Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ved behov for eit inneliggjande kateter som taummetode over tid, bør det vurderast om kateteret skal leggjast suprapubisk. Eit suprapubisk kateter er ein tynn slange som blir ført inn i blæra via eit lite snitt i huda like ovanfor bekkenbeinet (symfysen). Formålet med suprapubisk kateter er å sikre at blæra blir tømt for urin.
Sjukehus, fastlege eller spesialist kan tilvise deg. Tilvisinga skal innehalde beskrivingar av områda i sjekklista under.
Det er vanleg at vi legg inn eit kateter gjennom urinrøyret i forkant av undersøkinga. Dette treng vi for å kunne fylle opp blæra undervegs i prosedyren.
Dersom du bruker noko form for blodfortynnande medisin, må du gi beskjed om dette før vi legg inn kateteret. Det kan vere aktuelt å slutte med denne medisinen før kateteret blir lagt inn.
Du får lokalbedøving, og skal normalt ikkje merke noko.
Eit silikonkateter blir ført inn blæra via eit lite snitt i huda like ovanfor bekkenbeinet. Kateteret blir halde på plass i blæra ved at det blir fylt glyserinblanding (steril væske) i kateterballongen.
Over innstikkstaden blir det lagd på ein bandasje. Kateteret blir festa til ein steril urinpose, som blir festa til beinet ditt.
Pass på at det ikkje blir drag i kateterslangen! Dette kan unngåast ved å feste kateter og urinpose til beinet. Vi tilrår at skifte av kateter blir gjort på sjukehus.
Du skal skifte til nytt kateter fire til fem veker etter det første kateteret er lagt inn.
Same dag som kateteret blir lagt inn bør du ta det litt med ro. Det kan vere greitt å ha treningsfri og ikkje belaste buk og mage meir enn nødvendig.
Vidare kan du leve som normalt.
Dersom du opplever noko av det følgjande etter at du er skriven ut frå sjukehuset, kan du ta kontakt med fastlegen.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund