Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Dersom urinrøyret har eit trongt parti, kan avløpet frå blæra vere vanskeleg. Dette kan føre til problem med å late vatnet og kan bli korrigert med operasjon. Målet med behandlinga er å betre urinstraumen og forhindre komplikasjonar. Ved nokre sjukehus kan operasjonen gjerast dagkirurgisk.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
Ikkje ta eigne medisinar på operasjonsdagen.
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
Du skal dusje og vaske håret heime, med vanleg såpe. Menn må trekke forhuda tilbake for god reingjering. Vask navle, hender og føter godt. Ikkje barber operasjonsområdet. Området må vere fritt for sår og kviser.
Bedøvinga du får er ei lett narkose eller spinalbedøving. Vi fører eit skop («kikkertrøyr») gjennom urinrøyret. Så spaltar vi opp det tronge partiet med ein kniv gjennom skopet. Etter operasjonen kan du få innlagt eit kateter, som blir fjerna før du reiser heim eller på poliklinikken nokre dagar etter.
Operasjonen varer i under éin time.
Etter operasjonen blir du liggande 1–2 timar på oppvakninga. Du får ete og drikke.
Det kan vere blod i urinen nokre dagar etter operasjonen.
Etter operasjonen er det viktig at du drikk rikeleg, cirka 1,5–2 liter per døgn (svarer til 10–15 glas) for å få god urinproduksjon og gjennomskyljing i kateteret.
Det er vanleg at det er litt blod i urinen, og langs kateteret den første tida etter operasjonen. Dette er fordi såret i urinrøyret held på å gro og det kan løyse sårskorper som gjer at det kan bli bløding. Gode drikkevanar (cirka 2 liter) kan bidra til god gjennomskyljing av urinvegane.
Om du skulle få problem med å late vatnet, få smerter/spreng i blæra eller penisområdet, må du oppsøke sjukehuset eller legevakta for å få hjelp.
Om du skulle oppleve smerte eller ubehag, at urinen endrar lukt og/eller at du har vedvarande svie i samband med vannlatningen, kan dette tyde på ein urinvegsinfeksjon. Du bør da ta med deg ei urinprøve og oppsøke eigen lege. I tillegg opplyser du om dette ved etterkontrollen på sjukehuset.
Du beheld kateteret i 3–7 dagar. Du vil få opplæring i korleis du handterer dette før heimreise.
Den første tida kan du vere plaga med hyppig vasslating og noko svie, men dette vil som oftast minke etter kvart.
Du blir eventuelt sjukmeld i nokre dagar. Har du behov for forlenging av sjukmeldinga må du ta dette opp med fastlegen din.
Det er vanleg å få ein kontrolltime ved poliklinikken etter denne operasjonen. Her vil du bli opplært i blokking av urinrøyret for å halde det ope. Det er svært viktig at du følger opplegget for kontroll og oppfølging som legen har gitt deg, elles kan du få tilbakefall av det tronge partiet. Oppfølginga etter operasjonen er individuell.
Av og til kan det oppstå ein infeksjon etter operasjonen, og da får du symptom som endring i vasslatinga, feber og smerter. Da må du oppsøke fastlegen eller sjukehuset for å ta ei urinprøve og eventuelt få vidare behandling.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund