We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Utdanningsplan

Psykiatri - minimum 5 år

Utdanningsplanen gjeld for Lege i spesialisering (LIS3) i vaksenpsykiatriske avdelingar i Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna. Det omfattar psykisk helsevern ved Haugesund sjukehus, Valen sjukehus, Stord DPS (SDPS), Folgefonn DPS (FDPS) og Haugaland DPS (HDPS).

Den overordna utdanningsplanen skisserer eit «idealløp» og er eit rettleiande dokument. Ikkje alle LIS vil starte i akutteneste, og både kurs og læringsmål (LM) er rettleiande. Fleire av læringsmåla kan oppnåast gjennom fleire læringsarenaer, og nokre kan ikkje godkjennast før mot slutten av spesialiseringsløpet. For at ein læringsarena skal godkjennast, krevst det vanlegvis minst 3 månader samanhengande teneste. Det vert likevel tilrådd at ein gjennomfører 9-12 månader samanhengande teneste ved kvar læringsarena. 

Døme på utdanningsløp: 

  • Akutteneste: 12 månader.  
  • Rehabiliteringsteneste: 9-12 månader. 
  • Fordjupningsteneste: 9-12 månader. 
  • Poliklinikkteneste: 12 månader. 
  • Valfri teneste: 12-18 månader. 

Klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna er organisert i to  sjukehuseiningar, Haugesund og Valen, samt tre Distriktspsykiatriske sentre (DPS). Begge sjukehusa har akutt- og ØH-funksjon for sine opptaksområde Haugaland/Sunnhordland. DPS skal ha ansvar for hovuddelen av dei allmennpsykiatriske tenestene, inkludert poliklinikk, dagbehandlingstilbod og døgntilbod. 

Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna har godkjenning for utdanning av legespesialistar innan:  

  • Barne- og ungdomspsykiatri (BUP) 
  • Psykiatri (VOP) 
  • Rus- og avhengighetsmedisin (RAM) 

På Haugalandet vart det hausten 2025 oppretta ny avdeling for rus- og avhengighetsmedisin (ARA) med følgjande einingar: avgiftningspost, poliklinikk for tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB), TSB rehabiliteringspost og poliklinikk for legemiddelassistert rehabilitering (LAR).  

Organiseringa av tilbodet innan BUP og RAM vert ikkje nøye omtalt i denne teksten i høve LIS-utdanning i psykiatri. 

Opplæringsarenaer for psykiatri (VOP) i Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna 

I Helse Fonna finst det to sjukehus-DPS-system der LIS kan gjennomføre heile utdanningsløpet sitt: 

  • I rotasjon mellom Valen sjukehus – Folgefonn DPS, inkludert TSB (og BUP) – Stord DPS/BUP inkludert TSB. 
  • I rotasjon mellom Haugesund sjukehus – Haugaland DPS (og BUP og ARA). 

Valen sjukehus 

Valen sjukehus er eit reint psykiatrisk sjukehus, lokalisert på Valen i Kvinnherad kommune. 

Døgnpostar: 

  • Lukka akuttpost Valen: Godkjend for akutteneste. 
  • Eining for psykosebehandling: Langtidspsykosebehandling med heile føretaket som opptaksområde. Godkjend for rehabiliteringsteneste. 
  • Eining for sikkerheitspsykiatri: Godkjend som fordjupningsteneste i sikkerheitspsykiatri. Posten er den lokale sikkerheitsposten (LSA) til Helse Fonna og har heile føretaket som opptaksområde. Etter individuelle avtalar tar eininga også imot sikkerheitspasientar frå andre helseføretak. 
  • Eining for sikkerheit og rehabilitering: Heile føretaket som opptaksområde. Godkjend for rehabiliteringsteneste. 

Poliklinikk:  

  • Fact-sikkerhet: Organisert som eit ambulerande sikkerheitsteam og knytt til både sikkerheits- og sikkerheits-rehabiliteringspost.  Teamet gjennomfører valdsrisikovurdering og følgjer opp dømde pasientar i overgang frå døgnopphold til reetablering i kommune. Arbeidet skjer i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid. 

Vaktsystem:  

Valen sjukehus har felles vaktsystem heile døgnet (24/7) med  forvakt og bakvakt (alltid spesialist i psykiatri/overlege) i lag med behandlarar på FDPS og SDPS. 

Kliniske læringsmål: 

Av 82 læringsmål kan følgjande ikkje oppfyllast ved Valen sjukehus:  

  • Læringsmål 004 (behandlingsløp ved allmennpsykiatrisk poliklinikk kan gjennomførast under rotasjon til FDPS/SDPS)  
  • Læringsmål 005: Liaison (kan gjennomførast under rotasjon til SDPS.) 
  • Læringsmål 016: ECT (kan gjennomførast under rotasjon til SDPS.) 

For å oppnå dei aktuelle læringsmåla er forventa tenestetid minst 2 år:  

  • Akutteneste (lukka akuttpost): rundt 1 år  
  • Rehabilitering/langtidsbehandling (Sikkerheit – Rehabiliteringspost og Psykosepost): 9 månader - 1 år  
  • Fordjuping (Sikkerheitspost + Fact-sikkerheit-poliklinikk): 9 månader -1 år.  

Folgefonn DPS (FDPS) 

Folgefonn DPS er lokalisert på Valen, men har også ein poliklinikk i Odda.  

Døgnpostar: 

  • Allmennpsykiatrisk sengepost: Open sengepost godkjent for Fordjupningsteneste for Korttidsintervensjon. Godkjent for behandling på tvang ihht. Lov om psykisk helsevern.  
  • Psykosepost: Godkjent for rehabiliteringsteneste. Godkjent for behandling på tvang ihht. Lov om psykisk helsevern. 
  • Det er ei brukarstyrt seng og ei kriseseng tilknytt døgnposter ved FDPS.  
     

Poliklinikkar: 

  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk: Lokalisert på Valen og i Odda. I tillegg til individualterapi og eBehandling, tilbys fleire gruppebehandlingar som treningspoliklinikk, musikkterapi og ADHD gruppebehandling. Poliklinikken tilbyr hastetimar ved tilvising.  
  • FACT-team: Ambulerande behandlingstilbod for personar med alvorlege psykiske lidingar, ofte i kombinasjon med rusproblem. Tilbodet er retta mot personar som treng langvarig og integrert innsats frå fleire tenester. Teamet er godkjent for behandling etter lov om psykisk helsevern og tvang utan døgnopphald (TUD). 
  • TSB-poliklinikk: Lokalisert i Odda og på Valen, og er ein integrert del av allmennpoliklinikk. I tillegg til individualterapi og eBehandling vert det gjeve tilbod om LAR behandling. 

Vaktsystem:  

Felles vaktsystem 24/7 med  forvakt og bakvakt (alltid spesialist i psykiatri/overlege) i lag med behandlarar på Valen sjukehus. 

Kliniske læringsmål: 

Av 82 læringsmål kan følgjande ikkje oppfyllast ved avdelinga:  

  • Læringsmål 002: møte akutte pasientar ved lukka akuttpost. (Kan gjennomførast under rotasjon til Valen sjukehus)  
  • Læringsmål 003: følgje pasientforløp i lukka akuttavdeling. (Kan gjennomførast under rotasjon til Valen sjukehus)  
  • Læringsmål 005: kan gjennomførast ved tilsyn, Odda sjukehus og under rotasjon til SDPS.  
  • Læringsmål 016: sjølvstendig ECT-behandling. (Kan gjennomførast under rotasjon til SDPS)  

Forventa varigheit av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga er minst 2 år:  

  • Poliklinikk: rundt 1 år  
  • Fordjuping i subakutt behandling (Døgnpost F): 9 månader- 1 år.  
  • Rehabilitering/langtidsbehandling (Døgnpost E): 9 månader - 1 år 

Stord DPS (SDPS) 

Stord DPS er lokalisert på Stord i Sunnhordland vis-a-vis Stord sjukehus. I tillegg er det knytt til ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP Stord).  

Døgnpost: 

  • Allmennpsykiatrisk post: Open sengepost, handterer TPH-pasientar. Godkjent for rehabiliteringsteneste, og samarbeider med FACT-poliklinisk teneste. Døgnposten tilbyr akuttinnleggelser for pasientar som ikkje treng lukka døgntilbod og kan forholda seg til døgnposten sine rammer.  

Poliklinikkar: 

  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk: I tillegg til individualterapi og eBehandling, tilbys fleire gruppebehandlingar innan depresjon, livsmeistring, ADHD og angst. Poliklinikken tilbyr akuttvurdering/rask bistandstime ved tilvising. 
  • TSB-poliklinikk: I tillegg til individualterapi og eBehandling, vert det gjeve tilbod om LAR behandling. 
  • FACT-team: Ambulerande behandlingstilbod for personar med alvorlege psykiske lidingar, ofte kombinert med rusproblem, som treng langvarig og integrert innsats frå fleire tenester. Er òg knytt til allmennpsykiatrisk post. 

Vaktsystem:  

Det er etablert eit eige vaktsystem inn mot SDPS, døgnavdelingar og Stord sjukehus, og somatikk.  

Kliniske læringsmål: 

Av 82 læringsmål kan følgjande ikkje oppfyllast ved avdelinga:   

  • Læringsmål 002: møte akutte pasientar ved lukka akuttpost. (Kan gjennomførast under rotasjon til Valen sjukehus)   
  • Læringsmål 003: følgje pasientforløp i lukka akuttavdeling. (Kan gjennomførast under rotasjon til Valen sjukehus)     

Forventa varigheit av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga er minst 2 år:   

  • Poliklinikk (alle team): rundt 1 år   
  • Langtidsbehandling/Rehabilitering (Døgnpost og Rehab.-team): 9mnd - 1 år  
  • FACT-poliklinikk godkjent som fordjupningsteneste: 9mnd - 1 år 

Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus 

Psykisk helsevern, Haugesund sjukehus ligg i bygningar som er knytte saman med dei somatiske avdelingane ved Haugesund sjukehus. Haugesund sjukehus har også felles akuttmottak for somatikk og psykiatri. 

Døgnpost: 

  • Akuttpost: Lukka sengepost. Godkjent for akutteneste.  

Poliklinikkar: 

  • Nevropsykologisk poliklinikk: Gjennomfører nevropsykologiske undersøkingar av pasientar med kognitive utfordringar i alle aldrar. Gjer tilbod til pasientar innanfor somatikk, psykisk helsevern og TSB/LAR. 
  • Biologiske behandlingsformer: Tilbyr biologiske behandlingar til pasientar med depressive lidingar. Dette kan være kognitiv terapi og teknologibaserte behandlingar som elektrokonvulsiv terapi (ECT) og transkraniell magnetisk stimulering (TMS).  
  • LUP = Lærevansker og utviklingsforstyrrelsespoliklinikk: Gjev tilbod om behandling og utgreiing av pasientar som har både psykisk liding og generelle lærevanskar. Teamet har ein regionalt nettverks-/tyngdepunktsfunksjon for pasientar med samtidig autisme, utviklingshemming og åtferdsforstyrring. Godkjent for fordjupningsteneste.
  • PIS = Psykiske helsetjenester i somatikk: Tilbyr psykologisk og psykiatrisk helsehjelp til pasientar som er innlagd på somatiske avdelingar og har psykiske helseutfordringar. Dei tilbyr i tillegg tilsyn på vegne av klinikk for psykisk helsevern og rus til pasientar tilhøyrande somatiske avdelingar på dagtid i vekedagar. 

Kliniske læringsmål: 

Av 82 læringsmål kan følgjande ikkje oppfyllast ved avdelinga.    

  • Læringsmål 004: behandlingsløp ved allmennpsykiatrisk poliklinikk. (Kan gjennomførast under rotasjon til HDPS)     

Forventa lengde av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga er minst 2 år:   

  • Akutteneste: rundt 1 år   
  • Fordjuping i : 
    - Poliklinikkar LUP/PIS: 9 månader - 1 år 
    - Alderspsykiatrisk post (ligg under somatikk/Eldremedisin) : 9 månader - 1 år 
    - ARA (avdeling rus og avhengighet): 9 månader - 1 år  

Haugaland DPS (HDPS) 

Haugaland DPS er lokalisert med bygg både i Haugesund og på Karmøy (Kopervik).  

Døgnpostar: 

  • Allmennpsykiatrisk post – Haugaland DPS, Haugesund. Godkjent for fordjuping. Handsamar pasientar på TPH. Døgnposten tilbyr akuttinnleggingar for pasientar som ikkje treng lukka døgntilbod og kan forholda seg til døgnposten sine rammer. 
  • Allmennpsykiatrisk post – Haugaland DPS, Karmøy. Godkjent for fordjuping. Handsamar pasientar på TPH. 
  • Psykosepostar (2 stk.) - Haugaland DPS, Haugesund. Døgnavdelingane har tett samdrift med psykosepoliklinikk om fellesforløp. Saman med psykosepoliklinikk har døgnavdelingane bygd ut behandlingsalternativ i form av IMR grupper, livsmeistringsgruppe, fleirfamiliegrupper og musikkterapi.  Handsamar dei fleste TPH-forløpa. Godkjent for fordjuping og rehabiliteringsteneste. Den eine døgnposten tilbyr akuttinnleggelser for pasientar som ikkje treng lukka døgntilbod og kan forholda seg til døgnposten sine rammer. 

Poliklinikkar: 

  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk: Tilbyr individualterapi i tillegg til e-Behandling, dialektisk atferdsterapi (DBT), arbeidsretta behandling (arbeid og helse), samt 4 dagars behandling B4DT.  
  • Psykosepoliklinikk: Har utgreiingsteam som tar imot nytilviste, udiagnostiserte pasientar i tillegg til å avhjelpa i kompliserte saker i psykosekjeda. Godkjend for TPH. Har ACT-team med Haugesund kommune, samt eit FACT-team. Desse teama gir eit ambulerande behandlingstilbod for personar med alvorlege psykiske lidingar, ofte kombinert med rusproblem, som treng langvarig og integrert innsats frå fleire tenester. 

Vaktsystem: 

Akutt ambulant team (AAT): AAT er eit ambulant akuttilbod betjent av psykolog og lege som gjer akuttvurderingar 08-22 og som inngår som del av vaktsystem med psykiater i bakvakt. Teamet er leia av psykologspesialist med vedtakskompetanse. AAT utgjer eit tverrfagleg team med LIS og bakvakt saman med psykolog/psykologspesialist. Teamet har portvaktsfunksjon og gjennomfører ambulante vurderingar, som alternativ til akuttinnlegging.     

Kliniske læringsmål:

Av 82 læringsmål kan følgjande ikkje oppfyllast ved avdelinga:    

  • Læringsmål 002: Møte akutte pasientar ved lukka akuttpost. (Kan gjennomførast under rotasjon til Haugesund sjukehus, akuttpost.)   
  • Læringsmål 003: Følgje pasientforløp i lukka akuttavdeling. (Kan gjennomførast under rotasjon til Haugesund sjukehus, akuttpost.)   
  • Læringsmål 005: Liaison. (Kan gjennomførast under rotasjon til Haugesund sjukehus, akuttpost). 
  • Læringsmål  016: sjølvstendig ECT-behandling. (Kan gjennomførast under rotasjon til Haugesund sjukehus, akuttpost.)   
  • Læringsmål 045-047: (kan gjennomførast under rotasjon til ARA) 

Forventa varigheit av teneste for å oppnå aktuelle læringsmål ved avdelinga rundt 3 år:   

  • Poliklinikk: rundt 1 år   
  • Langtidsbehandling/rehabilitering (psykosepost): 9 månader - 1 år   
  • Fordjuping korttidintervensjon (allmennpsykiatrisk post): 9 månader - 1 år. 

I tillegg er det knytt ein barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP Haugesund) til regionen. Her ligg også døgnposter med ØH-funksjon for barn i alderen 6-12 år og for ungdom i alderen 13-18 år. 

Godkjenningsstatus 

Pr. 1.1.2026 har Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF, følgjande godkjende utdanningsinstitusjonar: 

  • Valen sjukehus (avdeling Valen sjukehus) – Lukka akutt-, fordjupings-, og rehabiliteringsteneste. 
  • Haugesund sjukehus (avdeling psykisk helsevern Haugesund) – Lukka akutt-, og fordjupingsteneste 
  • Folgefonn DPS – Poliklinikk allmennpsykiatri og rehabilitering- og fordjuping teneste. 
  • Stord DPS – Poliklinikk allmennpsykiatri, rehabiliteringsteneste og fordjupningsteneste  
  • Haugaland DPS – Poliklinikk allmennpsykiatri og rehabilitering-, og fordjupingsteneste 

 Innen valfri teneste kan blant anna følgjande vere gjeldande: 

  • BUP Haugesund/Stord/Kvinnherad 
  • LUP, Haugesund sjukehus 
  • ARA (TSB) 
  • Diverse somatiske avdelingar Stord/ Haugesund 
  • Allmennmedisin i kommunane 

Utdanningsløpa 

LIS kan gjennomføre utdanningsløp på tvers av alle einingar i Helse Fonna HF, på tvers av dei to rotasjonsområde nemnt innleiingsvis i denne planen. Det er blitt utarbeidd eit flyt-skjema der LIS3 enkelt kan orientere seg om krav og anbefalingar gjennom det 5-årige utdanningsløpet i Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna: Utdanningsplan i psykiatri, minimum 5 år  

Det er semje om at utdanningsløpa bør starta på akuttpostane, anten på Valen sjukehus eller ved Akuttavdeling psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, og vare i minst eitt år før LIS kan rotera vidare til spesialiserte postar. Her er det gunstig å rotera først innan sjukehus, før ein byter institusjon til DPS-postane. I slutten av utdanningsløpa, minst det siste året, når LIS er komen langt i utdanninga si, er det godt forsvarleg og nødvendig for LIS å arbeida i poliklinikk. 

I avdelingar kor LIS3 arbeider, skal det til ei kvar tid vere tilsett overlege i 100 % stilling.  

Som hovudregel skal éin overlege ikkje rettleie meir enn to LIS. 

Utdanningsutval og utdanningsansvarleg overlege 

I klinikk for psykisk helsevern og rus har ein definert ein namngjeven overlege som har ansvar for kvar sin spesialitet (BUP, VOP og RAM). Utdanningsutvalet for BUP og VOP har møter kvar månad. 

Leiar for utdanningsutvalet (overlege) sin funksjon er: 

  • Leia UTUV 
  • Leia Rotasjonsutvalet 
  • Planleggja undervisning for LIS 
  • Tildela psykoterapirettleiarar til LIS 
  • Rådspørjing ved behov 

Utdanningsutval psykiatri (UTUV) består av:  

  • Overordna utdanningsansvarleg overlege som leiar 
  • Lokal utdanningsansvarleg overlege frå kvar avdeling  
  • 2 LIS som kvar representerer Haugalandet/Haugesund og Sunnhordland/Kvinnherad/Hardanger 
  • Koordinator (klinikkdirektørens stab).  

Rotasjonsplan , -utval/Plankomité for utdanning (PKU) 

Klinikken har tre rotasjonsutval (Haugalandet VOP, Sunnhordland VOP og BUP) som skal ivareta fordeling av utdanningskandidatar ved dei ulike tenestestadene. Formålet er å optimalisera progresjonen og sørgje for godkjent innhald i tenesta for den enkelte utdanningskandidaten. 

Rotasjonsutvalet består av: 

  • Leiar for overordna utdanningsutval (kan rådspørjast) 
  • Representant for LIS, medlem i UTUV 
  • Lokal utdanningsansvarleg overlege  
  • Avdelingsleiarane er medlem i rotasjonsutvalet. 

Utvalet lagar ein rotasjonsplan to gonger i året i samband med rotasjon, med grunnlag i ønskjer frå LIS3, med mest mogleg formålstenleg utdanningsløp for kvar enkelt LIS og driftsmessige omsyn. Ansiennitet har forrang i tråd med ønskja rotasjon. 

Det blir tilstreba fire faste rotasjonsdatoar: 1. desember, 1. mars, 1. juni og 1. september. 

Introduksjon av nye LIS 

Avdelingsleiar, som er ansvarleg for tilsetjing i lag med utdanningsansvarleg overlege i avdelinga eller avdelingsoverlege, sørgjer for at LIS får tildelt klinisk rettleiar (overlege ved aktuell post) ved tilsetjing og før oppstart av praktisk jobb.  

Tenesteplan skal også føreliggja før oppstart (avdelingsleiaransvar). 

Kort tid etter oppstart, vil LIS3 bli introdusert til vaktsystemet gjennom minst 3 følgjevakter, der vedkommande følgjer ein erfaren LIS3  både på vekedagar og i helgevakter. Under desse følgjevaktene blir det gitt opplæring i oppbygginga og rutinane i vaktsystemet av erfaren LIS3.  

Nye LIS3 som blir tilsette, går så tidleg som mogleg gjennom nødvendig opplæring i øvrige lokale prosedyrar for den avdelinga eller poliklinikken dei blir knytte til.   

Usikkerheiter i kjerneområde som suicidvurderingar, psykiatrisk status presens, journalskriving, eller lovverk bør prioriterast i dei første timane saman med klinisk rettleier (vanlegvis overlege på posten). 

LIS får, og bør etterspørje, informasjon om utdanning og spesialisering frå utdanningsansvarleg overlege i avdelinga, eller frå leiar av utdanningsutvalet i Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna. 

Individuell gjennomføringsplan 

Individuell gjennomføringsplan blir utarbeidd i samarbeid mellom LIS, klinisk rettleiar og utdanningsansvarleg overlege i avdelinga under den første rettleiingstimen,  basert på kor i utdanningsløpet LIS startar. Planen beskriv læringsmål og ønskte læringsarenaer (inkludert valfrie avdelingar). Med utgangspunkt i den individuelle gjennomføringsplanen blir rotasjonplanen bygd opp for LIS.  

Spesialistkandidaten har sjølv hovudansvaret for eiga utdanning, inkludert ansvar for påmelding til eksterne kurs osv., og avdelingsleiinga er forplikta til å leggje til rette for utdanninga. Planen skal difor administrativ godkjennast av avdelingsleiar. 

LIS kan fullføre heile spesialistutdanninga med naudsynt teljande teneste gjennom eit felles rotasjonssystem i klinikken. 

Utdanningsansvarleg overlege i avdelinga har, saman med spesialistkandidaten og klinisk rettleiar, ansvaret for halvårleg evaluering og årleg revisjon av individuell gjennomføringsplan. I revisjonen tek ein omsyn til dei utdanningsbehova som kjem fram ved evalueringane av kandidaten sine individuelle utdanningsplanar. 

Supervisjon, klinisk rettleiing og fagleg utvikling 

Det er eit linjeansvar å leggja til rette for gjennomføring av rettleiarsamtaler med kompetente rettleiarar. Ved tilsetjing vil alle LIS få tildelt ein klinisk rettleiar som er spesialist i faget. Oppstart av rettleiing skjer frå veke éin etter tilsetjing.  

Rettleiinga av LIS skal leggjast inn i kalenderen som ei ordinær oppgåve (avansert oppgåveplanlegging (AOP) i GAT) for å sikra at det blir sett av tilstrekkeleg tid og ressursar både for LIS og klinisk rettleiar.  

Innan psykiatrisk spesialisering er det lagt opp til at det blir sett av éin time kvar veke til individuell rettleiing. Talet på timar med rettleiing, samt innhaldet,  skal kort registrerast i Kompetanseportalen (helst i, eller rett etter, rettleiinga). 

I tillegg kjem dagleg supervisjon i konkrete arbeidssituasjonar, utført av særleg erfarne medarbeidarar som også kan vera frå andre faggrupper.  

I løpet av det fyrste året vil også LIS3 få tildelt ein psykoterapirettleiar.  

Tilrettelegging for fagleg fordjuping 

Fagleg fordjuping er avsett lesetid på fire timar per veke, som fortrinnsvis skal vere samanhengande. Eventuelt kan timane samlast slik at dei utgjer ein heil arbeidsdag annakvar veke. Fagleg fordjuping skal også leggjast inn i AOP (Gat). 

Deltaking i faglege møter skjer ved at LIS skal delta i inntaksmøter, morgonmøter, vurderingar av tilvisingar og legemøte. 

Overlegane har dagleg kontakt med LIS i vanleg drift. Overlegane er  også tilgjengelege per telefon for LIS i det daglege arbeidet. Dessutan vil LIS ha tett kontakt med overlegane gjennom vaktsamarbeid (forvakt-bakvakt). 

Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål, blant anna halvårsevaluering.

Læringsaktivitetar blir fortløpande dokumenterte av LIS3, i tillegg til dokumentasjon frå klinisk rettleiar i rettleiingstimane, eller av supervisor etter LIS har sendt ei skildring av gjennomført aktivitet til godkjenning. 

Kompetansen og progresjonen til LIS blir regelmessig kartlagde i halvårsevalueringar.  

Evalueringskollegiet er samansett av LIS, klinisk rettleiar og eventuelt psykoterapirettleiar. Vidare kan aktuelle supervisorar og utdanningsansvarleg overlege i avdelinga, eller leiar for utdanningsutval bli inviterte. Avdelingsleiar eller leiar på anna nivå skal delta dersom det er behov for det. 

Læringsaktivitetar blir fortløpande dokumentert av LIS3 i individuelle kompetanseplanar i Kompetanseportalen som vert tildelt av ansvarshavande leiar ved oppstart av tilsetjingsforhold. Leiar har ansvaret for at læringsmåla blir godkjende. Oppgåva blir oftast delegert til klinisk rettleiar (eventuelt utdanningsansvarleg overlege i avdelinga). Ved å leggja til rette for at fleire deltar i kompetansevurderinga av LIS3 under, eller i tilknyting til, halvårsvurderinga, sikrar ein likebehandling og ei mest mogleg korrekt kompetansevurdering. Det kan i tillegg nyttast vurderingsskjema som støtte (til dømes mini- CEX / 360-graders-evaluering). 

Det er vanleg at andre enn avdelingsleiar får delegert godkjenningsoppgåver i LM, sidan dei fleste avdelingsleiarar ikkje har legespesialitet. Likevel er det eit leiaransvar å leggja til rette for at LIS kan gjennomføre utdanninga si. Avdelingsleiar står difor, sjølv ved delegering, endeleg ansvarleg for godkjenninga. 

Ved rotasjon av LIS3 blir siste referat frå halvårsevalueringa presentert for den som skal vere framtidig klinisk rettleiar på neste avdeling. 

Teoretisk undervisning 

Utdanningsutvalet i klinikken (UTUV) har ansvar for oppsetjing av program to gonger i året og for administrering av den teoretiske undervisningsdelen for LIS-kandidatane.  

LIS3-undervisning på Stord er obligatorisk for alle LIS3. 

Budsjett for undervisninga er inkludert i direktørbudsjettet.  

Den teoretiske undervisninga i klinikken er lagt opp etter gjeldande reglar for spesialistutdanninga i psykiatri. Internundervisning utgjer minimum to timar kvar veke, med minst 18 undervisningar á to timar per semester, det vil seie minimum 72 timar per år. 

LIS3-undervisninga er lokalisert til Stord DPS (møteplass) og er organisert i partalsveker. Undervisninga består då av to undervisningsøkter (2 x 2 timar) per undervisningsdag, for å redusera reisetida for dei fleste av LIS-ane. Internundervisninga er lagt til eit tidspunkt der alle LIS er ferdige med vaktrapport, og det er teke omsyn til aktuelle båtruter for å unngå unødvendig mykje reisetid. 

Det er tilstreba at LIS samla står for minst halvparten av undervisningane, som eige framlegg. 

Éin fast overlege er til stades ved kvar undervisning og har ansvar for eventuelle bytte o.l. 

Minst to gonger kvart semester er det lagt opp til heildagsseminar med relevant tema, gjerne med eksterne førelesarar frå ulike universitetsmiljø.  

I undervisninga er det inkludert tre samlingar som litteraturgruppe, obligatoriske for LIS, leia av respektive psykoterapirettleiarar og med litteratur vald ut frå hovudtema i semesteret. Det er lagt til rette for bruk av listene med tilrådd litteratur frå Norsk psykiatrisk foreining og Psykoterapiutvalet. 

Det har også vore tradisjon for å arrangera eit psykoterapiseminar mot slutten av semesteret, knytt til tematikken og ofte basert på skjønnlitteratur. 

Roterande 4,5 års plan for tema i internundervisning for LIS  

Planen har som mål å omfatta flest mogleg læringsmål (LM) for psykiatrien, samt ein del felles kompetansemål (FKM). Aktuelle utgreiingsverktøy må inkluderast over fleire semester. 

1.år 

1.semester: Utviklingspsykologi, barn som pårørande, nevrobiologiske utviklingsforstyrringar (inklidert autismespekter, ADHD og utviklingshemming). 

2.semester: Avhengigheits- og rusmedisin.

2.år

1.semester: Litteratursøk, psykofarmakologi, psykisk helsevernlov.

2.semester:Personligheitsforstyrringarog ulike psykoterapiformer. 

3.år

1.semester: Affektive lidingar, ECT, TMS og spiseforstyrringar.

2.semester:Psykoselidingar, jus- og rettsmedisin,suicid- og valdsrisiko, konflikthandtering. 

4.år

1.semester, Angst, tvangslidingar og traume.

2.semester: Alderspsykiatri, liaisonpsykiatri,somatikk- og organiske lidingar, nevropsykologisk utgreiing.

5.år  

1.semester: Forskingssemester; litteratursøk, etikk og vitskapsfilosofi, (fokus på obligatoriske, skriftlege oppgåver).

Læringsmål VOP  

Det er 82 LM i VOP, og ein del aktivitetar i spesialiseringa kan gje utteljing på fleire LM samtidig. Det er nyttig å jamleg sjå i Kompetanseportalen og LM for signering av læringsaktiviteter. 

Læringsaktiviteter er tilrådde aktivitetar som kan føra til godkjenning av læringsmål. Det er også mogleg å oppnå læringsmål på annan måte. Det krev oftast eit evalueringskollegium, som skal vurdere den gjennomførte aktiviteten opp mot krava for fullføring av læringsmåla. Klinisk rettleiing bør signerast kvar gong, eller minst éin gong per månad, med ei kort setning om temaet i rettleiinga. 

Felles kompetansemål (FKM) 

RegUt Helse Vest er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus, Bergen, i forskings- og utviklingsavdelinga, seksjon for fag og utdanning. RegUt i Helse Vest skal sikra regional og nasjonal samordning av læringsaktivitetar, kursoversikt og utdanningsløp.  

Helse Fonna bidreg i utviklinga av desse aktivitetane gjennom UtRåd-vest, som er samansett av alle utdanningsansvarlege overlege-leiarar frå alle dei fire helseføretaka i helseregion Vest (Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger), samt éin privat aktør i regionen. UtRåd skal sørgja for ei kvalitativ lik utdanning i alle helseføretaka. Innspel frå UtRåd og RegUt blir fortløpande implementert i Klinikk for psykisk helsevern og rus. 

FKM for LIS3 består av 14 læringsmål (LM). Desse er reviderte og trer i kraft 01.03.26. Læringsmåla skal i hovudsak oppnåast gjennom dagleg arbeid i klinikk eller avdeling. I tillegg, for å kunna oppfylla alle FKM-måla, er det etablert følgjande: 

  • Grupperettleiing *1 
  • Simulering og ferdigheitstrening 
  • Rettleiing 
  • Undervisning 
  • Sjølvstudium 
  • Kurs med følgjande tema: 
    • Sakkyndig arbeid 
    • Administrasjons- og leiarkurs 
    • Rettleiarkurs 
    • Regionalt todagars basiskurs i FKM 
    • Kommunikasjonskurs («4 gode vaner») 
    • E-læringskurs i samval 

1* Det blir planlagt fire årlege samlingar der FKM blir dekte på Stord og i Haugesund.  

Krav om deltaking i grupperettleiing kan oppfyllast på Stord gjennom fagovergripande gruppesamlingar for alle LIS3 frå Folgefonn DPS, Valen sjukehus, Stord DPS og somatikk på Stord sjukehus. Grupperettleiinga foregår dermed innan både somatikk og psykiatri. I Haugesund blir det oppretta grupperettliing for LIS3 i psykiatri, ikkje i samarbeid med somatikk.  

I gruppene blir det drøfta problemstillingar som er relevante for alle LIS3. Her kan ein dela erfaringar og kome med innspel, både frå både psykiatri og somatikk. Jamleg deltaking er venta å dekkja relevante FKM-mål, i tillegg til tiltaka som er nemnde ovanfor.  

KM 009: Kvalitets- og forbetringsarbeid :  = tidlegare “Forbetringsprosjekt”  FKM-LM 042, FKM-LM 32 

Det er nå krav om deltaking i forbetringsarbeid som går føre seg i post, poliklinikk eller administrasjon der den aktuelle LIS-en jobbar. Det er eit leiaransvar (den respektive avdelingsleiaren) å informere LIS3 om pågåande prosjekt. Saman med klinisk rettleiar må ein finne ein form for deltaking der LIS3 best kan bidra i arbeidet. 

Forsking 

Forsking og innovasjon lyser ut stimuleringsmidlar, fortrinnsvis retta mot ferdigstilling av prosjektprotokollar, slik at ein i neste omgang kan søkje ekstern finansiering av prosjekt. Vidare er klinikken med i PsykNettVest, som årleg lyser ut stimuleringsmidlar som LIS kan søkje på. 

Klinikken deltar aktivt i PsykNettVest. Gjennom dette samarbeidet blir det gitt tilbod om:                       

  1. Skrivekurs 
  2. Stimuleringsmidlar 
  3. Forskingsnettverk 
  4. Kvalitetsregister 
  5. Nyheitsblad til alle medarbeidarar med informasjon om forsking 

Vi har fleire psykiatrar og psykologspesialistar med PhD-kompetanse. Medarbeidarar i klinikken som arbeider med forskingsprosjekt, anten som del av eit PhD-løp eller som postdoktor, er knytte til forskings- og innovasjonsavdelinga i ulike stillingsstorleikar. 

I klinikken er det eit eige undervisningssemester smed forsking som tema, med mål å gjennomføre «forskingsrelatert arbeid» og andre meir omfattande skriftlege arbeid. Semesteret blir avslutta av forskarane med respektive tema. 

LIS blir oppmoda til å delta i forsking som del av utdanninga (FKM-LM 13, ua). 

Simulering og ferdigheitstrening 

Helse Fonna har eit felles simuleringssenter for både somatikk og psykiatri. Simuleringskoordinator er rådgivande og gir støtte til klinikkane i planlegging, gjennomføring og evaluering av simulering.Fasilitatorane forpliktar seg til å gjennomføra simuleringar for eigne avdelingar, halde seg fagleg oppdaterte og opptrer som pedagogiske rollemodellar for kollegaene sine. 

Av obligatorisk simulering blir særleg MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) nemnd. MAP er utvikla for å auke kompetanse i å forstå, førebyggje, handtere og følgje opp aggresjons- og valdsproblematikk.  

Tillitsvalde 

LIS i Klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna har to tillitsvalde. Det er éin klinikktillitsvald som også fungerer som lokal tillitsvald for Haugesund sjukehus og Haugaland DPS. Sunnhordland har også ein eigen lokal tillitsvald for Valen sjukehus, Folgefonn DPS og Stord DPS. 

Ved tilsetjingsprosessar for LIS bør tillitsvalde få høve til å fremja sine synspunkt, og det blir tilstreba at tillitsvald deltek i tilsetjingsprosessen. Leiinga skal snarast mogleg orientere tillitsvalde om tilsetjingar. Nytilsette blir informerte om kven som er tillitsvald, og korleis dei kan ta kontakt (telefon og e-post).  

Tillitsvald godkjenner tenesteplanar for LIS i klinikken, både ved oppretting og ved fornying av tenesteplanar. 

Tillitsvalde deltek jamleg i møte med representantar frå leiinga, og har også høve til å ta kontakt med leiinga utanom desse møta dersom det er behov.  LIS kan ta kontakt med tillitsvald dersom det er behov for å drøfta saker. 

Tillitsvald deltek på tillitsvaldskurs i regi av Legeforeininga for å halda seg oppdatert på gjeldande avtaler og lovverk. 

Kontakt 

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med utdanningsansvarleg overlege eller avdelingsleiar. 

Last updated 4/27/2026