Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Alvorleg lungesvikt eller trongheit i svelg, strupe eller luftrøyr på grunn av svulstar, betennelsar eller medfødde misdanningar, kan gi behov for langvarig pustehjelp med respirator. Når behandlinga blir langvarig, er det ofte betre å leggje eit pusterøyr gjennom ei opning i halsen. Dette blir kalla trakeotomi. Dersom den øvre luftvegen av ulike grunnar er for trong, kan vi gjere ein trakeotomi utan at det er behov for respiratorbehandling.
Trakeotomi blir nesten alltid gjort i narkose. I samband med langvarig respiratorbehandling er du allereie i narkose.
Av og til gjer vi inngrepet planlagt, til dømes ved svulstar i luftvegane eller andre tilstandar som tettar dei øvre luftvegane. I slike tilfelle må du faste før inngrepet, som ved andre operasjonar.
I sjeldne situasjonar er det nødvendig å gjere ein trakeotomi akutt. Dette er ein nødprosedyre som alle anestesilegar og mange kirurgar trenar på regelmessig. Trakeotomien er då ein livreddande prosedyre som blir gjord fordi legane ikkje klarer å etablere fri luftveg på annan måte, til dømes ved store ansiktsskadar eller ved alvorlege infeksjonar.
Dei fleste trakeotomiene blir gjort av anestesilegar på intensivavdelinga. Hos barn, og i nokre tilfelle hos vaksne, blir inngrepet gjort av øyre-nase-halskirurgar eller kjevekirurgar.
Det blir brukt litt ulike teknikkar: Anestesilegane bruker ein såkalla «perkutan dilatasjonsteknikk», medan øyre-nase-halslegane bruker «kirurgisk teknikk». For deg som pasient vil ikkje dei ulike teknikkane opplevast ulikt.
Legane lagar ei opning i huda i halsen og eit hol inn i luftrøyret. Det blir sett inn ein såkalla kanyle, eit pusterøyr. Kanylen blir sett inn med ein oppblåsbar «ballong» (cuff), som gjer at blod og slim ikkje renn ned i lungene. Når ballongen er oppblåsen, kan du ikkje snakke. Dersom det er nødvendig, kan vi kople respirator til kanylen.
Når trakeotomien blir gjord i samband med langvarig respiratorbehandling, er dette delvis fordi det då er lettare å venne seg av med pustehjelpa. Vi koplar respiratoren frå kanylen, og du kan sjølv puste gjennom han utan hjelp av pustemaskin i ein periode før kanylen blir fjerna. Du kan også snakke når ballongen ikkje er oppblåsen, og ein held for pustarøret når du pustar ut.
Når vi etter kvart fjernar kanylen vil holet i halsen (stomaet) lukke seg av seg sjølv, og det blir eit lite arr på halsen. Dersom trakeotomi blir gjort for å lage eit meir permanent pustehol ved for tronge øvre luftvegar, vil ein som regel behalde ein kanyle i opninga på halsen slik at holet held seg ope.
Vi held til 2. etasje i nybygget mot sørvest på Haugesund sjukehus.
For å kome til oss går du inn hovudinngangen, forbi Narvesen kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp opp til 2. etasje. Der finn du ei ventesone. På døra finner du eit telefonnummer du kan ringe.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund