Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøkelse, evt. fjerning av testikkel

Dersom du har ein nyoppdaga svulst i testikkelen, må du gjennom ein operasjon som er kalla orchiektomi. Funna som blir gjort under operasjonen, avgjer om det er nødvendig å fjerne testikkelen. Operasjonen blir gjort via eit snitt i lysken. Vanleg bedøving er narkose, eventuelt spinalbedøving.

Før

Før operasjonen

Før operasjonen skal du ha samtale med sjukepleiar, anestesilege og kirurg som informere deg om sjølve operasjonen. Her får du også tilbod om sædbanking, det vil seie nedfrysing av sæd, og eventuelt tilbod om testikkelprotese.

Vi tar blodprøvar og urinprøve.

Dersom det er mistanke om testikkelkreft vil det bli tatt ein CT, vanlegvis før operasjonen.

Operasjonsdagen

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. ​

På sjukehuset blir du bedt om å dusje og fjerne hår frå operasjonsfelt.
Du får tilbod om roande og smertestillande medisinar

Under

Operasjonen blir gjort via eit snitt i lysken. Vanleg bedøving er narkose, eventuelt spinalbedøving. 

Funna som blir gjort under operasjonen, avgjer om det er nødvendig å fjerne testikkelen. Hvis vi må fjerne testikkelen, kan du i dei fleste tilfelle få tilbod om testikkelprotese.






Etter

Etter operasjonen ligg du på avdelinga til bedøvinga har gått ut.

Så lenge du ikkje er plaga av kvalme, får du mat på ettermiddagen. Du bør vere mest mogeleg i ro den dagen du har operert. 

 

Ved heimreise

  • Som regel får du reise heim dagen etter operasjonen.
  • Det er vanlegvis ikkje nødvendig med sårskift heime, bortsett frå ved dusjing. 
  • Hvis vi har er sydd med utvendige sting, blir disse fjerna hos fastlegen cirka ti dager etter operasjonen.  
  • Unngå tunge løft og harde fysiske anstrengjingar den første månaden etter operasjonen. 
  • Vidare behandling / kontrollavtalar blir bestemt i kvart enkelt tilfelle. Om det blir påvist testikkelkreft blir du følgt opp videre av kreftavdelinga.
  • Eventuell sjukemelding og resepter får du ved utreise. 


Ver merksam

Får du smerter, feber eller at det siver væske fra såret, må du kontakte fastlegen.

Sist faglig oppdatert 23.04.2021

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund