I tillegg til kløe i handflater og fotsolar kan symptoma vere trøyttleik, vekttap, smerter i matrøyret, mørk urin og gallestein.
Får du desse symptoma bør du ta kontakt med jordmora di eller fastlege for å ta ein blodprøve.
Symptoma kan oppstå før det gir utslag på blodprøvane. Ved vedvarande og typisk kløe, men normale blodverdiar bør det derfor vurderast å gjenta prøvetakinga. Det er ikkje samanheng mellom kløeintensiteten og gallesyrenivåa.
Symptoma kan forvekslast med gallestein og ved tvil bør du bli tilvist til ultralydundersøking av lever og gallevegar. Symptoma kan også forvekslast med svangerskapsforgifting, akutt feittlever i svangerskapet og virusinfeksjon. Ved tvil blir det tatt utvida blodprøvar.