Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Enterokokkar er ei gruppe bakteriar som finst i tarmen hos alle menneske og dyr. VRE er ei forkorting for «Vancomycinresistente enterokokkar», det vil seie enterokokkar som har vorte motstandsdyktige (resistente) mot eit antibiotikum som heiter vankomycin. Fordi mange antibiotikatypar då ikkje verkar, kan det vere vanskeleg å behandle infeksjonar med desse bakteriane.
VRE skilst ut i avføring og kan finnast på huda og hendene, og nokre gonger i spytt eller urin. Bakteriane kan også finnast i omgivnadene rundt ein person som er smitta, til dømes på nattbord, sengetøy, dørhandtak og inventar på baderommet. Derfrå kan dei overførast til dei som tek på dette.
Smitten blir vanlegvis overført via hendene til munnen. God handhygiene er det viktigaste tiltaket for å unngå smitte.
VRE er sjeldan i Noreg, men vanlegare i mange andre land, og innlegging på sjukehus i utlandet gir større risiko for å bli smitta.
VRE lever som regel fredeleg i tarmen utan at ein sjølv blir sjuk. Denne tilstanden kallar ein «VRE‐berarskap» eller «kolonisering». Bakterien kan forsvinne av seg sjølv, men det kan ta mange månader og i enkelte tilfelle år.
Dersom bakterien forårsakar ein infeksjon, fører den oftast til urinvegsinfeksjon, men andre infeksjonar kan også finnast.
Personar med alvorleg sjukdom og nedsett immunforsvar (til dømes kreft) er mest utsette for å bli sjuke av VRE. Derfor er det spesielt viktig å hindre smitte i sjukehus.
Sjølv om mange antibiotika ikkje verkar, vil det som regel vere mogleg å behandle infeksjonar med VRE. Det finst inga effektiv behandling som fjernar bakteriane frå tarmen (berarskap).
Handvask eller spriting av hendene er det viktigaste tiltaket for å hindre spreiing av VRE.
Ved innlegging i sjukehus vil du vanlegvis få einerom og eige toalett. Helsepersonalet og besøkande bruker som regel verneutstyr som smittefrakk og hanskar, eventuelt også munnbind og briller. Skittentøy blir samla i ein eigen gul sekk på rommet.
Vanlegvis må du opphalde deg på rommet under heile sjukehusopphaldet. I nokre tilfelle er det mogleg å gå ut av rommet etter nærare avtale med personalet.
Ja, men det må takast forholdsreglar for å unngå at besøkande blir smitta eller spreier smitte til andre:
Sjukehuspersonalet vil informere ytterlegare om kva forholdsreglar som gjeld for pårørande som skal opphalde seg lenge på sjukehuset.
Når du har komme heim, kan du leve som normalt, men det er likevel nokre få ting du bør gjere:
Har du spørsmål, kan du få informasjon av den behandlande legen din eller sjukepleiar.
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund