Epikondylitt

Tennis- og golfolboge

Tennis- eller golfolboge kan du få på grunn av fleire, einsformige rørsler, gjerne over fleire år. Smertene kjem ofte snikande over tid. For dei fleste vil behandlinga vere rettleiing i trening og tøyingar hos fysioterapeut.

Tennisolboge og golfolboge er nemningar for smerter på utsida eller innsida av olbogen. Smertene oppstår gjerne som følgje av overbelasting av senefesta i olbogen.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Dei vanlegaste diagnosane er relaterte til sener og muskulatur. Av desse er «tennisolboge», smertar på utsida av olbogen, vanlegast. Andre plager er «golfolboge»/smerter på innsida av olbogen, og muskulære smerter i underarmen. I nokre tilfelle er det nødvendig med supplerande undersøkingar som ultralyd, røntgen eller MR.

Før

Er du vist for olbogeplager vil du bli innkalla til ein poliklinisk konsultasjon hos lege. Det krevst ingen førebuingar til denne konsultasjonen.

Under

Legen vil vanlegvis undersøkje hand/handledd, skulder og nakke i tillegg til olbogen fordi smerter og funksjonsproblem ofte involverer fleire kroppsområde. Den kliniske undersøkinga med testing av rørsle, muskelstyrke og spesifikke testar vil som regel vere tilstrekkelege for å stille ein diagnose.

Olbogeplager med utgangspunkt i sene/muskelapparatet blir behandla med informasjon og råd i forhold til arbeid og aktivitetar, blautdelsbehandling, øvingsbehandling og tøyingar.

I akuttfasen kan det hjelpe med betennelsesdempande medisinar for å redusere smerter. Ved smerter på utsida og innsida av olbogen vil trening av styrke og uthald vere sentralt og det trengst stor grad av eigeninnsats.

Av og til er det aktuelt å konferere med ortoped med tanke på operasjon, men for dei fleste er behandlinga rettleiing i trening og tøyingar hos fysioterapeut lokalt.

Etter

Dei fleste blir bra og vanlegvis krevst det inga oppfølging i spesialisthelsetenesta.

Kontakt

Stord sjukehus Rehabilitering og fysikalsk medisin
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Rehabilitering og fysikalsk medisin

Oppmøtestad

Rehabiliteringsdøgnposten er i 3.etasje i hovudbygget til Stord sjukehus.
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk held til i 1.etasje i gamle administrasjonsbygning (kvit trebygning).

Terapeuttenestane nytter trenings- og behandlingslokaler i 1.etasje i den kvite murbygningen til høgre for sjukehuset sin hovudinngang. Her finn du òg basseng.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for utredning

Ikke oppdatert ventetid for dagbehandling

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.