Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Frå og med svangerskapsveke 24 vil jordmor eller fastlege måle livmora frå symfusen (skambeinet) til toppen av livmora med eit måleband (symfuse-fundus mål, SF-mål) som eit indirekte mål på storleiken til fosteret. Om SF-målet avvik frå normalkurva, vil du bli tilvist til svangerskapspoliklinikken for vidare undersøking med ultralyd for å finne årsaka til avviket.
Fleire forhold kan påverke SF-målet:
Det kan også vere at alt er normalt sjølv om SF-målet enten er høgt eller lågt, fordi slik målemetode kan vere usikker.
At eit foster veks for lite, kan skuldast sjukdom i morkaka, genetiske/arvelege årsaker, sjukdom hos mor, eller sjukdom hos fosteret.
Dersom ein finn at fosteret er lite i høve til lengda på svangerskapet, blir det lagd planar for oppfølging med kontrollar ved poliklinikken på sjukehuset. Nokre gongar blir det tilrådd å framskunde fødselen dersom fosteret ikkje veks tilfredsstillande
Dersom ein finn at fosteret er svært stort i høve til lengda på svangerskapet, kan det bli føreslått å starte fødselen éi til to veker før termin.
Dersom du blir tilvist til svangerskapspoliklinikken, må du ta med ei urinprøve når du skal til undersøkinga.
Ved manglande tilvekst og trivsel hos fosteret kan det bevege seg mindre. Du vil kjenne færre fosterbevegelsar. Ved betydeleg og vedvarande reduksjon i fosterbevegelsar, bør du kontakte fødeavdelinga direkte.
Det er rutine å kontrollere mor sitt blodtrykk og urin ved ein tilvekstkontroll.
Ved tilvekstkontroll vil vi også i nokre tilfelle registrere hjarterytmen til fosteret (CTG).

Ultralydundersøkinga inkluderer:
Saman med informasjonen om helsa di, risikofaktorar, resultat frå tidlegare undersøkingar, alderen og veksten til fosteret over tid, blir oppfølging av svangerskapet planlagd vidare.
Nokre gravide blir følgde opp hos fastlege eller jordmor, nokon blir følgde poliklinisk på sjukehuset, og nokon blir innlagde til observasjon. Hos nokon blir også beste tidspunkt for forløysing av barnet og forløysingsmetode planlagt (vaginal fødsel eller keisarsnitt).
Avhengig av årsaker, kan det vere auka risiko for gjentaking av langsam fostervekst i neste svangerskap. Dersom du planlegg å bli gravid fleire gonger, blir det tilrådd at neste svangerskap blir planlagt og følgt opp i samarbeid med spesialisthelsetenesta.
Oppfølging i neste svangerskap kan innebere at du blir tilrådd å starte med ein blodfortynnande medisin (Albyl E) frå 12. svangerskapsveke, og at du får nokre ekstra ultralydkontrollar på sjukehuset.