Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein sjukepleiar på eit medisin lager

Stipendstilling for sjukepleiarstudentar

Hos oss får du lære mykje om sjukepleie i eit godt miljø med kjekke kollegaer. Når du går sjukepleien kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får både løn, fagleg utvikling og stipend.

Få erfaring, lønn og stipend hos oss

​​​​Det er svært lærerikt å jobbe i sjukehus under studiet, og du tar med deg ei erfaring du ikkje finn andre stader. Hos oss får du også bruke kunnskapen saman med erfarne kollegaer og bli kjend med pasientar, arbeidsoppgåver og fagmiljøet du ein dag kan bli ein del av.

Du kan søkje stipendstilling i Helse Fonna frå første studieår. Du får lønn for arbeidet ditt og eit stipend på 20 000 kroner på første og andre studieår, eller 30 000 kroner på tredje studieår.

Du arbeider ti helger og fem veker om sommaren. To av helgene er i løpet av sommarvekene. Vi planlegg turnusen saman med deg og prøver å tilpasse han til studiekvardagen din.

Stipendet blir utbetalt i månadlege ratar.

Er du på første året?

Er du på første året, treng du ikkje kunne alt eller ha lang erfaring frå helsetenesta. Ein sommarjobb på sjukeheim eller sjukehus kan vere ein fin start. Der får du erfaring med pasientkontakt og samarbeid, og eit godt grunnlag for resten av studiet. Slik erfaring kan også vere ein fordel når du søkjer stipendstilling. Du er likevel velkommen til å søkje stipend hos oss no. Fortel oss kva du har gjort så langt, kva du har lyst til å lære, og kvar du helst vil jobbe.

Finn ein stad som passar for deg

Vi har stipendstillingar i Haugesund, på Stord og i Odda, og ved Valen. I søknaden kan du skrive kva arbeidsstad og avdeling du helst ønskjer deg, og kva praksis du har hatt gjennom studiet.

Søk på utlysinga som gjeld ditt studieår og arbeidsstaden du ønskjer.
Du finn lenkjene under. Vi behandlar søknader etter kvart som dei kjem inn, så du kan søkje allereie no.

Send søknad

1.års studentar

Vi har dessverre ikkje fleire ledige stipendstillingar for førsteårsstudentar dette studieåret. Nye stipendstillingar for studieåret 2027–2028 blir lyste ut våren 2027. Vi håpar du vil søkje då!

Sist oppdatert 16.10.2026