Ultralyd av urinblære og nyrer

Ultralyd er høgfrekvente lydbølgjer. Lydhovudet på ultralydapparatet sender lydbølgjer inn i kroppen og registrerer bølgjene som kjem i retur. Lydbølgjene blir fanga opp, analyserte og omdanna til eit bilete, som vi kan beskrive.

Noko av det vi kan sjå på ultralyden

Med ultralyd kan vi måle storleiken på nyrene og sjekke om det er væske i dei, eller om det er synlege cystar. Både blære og nyrer blir sjekka for nyrestein.

Ultralyd kan også måle kor mykje urin som eventuelt er igjen i blæra etter vasslating.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell vise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.

Les meir på helsenorge.no

Tilvisinga skal innehalde beskrivingar av områda i sjekklista under.

 

  1. Namnet til pasienten, fødselsnummer, korrekt adresse og telefonnummer, eventuelt namn på føresette.
  2. Namnet på den som tilviser, adresse og telefonnummer.
  3. Diagnosen og beskrivinga til pasienten av korleis plagene påverkar dagleg funksjon knytt til arbeid, utdanning og fritid (fysisk, psykisk og sosialt).
  4. Andre forhold som kan påverke rehabiliteringsevna (komorbiditet, inkludert psykiske lidingar og rusmiddelproblem).
  5. Oppdatert oversikt over legemiddel må leggjast ved.
  6. Opplysningar om trygde- og arbeidsstatus.
  7. Vurder om pasienten har behov for tolk.
  8. Dersom aktuelt, gi opplysningar om smittestatus som krev isolasjon på sjukehus (til dømes MRSA, ESBL, VRE).
  9. Angi problemstillinga med bakgrunn for tilvisinga så konkret som mogleg. Kva er det konkrete målet til pasienten/motivasjon for rehabiliteringa? Opptrening/rehabilitering er for uspesifikt.
  10. Kva tiltak er prøvde ut lokalt i 1. linjetenesta?
    • Kva effekt hadde tiltaka?
    • Kva eigenaktivitet/eigentrening gjer pasienten i det daglege?
  11. Har pasienten ein individuell plan?
  12. Er pasienten vurdert av spesialist? I så fall, legg ved epikrisa frå vurderinga.
  13. Har pasienten tidlegare motteke rehabiliteringsopphald/poliklinikk/dagtilbod i spesialisthelsetenestene (offentleg/privat) for same tilstand/diagnose?
    • Dersom ja, kva tilbod?
  14. Kva har lokale oppfølgingstiltak bestått av i etterkant av rehabiliteringsopphaldet?
  15. Kva har tilkomme av nye funksjonstap etter eventuelt rehabiliteringsopphald i spesialisthelsetenesta og/eller lokale oppfølgingstiltak?

Før

For å få til ei god undersøking er vi avhengige av at det er urin i den blæra vi skal sjå på. Det er derfor fint om du ikkje går på toalettet 1-2 timar før undersøkinga.

Under

Ultralyddiagnostikk skjer utan noko form for inngrep. Det blir utført ved hjelp av eit lydhovud som blir ført over huda der dei aktuelle organa ligg. Undersøkinga gjer ikkje vondt.

Etter

Til slutt får du ein samtale med lege og uroterapeut som går gjennom resultata saman med deg. Du får høve til å stille spørsmål.

Så vurderer vi vidare oppfølging. I nokre tilfelle får du dei endelege resultata under oppsummeringssamtalen. Resultata blir sende til den som har vist deg og andre som eventuelt skal følgje deg opp.

Kontakt