Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Biopsi er ein liten vevsbit som blir tatt ut for å få fastslått ein diagnose. Legen bruker ultralyd eller røntgen ved biopsitaking for å vere sikker på at prøva blir tatt frå rett stad. Ei nål blir stukken gjennom huda til det aktuelle området som det ønskes biopsi av.
Undersøkinga krev ingen førebuing.
Det aktuelle området på brystet blir vaska med desinfiserande væske. Du får lokalbedøving før biopsien. Biopsien blir tatt under ultralydrettleiing for å sikre at han blir tatt av rett område.
Av og til blir det behov for å ta røntgenrettleidd biopsi. I dei fleste tilfelle blir det mens gjort du ligg på ein benk med brystet plassert på ei plate. Ei øvre plate blir senka ned og det blir lagt press på brystet. Undervegs blir det tatt bilde for å sikre at vi får tatt biopsien av rett område. Området på brystet blir vaska med desinfiserande væske. Du får lokalbedøving før biopsien blir tatt.
Biopsien blir send til patologen for undersøking og diagnostikk. Det kan ta nokre dagar før svar du får svar. Du kan dra heim etter undersøkinga.
Det er vanleg å få ei blodblemme i brystet etter prøvetakinga.
Dersom det oppstår ei større bløding som du ikkje klarer å stoppe sjølv ved å trykke mot plasteret, kontakt fastlege eller legevakt.