Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ufrivillig vasslating hos barn

Årsaker til at barn tissar på seg om natta er sjeldan sjukdom. Ofte handlar dette om eit misforhold mellom blærekapasitet og urinproduksjonen og at barnet ikkje enno har lært seg å vakne av vasslatingsrefleksen. Dette «modnast» ofte når barna blir eldre. Nokre barn er også forstoppa, noko som kan påverke urinblæra negativt. Ein bør i så fall, i tillegg til gode toalettvanar og kosthaldsråd, starte med mjukande medisinar for å sikre dagleg avføring. Å tisse på seg er vanlegast hos gutar, og det er vanleg at det er fleire i familien har vore plaga med det same.

Årsaker til at barn tissar på seg på dagtid kan i sjeldne tilfelle vere pga sjukdom. Nokre barn utset å gå på toalettet, går få gonger, og kjenner etter kvart ikkje tissetrong. Andre har «overaktiv blære» som gjer at dei tissar ofte, tissar små mengder og har plutseleg sterk tissetrong. Av og til kan nyoppstått urinvegsinfeksjon vere årsak til ufrivillig vasslating.

Ta eit steg av gongen og start med tiltak mot å tisse på seg på dagtid først.

Urinblæra er som ein tøyeleg sekk og består av muskelvev (blir kalla detrusor eller detrusor-muskel). Den er annleis enn musklane i for eksempel armane og leggane våre ved at den ikkje blir kontrollert direkte av hjernen, men indirekte via refleksar. Dessutan finst det ein delvis viljestyrt ringmuskel (sfinkter) rundt urinrøyret som er samantrekt for å kunne halde tett. Ved 5–6 års alder vil dei nedre urinvegane fungere på følgjande måte: 

  1. Når blæra blir fylt opp og den avslappa detrusor-muskelen blir tøygd ut, blir ein gradvis meir tissetrengt (men det er inga hast).
  2. Barnet finn eit toalett og førebur tissing. Detrusor er framleis avslappa.
  3. Når barnet bestemmer seg for å tisse, blir detrusor sett i gang via reflekssignal frå hjernen.
  4. Detrusor pressar ut urinen, samtidig som sfinkter-muskelen slappar av.
  5. Sfinkter er avslappa så lenge detrusor arbeider, og detrusor held fram med å arbeide inntil blæra er tom.

Den vanlegaste blæreforstyrringa i barnealderen er overaktiv blære, det vil seie at detrusor-muskelen har tendens til å trekke seg saman utan førehandsvarsel, og kanskje utan å vere meir enn halvfull. Dette resulterer i at barnet kjenner ein plutseleg, uventa og sterk trong til å tisse (urge-følelse). Av og til kjem ei mindre eller større mengd urin ut i kleda. Det kan vere lett å tru at barnet ikkje merkar når det er tid for å gå på toalettet, men sanninga er at blæra ikkje fortel barnet at ho er i ferd med å trekke seg saman.

Nokre barn får som vane å utsette blæretømminga så lenge som mogleg ved å bruke ulike slags manøvrar, som for eksempel å sitte samankrøket med hælane pressa opp i skrittet. 

Forstopping kan også forårsake overaktiv blære. Årsaka er at den utvida endetarmen kan trykke på blæra bakfrå. Heile 30 prosent av barn med urininkontinens blir tørre ved hjelp av god behandling mot forstopping. 

Eit anna vanleg problem er at blæra ikkje blir heilt tømd. Dette er vanlegast hos barn som trekker saman sfinkter-muskelen medan dei tissar, eller at dei av gammal vane ventar for lenge før dei går på toalettet. Viss blæra ikkje er tilstrekkeleg tømd, er det ein klart auka risiko for blærebetennelse.

Tilvising og vurdering

Ufrivillig vasslating blir delt inn i enurese (sengevæting, nattinkontinens) og inkontinens på dagtid.  

Enurese er det same som med nattleg inkontinens. Det er oftast ein ufarleg tilstand hos elles friske barn over 5 år og førekjem hos minst 1/10 barn på 7 år og 1/20 barn på 10 år. Tilstanden kan som regel behandlast hos fastlegen. 

Urininkontinens kan i sjeldne tilfelle vere uttrykk for sjukdom som urinvegsinfeksjon, diabetes mellitus/insipidus, eller medfødde misdanningar.

Ifølge Helsedirektoratet har ikkje barn med dag-inkontinens < 6 år rett til oppfølging i spesialisthelsetenesta. Dersom det ikkje ligg føre mistanke om alvorleg underliggande patologi (nevrologisk sjukdom, diabetes mellitus, nyresjukdom eller residiverande urinvegsinfeksjonar med feber) tek vi derfor ikkje imot barn <6 år med problemstillinga daginkontinens. Dette kjem av at dei fleste barn blir tørre mellom 2 og 5 års alder. Behandling av daginkontinens er basert på uroterapeutiske prinsipp, og føreset at barnet er motivert. Behandlinga krev også ei kognitiv utvikling og forståing som barn < 6 år av erfaring ikkje har.

Det same gjeld for (nattleg) enurese hos barn < 10 år. Hos barn >10 år med enurese skal det også ha vore prøvd alarmmatte og/eller Desmopressin før tilvising.

Kva kan fastlegen gjere?

Sjå infoskriv frå Norsk foreining for allmennmedisin og Norsk barnelegeforeining (2025) om ufrivillig vasslating hos barn.

Når bør ein tilvise til barnelege?  

  • Mistanke om underliggande patologi
  • Inga betring etter minst eitt år med tiltak.
  • Ifølgje prioriteringsrettleiaren til helsedirektoratet: Barn med dag-inkontinens over 6 år og barn med enurese over 10 år kan vurderast tilvist.
  • Obstipasjonsbehandling må vere tilstrekkeleg forsøkt. Det bør vere dagleg avføring med konsistens som tannkrem. Sjå eige skriv om behandling av forstopping hos barn. 


Kva blir ønskt inkludert i tilvisinga til barnelege?

  • Beskriving av inkontinensproblematikken og type symptom.
  • Allmenntilstand.
  • Resultat frå undersøkingar beskrive i punktet «kva kan fastlegen gjere, undersøkingar».
  • Kva tiltak som er forsøkt.
  • Tilvekst 

Kva kan ein forvente etter at barnet har vore undersøkt hos barnelege? 

  • Barnelegen vil undersøke om det ligg føre somatisk årsak. Deretter vil det bli gjennomgått ein plan for behandling, og ei skissering av korleis fastlegen og eventuelt barnelegen kan følge opp pasienten vidare. 

Sjå også:

Vasslatingsforstyrringar hos barn – ei praktisk tilnærming (tidsskriftet.no)

Enkle tiltak for å betre barnet sine evne til å få kontroll på vasslatinga si

Blæreproblem kan ofte behandlast ganske enkelt – det handlar om å hjelpe barnet til å få kommandoen over hans/hennar eigen blære. Her er nokre grunnleggande råd:

  • Gå ofte på toalettet: kvar andre time eller om​trent seks gonger kvar dag (når barnet står opp om morgonen, midt på formiddagen, omkring lunsj, midt på ettermiddagen, seint på ettermiddagen og før sengetid).
  • Ikkje ha hastverk når du tissar! Gi blæra tid til å tømme seg fullstendig. Sitt med god støtte for begge lår og føter.
  • Ikkje drikk for lite. Omtrent éin liter med væske (mest vatn) per dag er nok.
  • Gutar kan stå eller sitte. Det er tilrådd at dei sit, for då slappar dei betre av i bekkenbotnen.
  • Ver merksam på teikn til forstopping.
  • Forklar for barnet korleis blæra verkar. Dette vil auke hans / hennar evne til samarbeid.
  • Unngå å presse urin ut med bekkenmuskulatur. La strålen renne fritt utan å trykke.

Blæretrening

Blæretrening er utgangspunktet i all behandling av barn med tisseproblem på dagtid. Målet er at barnet skal tisse ofte, regelmessig og fullstendig, og på denne måten lære å kjenne tissetrong og ta kontroll over blæra og tissinga.

Kva skal barnet gjere?

  1. Gå på do og tiss når du kjenner trong, aldri gå og ”hald” deg.
  2. Tiss til faste tider, sjølv om du​​ ikkje kjenner trong. Kor lang tid det skal gå mellom kvar gong du tissar avtalar du med helsesjukepleiaren, uroterapeuten eller legen.
  3. Den lettaste delen av jobben er å tisse rett etter at du har stått opp, og like før du legg deg. For resten av dagen må du velje faste tider.
  4. Tissetidene må vere tilpassa rutinane dine på skulen, SFO, heime og på fritidsaktivitetar. Sett deg ned med mamma og pappa og lag ein plan.
    Det er ikkje lett å hugse klokkeslett. Derfor bør tissetidene knytast til visse rutinar i kvardagen.
  5. Du må skrive dei avtalte tidene på eit skjema som du lærer deg utanåt, eller som du har med deg. Du kan bruke eit skjema som du får av legen, eller lage ditt eige.
  6. Det er ditt ansvar å passe tidene. Mamma, pappa, lærar på skulen eller vaksne på SFO kan gjerne hjelpe deg å hugse tidene, men dei kan ikkje gå på do for deg!
  7. Prøv å tisse på rett måte slik at du tømmer blæra. Ta deg god tid. Dette er viktig, alt anna kan vente. Sitt godt på doen med beina på golvet eller på ein skammel. Om du står, må du ta buksene heilt ned. Øv på å slappe godt av, og la tisset renne av seg sjølv.

Til mamma og pappa: Ikkje mas på barnet. Nøkkelord er pedagogikk og psykologi.

Treningsprogram for å oppnå god blærefunksjon

  • Barnet må ikkje halde seg, men tisse så snart det kjenner trong.
  • Barnet bør tisse til visse tider, anten det kjenner trong eller ikkje. Om dagen bør det ikkje gå meir enn 3 timar mellom kvar gong barnet tissar.
  • Barnet bør tisse like før det legg seg om kvelden og like etter at det står opp om morgonen, sjølv om det har vorte vått i senga.
  • Tissetidene må tilpassast dagsprogrammet til barnet/timeplanen til skulen. Nokre barn vil helst gå på do i eit friminutt, nokon vil heller gå i ein time. Læraren kan gjerne vere orientert slik at det blir lett å gå på toalettet på skulen.
  • Blæretrening er kognitiv trening, og barnet bør «eige» treninga sjølv. Det betyr at barnet må vere med på planlegging og vere ansvarleg for gjennomføringa sjølv. Foreldre/lærar kan oppmuntre/minne på, men må ikkje sjølv overta treninga. 
  • Barnet bør ta seg god tid når det tissar. Målet er ein avslappa bekkenbotn. Det bør sitje med god kvile for låra, ha føtene kvilande på golv eller skammel og gjerne bøye seg litt framover.
  • Det kan vere lurt å la ei vasskran renne. Barnet kan også prøve å tisse fleire gonger ved kvart dobesøk.
  • Gutar bør sette seg ned på do, spesielt om dei væter seg om dagen.

Daginkontinens barn

Daginkontinens er gjenteken urinlekkasje på dagtid etter at barnet har fylt 5 år. Opp mot 20 prosent av elles friske 5-åringar opplever episodar med inkontinens på dagtid. Blant 7-åringar reknar vi med at 6–9 prosent opplever dette. Informasjonen under gjeld for barn som er 5 år eller eldre, og som opplever lekkasje av urin på dagtid.

Kva kjem daginkontinens av?

Inkontinensproblem hos barn er vanlegare enn mange trur. Lenge trudde ein at det hovudsakleg var psykososiale grunnar til at barn ikkje vart «tørre» til forventa alder. Av og til er dette tilfellet, men hovudårsaka til urinlekkasje hos elles friske barn kjem av sein modning av den delen av nervesystemet som styrer blæra. «For bra» bleier (bleier som absorberer all fukt), manglande pottetrening og dårleg toalettmiljø på skulen kan bidra til å forseinke evna barnet har til å få kontroll på blæra.

Sengevæting

Barnet ditt tissar i senga. Sjølv om barnet sin eigen innsats er nødvendig og avgjerande, kan du gi god hjelp i form av støtte, trøyst, oppmuntring og praktisk hjelp. Her finn du råd for korleis du kan hjelpe barnet ditt. Ikkje alle råda er aktuelle til ei kvar tid for alle barn. Du bør sjølv og saman med terapeuten tilpasse råda etter ditt barns behov.

​​Sjølvtillit ved oppmuntring

Sengevæting er relativt vanleg blant skulebarn. At barnet ditt væter senga er ikkje hans/hennar feil. Ikkje kjeft, prøv å ikkje vise irritasjon, sjølv om det kan vere vanskeleg midt på natta. Prøv å ikkje vise at du er skuffa, men vis når du er fornøgd og gi ros. Premiering kan hjelpe enkelte, men kan også ha motsett effekt: det å ikkje få noko ein har håpa på, kan opplevast som urettferdig eller som eit nederlag.

Gjer barnet bevisst på utfordringa, og la barnet ta ansvar

Resultatet er i stor grad avhengig av barnet sin eigen innsats. For at barnet skal kjenne ansvar og involvere seg i behandlinga, bør foreldra trekke seg litt tilbake og la barnet ta initiativ og ansvar for dei ulike tiltaka: blæretømming før leggetid, registrering av tørre/våte netter, førebuingar av alarmsystem, inntak av medikament, snakke hos legen, osv.

Så lenge barnet bruker bleier, er det liten sjanse for framsteg. Ein kan avtale at det er barnet sjølv som vel dagen han/ho vil begynne utan bleie.

Uansett kva metode som blir vald, vil det bli ein del våte netter. Det er viktig at barnet blir bevisst arbeidet dette inneber ved at barnet gjer sin del av arbeidet, tilpassa alderen: barnet kan for eksempel ta av det våte lakenet og pysjen, og bere dette til vaskerommet. Dette må ikkje presenterast og oppfattast som straff, men heller som ei rettferdig arbeidsfordeling.

Å registrere tørre/våte netter er ein del av behandlinga. For at barnet skal bli meir bevisst og ta ansvar, må det sjølv føre lista. Foreldra kan hjelpe ved for eksempel å gå gjennom lista med barnet ein gong i veka.

Å redusere væskeinntaket om kvelden kan redusere talet på våte netter. Denne metoden hjelper likevel ikkje barnet å bli varig tørr, og blir i prinsippet ikkje anbefalt. Reduksjon av sengevæting kan likevel i nokre tilfelle vere positivt for sjølvtilliten til barnet og styrke motivasjonen.

Å vekke barnet for å tisse når foreldra legg seg eller om natta, lærer ikkje barnet å vere tørr. Viss barnet ikkje er heilt vaken, kan ein til og med risikere å lære han/henne å tisse medan han/ho søv.

Mange sengevætarar søv tungt. Det er viktig at dei får nok søvn, spesielt når dei får avbrote søvn i samband med sengeskift eller alarm. 

Råda er henta frå Norsk enureseforum: Sengevæting: Råd til foreldra (PDF)

Alarmbehandling er ei effektiv og trygg behandling mot sengevæting. Ein følar som reagerer på fukt blir plassert i trusa, og denne er kopla til ei berbar eining med alarm. Det finst også stasjonære alarmar som kan plasserast ved sida av senga.

Korleis verkar alarmen?

Formålet er å lære barnet å reagere på kjensla av ei full urinblære. Når barnet vaknar av alarmen, blir bekkenmuskulaturen stramma og stoppar urinstraumen. Etter kvart vaknar barnet tidlegare og kan stoppe vasslatinga tidlegare. Deretter vaknar barnet før vasslatinga er i gang, og til slutt klarer barnet å hemme vasslatinga utan å vakne. Slik vil det etter kvart få kontroll over blæra.

Praktisk gjennomføring

Både foreldre og barnet må vere motivert for å gjennomføre behandlinga, det krev ein skikkeleg innsats.

  • Det er lurt å la barnet sjølv bestemme når han/ho skal begynne.
  • Unngå feriar og periodar der det er vanskeleg å følge rutinar.
  • Registrer våte/tørre netter 2 veker før oppstart, under behandlinga og i minst 4 veker etter at alarmen er fjerna.
  • Ikkje bruk bleier i behandlingsperioden, men vern madrassen på andre måtar. Barnet skal heller ikkje takast opp eller vekkast på andre måtar for å tisse.
  • Barnet skal sjølv kople til alarmen og skru av alarmen raskast mogleg. Barnet skal sjølv gå på do og tisse (sjølv om det ikkje kjennest nødvendig), skifte til tørre klede og gjerne hjelpe til med å skifte på senga. Det er tilstrekkeleg med éin alarm per natt, det er ikkje nødvendig å kople alarmen til på nytt.
  • Mange barn vaknar ikkje sjølv av alarmen i starten. Ein av foreldra bør då ligge på same rom, vekke barnet og hjelpe med at det kjem seg opp, får av alarmen og går på toalettet. Etter ei veke må barnet ta ansvar sjølv og klare seg utan hjelp.
  • Det er ein fordel at rommet ikkje er heilt mørkt. Då er det lettare å finne alarmen, og det verkar mindre skremmande. Søsken bør ikkje sove på same rom.
  • Alarmbehandlinga kan forstyrre søvnen. Er barnet svært trøytt, kan det ha problem med å vakne. Derfor er det viktig å passe på at barnet får nok søvn.


Kor lenge skal behandlinga halde fram?

I mange tilfelle ser ein betring allereie etter 2–3 veker. Ved god effekt held ein fram til det er fire tørre veker etter kvarandre, overlæring er nyttig. Ved tilbakefall må ein starte på nytt utan opphald.

Nokre barn søv veldig tungt. Dersom barnet ikkje vaknar av seg sjølv etter 2 vekers trening, kan ein legge alarmtreninga til side – då er det ikkje nyttig å halde fram. Ta ein pause og forsøk gjerne på nytt etter at det har gått litt tid.

Det er viktig at behandlingsopplegget ikkje blir prega av slit, pessimisme og negative tilbakemeldingar til barnet. Foreldra bør prøve å vere entusiastiske, oppmuntrande og optimistiske.

Det er avgjerande at barnet får oppfølging av fagpersonell, helsesjukepleiar, lege, eller uroterapeut.

Henta frå: Norsk Enureseforum - Alarmbehandling ved nattenurese (PDF)

 

Sengevæting – informasjon til helsestasjonar og primærlegar

Nattenurese utan andre symptom og funn, er eit svært vanleg problem hos barn. I litteraturen finn ein litt varierande frekvens, men det gjeld ca. 40 prosent av alle 3-åringar, ca. 20 prosent av alle 5-åringar, ca. 10 prosent av alle 6-åringar, og 3 prosent av alle 12-åringar. Sengevæting blir derfor rekna som eit normalfenomen inntil 6–7 års alder.

Sjukehuset får svært mange tilvisingar på barn som slit med enurese. Vi har ikkje høve til å gi tilbod til denne store gruppa, og meiner også at dette først og fremst er ei oppgåve for foreldre i samarbeid med primærhelsetenesta.

Ifølgje Helsedirektoratet har ikkje barn med dag-inkontinens < 6 år rett til oppfølging i spesialisthelsetenesta. Dersom det ikkje ligg føre mistanke om alvorleg underliggande patologi (nevrologisk sjukdom, diabetes mellitus, nyresjukdom eller residiverande urinvegsinfeksjonar med feber) tek vi derfor ikkje imot barn <6 år med problemstillinga daginkontinens. Dette kjem av at dei fleste barn blir tørre mellom 2 og 5 års alder. Behandling av daginkontinens er basert på uroterapeutiske prinsipp, og føreset at barnet er motivert. Behandlinga krev også ei kognitiv utvikling og forståing som barn < 6 år av erfaring ikkje har.

Det same gjeld for (nattleg) enurese hos barn < 10 år. Hos barn >10 år med enurese skal det også ha vore prøvd alarmmatte og/eller Desmopressin før tilvising.

Vi ønsker å bidra til at primærhelsetenesta kan gjere ein god jobb for desse barna, og har derfor utarbeidd informasjon som vi gjerne sender ut på førespurnad, og som ved behov kan delast ut til for eksempel foreldre.

Vi har også sjukepleiarar på poliklinikken med spesiell kompetanse som kan kontaktast på dagtid dersom ein treng råd.

Nokre konkrete råd

Alderen for å starte behandling er avhengi av kor moden barnet er. Om ikkje barnet sjølv eig problemet er det ofte vanskeleg å komme til målet. Då kan det vere betre å utsette det til barnet blir eldre.

  • Informasjon og positiv oppmuntring krev mindre modning hos barnet enn alarm og medikamentell behandling.
  • Vi anbefaler at ein ventar med medikamentell behandling og alarm til etter 7–8 år, elles "bruker ein dette opp" i eit tidsrom der barnet vanlegvis ikkje har glede av det.
  • Hugs: Barn som væter seg har rett på bleier på blå resept frå fylte 6 år ved dagvæting, og frå fylte 8 år ved nattevæting. Bruk diagnose F98.0 (ICD10) og send søknad til NAV.
  • Alarm kan kjøpast på www.gymo.no. Tilrådd alarm heiter Malem enuresealarm med lyd og vibrasjon. Pris er ca. kr 1600,-
  • Ei god nettside om sengevæting er www.svenskaenures.se. Her er det informasjon på svensk, arabisk og engelsk.


Medikamentell behandling

Desmopressin smeltetablett 120 ug og 240 ug. Blir ordinert på blå resept av alle legar §2 F980 (ICD 10).

Smeltetablett blir lagd under tunga 1–2 timar før leggetid. Unngå å drikke etter inntak. Vasslating blir tilrådd like før innsovning. 

Det kan vere ein god idé å vege bleier i 1–2 veker før ein startar behandlinga, og dei første 1–2 vekene etter igangsett behandling. Då vil ein sjå om behandlinga har effekt ved at det blir laga mindre urin på natta. 

Ved god effekt: Hald fram med effektiv dose i 3 månader, deretter pause. Vent minst 2 veker utan behandling. I tilfelle residiv kan ein velje eitt av følgjande tiltak:

  • å starte igjen for ein meir eller mindre forlengd periode. Seponeringsforsøk kvar 3. månad
  • å bruke medikamentet berre ved spesielle behov (overnatting, leir etc.)

Desmopressin eller alarmapparat som førsteval?

Alarm har best effekt på lang sikt, og bør, der det er mogleg, vere førstevalet.

Desmopressin kan veljast først viss motivasjonen til barnet ikkje er optimal, eller dersom det er vanskeleg å gi tett oppfølging for foreldre eller primærhelsetenesta. 

Men – vi tanbefaler at både alarm og desmopressin blir utsett til etter fylte 7–8 år, og det er klar motivasjon hos barnet.

Spesielle tilfelle

Behandlingsresistens: Ta pause og vent til barnet er klar for nytt forsøk. Hald kontakt og forsøk for eksempel alarm igjen etter eit år.

Hos barn som også er obstipert bør obstipasjonen behandlast før sengevæting.
30 prosent av barn med urininkontinens blir tørre ved hjelp av god behandling mot forstopping.

Barn med nattleg luftvegsobstruksjon med snorking eller søvnapné kan bli tørre etter tonsillectomi/adenoidectomi.

Sist faglig oppdatert 29.07.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.