Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Jobb i Helse Fonna

Moglegheiter for sjukepleiarstudentar

Å jobbe på sjukehus medan du studerer gir erfaring du tek med deg vidare i utdanninga og arbeidslivet. Hos oss får du erfaringar og innsikt du ikkje finn andre stader. Du får bruke kunnskapen din saman med erfarne kollegaer og bli kjend med pasientar, arbeidsoppgåver og fagmiljøet du ein dag kan bli ein del av.

Stipendstilling

Dersom du har studentstilling, bind du deg til å jobbe eit visst tal helger i løpet av eitt år, i tillegg til fem veker i sommarferien året etter at avtalen blir inngått.

Du får eit fast stipend utbetalt kvar månad. I tillegg får du ei arbeidsavtale med ein stillingsprosent som er rekna på grunnlag av helgene du jobbar.

Du opparbeider deg ansiennitet, noko som gjer at du seinare kan stige raskare i lønn.

Les meir om Stipendstilling for sjukepleiarstudentar - Helse Fonna HF

Helgestilling og feriestilling

Her blir du normalt tilsett i ei prosentstilling med faste helger. Du kan også vere ringevikar utan faste helger.

Feriestilling er arbeidd berre i sommarferieperioden.

Når avdelingane har behov, blir det lyst ut ledige helgestillingar som du kan søkje på. Bemanningssenteret lyser jamleg ut stillingar der du kan få tilbod om å jobbe ved flere avdelingar.

Ferievikariat blir lyst ut årleg, og du kan då ønskje både avdeling og sjukehus. Dette er pleieassistentstillingar.

Arbeidstid

Vi ønskjer å leggje til rette for at jobb og studium skal fungere godt saman. Dei fleste avdelingane har fleksible årsplanar som gir deg høve til å påverke eigne arbeidstider. Nokre avdelingar tilbyr også 12-timars vaktar (langvakter), slik at du kan samle arbeidstida og få lengre friperiodar.

Derfor bør du jobbe hos oss

Fagleg breidde og variasjon

Hos oss møter du pasientar med eit breitt spekter av diagnosar og behov. Du får ein variert arbeidsdag og erfaring med både akutte og komplekse pasientforløp. Du tek del i behandling og pleie, også av alvorleg sjuke og skadde pasientar, og kjem tett på pasientane og det tverrfaglege samarbeidet på sjukehuset.

Pasientgrupper og oppgåver varierer med avdelinga. Oppgåvene vil bli tilpassa kompetansen din og opplæringa du har fått.

Sterke fagmiljø

Du jobbar tett saman med legar, fysioterapeutar, bioingeniørar, radiografar og andre yrkesgrupper. Du får lære av erfarne kollegaer og blir ein del av eit tverrfagleg miljø. Det gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, læring og samarbeid på tvers av fagområde.

Vi samarbeider tett med universitetssjukehusa i Bergen og Stavanger. Haugesund sjukehus ligg dessutan rett ved Høgskulen på Vestlandet, noko som gir eit nært samarbeid mellom utdanning og praksis. Vi har også tett samarbeid med VID vitenskapelige høgskole i Sandnes og Bergen.

Høgare ansiennitet

Hos oss tel all tidlegare arbeidserfaring etter fylte 18. år som ansiennitet, uavhengig av yrke. Det betyr at du kan opparbeide deg høgare ansiennitet raskare enn mange andre stader.

Arbeid gjennom stipendavtale eller helgestilling gir deg eit betre utgangspunkt når du er ferdig utdanna og skal ut i arbeidsmarknaden.

Inkluderande miljø

Som student hos oss blir du ein del av arbeidsmiljøet på lik linje med andre tilsette. Du får tilgang til fleire av velferdstilboda våre og blir invitert inn i både faglege og sosiale fellesskap.

Kompetanseutvikling

I spesialisthelsetenesta får du tilgang til kurs, opplæring, fagdagar, øvingar og vidareutdanning. Mange spesialiseringar og karrierevegar startar her. Du kan byggje kompetanse over tid og spesialisere deg innan fleire fagområde.

Mange vegar vidare

Som sjukepleiar i spesialisthelsetenesta har du mange moglegheiter til å utvikle deg vidare gjennom vidareutdanning og klinisk erfaring.

Nokre døme er:

  • Intensivsjukepleie
  • Operasjonssjukepleie
  • Anestesisjukepleie
  • Gastrosjukepleie
  • Barnesjukepleie
  • Kreftsjukepleie
  • Jordmorutdanning
  • Psykiatrisk sjukepleie
  • Akuttsjukepleie
  • Dialysesjukepleie
  • Diabetessjukepleie
  • Kardiologisk sjukepleie

Du treng ikkje velje med ein gong

I spesialisthelsetenesta kan du prøve deg innan mange fagområde før du bestemmer deg for kva retning du vil gå. Du kan til dømes starte karrieren innan:

  • medisinsk sengepost
  • kirurgisk sengepost
  • akuttmottak
  • operasjon
  • psykiatri

Mange sjukepleiarar oppdagar kva dei trivst med først etter å ha prøvd ulike fagområde. Hos oss får du moglegheita til å utforske fleire vegar før du vel din vidare karriere.

Er du ny i Haugesund eller på Haugalandet?

Gjennom Welcome Hub Haugalandet kan du få hjelp til å bli kjend i regionen, byggje nettverk og møte andre som er nye på Haugalandet. Her finn du praktisk informasjon om livet i regionen, sosiale møteplassar og arrangement som gjer det lettare å finne seg til rette både som student og framtidig arbeidstakar.

Studentliv og fritid

Sist oppdatert 05.10.2026