Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Clostridioides difficile er ein bakterie. Den lever i tarmen hos nokre menneske.
Denne bakterien fører i utgangspunktet ikkje til sjukdommar, men når du bruker antibiotika vil den normale tarmfloraen endre seg, og det kan bli ei oppblomstring av denne bakterien. Bakterien produserer gifter som kan gi diaré, magesmerter og feber. Av og til kan det utvikle seg til ein alvorleg tarmbetennelse. Det beste rådet er å vaske hende nøye og ofte.

Vi behandlar Clostridioides difficile med antibiotika. Sjølv med behandling, kan du bli sjuk igjen.
Infeksjon med Clostridioides difficile førekjem vanlegvis berre hos personar som får antibiotika. Det er sjeldan at pårørande blir sjuke.
Diaré oppstår i dei fleste tilfella først når ein person som er smitta i tillegg får antibiotika. Derfor er det spesielt viktig å hindre smitte i sjukehus. Når du er på sjukehuset, er det viktig at du vaskar hendene grundig med såpe og vatn.
På sjukehuset vil du få einerom og eige toalett. Dei som møter deg, har smittefrakk og hanskar. Vi samlar skittentøy i ein eigen gul sekk på rommet.
I utgangspunktet må du vere på rommet heile tida. Du kan spørje om å få lov til å forlate rommet. Du kan få besøk, men dei som besøker deg må følge alle reglane som står her.
Be personalet om meir informasjon. Det finst to brosjyrar, éin brosjyre med informasjon til pasientar og éin brosjyre med informasjon til besøkande.
I dei fleste tilfelle vil diareen ha betra seg eller gått heilt over innan du drar heim. Når du ikkje har diaré er det også mindre sannsynleg at du smittar andre.
Når du har komme heim, kan du leve som normalt, men du må framleis vere nøye med hygienen, for å hindre smitte.
Du finn oss i 5. etasje på Haugesund sjukehus (vestblokka). Ta heisen ved Narvesen-kiosken for å kome til oss.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund