret. Du vil få med tilstrekkeleg stomiutstyr for dei første vekene heime.

Før

Under

Etter

Ver merksam

Utfordringar som kan oppstå med stomi

Ved utfordringar eller bekymring knytt til stomien bør du kontakte stomisjukepleiar eller fastlege.

  • Sår hud og lekkasjar
  • Blod frå stomien
  • Brokk

Spesielt for deg med ileostomi

Dersom du ikkje klarer å erstatte det du tapar på stomien og får symptom på dehydrering (tørste, kvalme, muskelkrampar) må du kontakte lege.
Du må følgje med på urinen din etter utskriving. Du må følgje med på fargen og mengde urin kvar dag. Om du får redusert allmenntilstand, er plaga med kvalme/oppkast, eller har sparsam mengde urin må du kontakte lege. Det kan vere lurt å drikke ein kopp med buljong kvar dag, særleg om det kjem mykje på stomien din og du får mørkare urin. Buljong inneheld salt og kan erstatte saltet du taper ved store mengder tynn avføring. Det kan òg vere lurt å salte maten ekstra.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastrokirurgisk avdeling

Kontakt Gastrokirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.