Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein sjukepleiar med eit apparat for måling av hjarterytme

Frå forelesningssalen til sjukehuset

Lønn, stipend og verdifull arbeidserfaring. For sjukepleiarstudenten Ingeborg Huse har jobben på Haugesund sjukehus gitt meir enn ekstra inntekt. Ho får også kunnskap og erfaring som kjem godt med i studiet og seinare i arbeidslivet.

Tekst og bilete: Anne Grethe Nilsen
Publisert 03.11.2026

Ingeborg har fast sjukepleiarstipendstilling på sjukehuset. I over eitt år har 19-åringen jobba kvar tredje helg på hjarteposten, i tillegg til å ta ekstravakter på lungeposten. Ho er også ringevikar og stillar på kort varsel når det trengst.

Til dagleg går ho andre året på sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen på Vestlandet.

Eit trygt møte med sjukehuset

Oppgåvene hennar handlar om å pleie og følgje opp pasientar som er innlagde. Det omfattar mellom anna dagleg stell, gjere målingar, servering av mat og sørgje for at pasientane har det bra og kjenner seg trygge.   

Sjølv om ho har teori i botn frå vidaregåande skule og sjukepleiarstudiet, er det noko heilt anna å oppleve pasientbehandling i praksis på sjukehuset.

– Det har vore ei bratt læringskurve. Det eg lærer på skulen, får eg raskt knytt til situasjonar på jobb. Eg har fått mange knaggar å henge kunnskapen på og ei betre forståing av pensum. Ikkje minst føler eg at eg får stort utbytte av å jobbe her, både når det gjeld læring og erfaring som eg kan ta med meg vidare.
Ingeborg Huse

Den første tida på sjukehuset hugsar ho som positiv.

– Det kjendest trygt. Eg blei godt ivareteken og fekk god hjelp, og sjølv om eg blei kasta litt ut i det, var det forståing for at eg ikkje kunne alt med ein gong. Det gjorde starten mykje enklare.

No som ho har eitt år med erfaring bak seg, kjenner ho seg godt heime på avdelinga.   

– Sjølv om eg er student, er eg likevel ein del av teamet. Dei andre er flinke til å ta meg med på ulike prosedyrar så eg kan lære korleis alt fungerer.

Ein sjukepleiar med eit apparat for måling av hjarterytme

Ein del av teamet

Ei av oppgåvene hennar er å ta målingar av innlagde hjartepasientar. Målingane er viktige for å følgje med på helsetilstanden og gir eit grunnlag for legevisittane.

Teori blir praksis

Overgangen frå studentlivet til arbeidslivet på eit travelt sjukehus kan vere stor og gi mange inntrykk, også for Ingeborg som har erfaring frå tidlegare jobbar innan helse.

– Det som kanskje overraska meg mest, var kor mange prosedyrar det eigentleg er. Og kor krevjande det kan vere å ivareta enkelte pasientar. Nokre krev meir oppfølging enn andre, og det varierer frå eldre til yngre pasientar, forklarar ho.

Ein sjukepleiar som trillar ei sjukehusseng ut av heisen

Ei god erfaring

Som sjukepleiarstudent får Ingeborg verdifull erfaring gjennom praktiske oppgåver på sengeposten.

– Eg ligg eit steg føre i studiet

Til medstudentane sine har ho ei klar oppmoding.

– Eg vil anbefale alle sjukepleiarstudentar å søkje stipendavtale her. Du får både stipend, lønn og kjempebra arbeidserfaring.

Ho meiner det er mange fordelar ved å jobbe ved sidan av studiane.

– I klassen merkar eg at eg har ein stor fordel. Kunnskapen min ligg ofte på eit høgare nivå enn mange andre. Eg har lært mykje ved å lese rapportar og gjennom samarbeidet med legar. Dette er erfaringar og kunnskap du ikkje får andre stader enn på sjukehuset.

Ein sjukepleiar finn fram mat på ei tralle

Grip moglegheitene som kjem

Ingeborg har også eit godt råd til dei som skal følgje same veg.

– Bli med på alt du kan. Dersom ein lege skal gjere ei undersøking, spør om du kan vere med. Er det ei roleg vakt, spør teamsjukepleiaren om å vise deg korleis medisineringa blir gjennomført. Eg lovar deg, det er både lærerikt og spennande.

Dette får du med stipendstilling

  • Du kan søkje stipendstilling i Helse Fonna frå første studieår.
  • Du får lønn for arbeidet ditt og eit stipend på 20 000 kroner på første og andre studieår, eller 30 000 kroner på tredje studieår.
  • Du arbeider ti helger og fem veker om sommaren. To av helgene inngår i sommarvekene.
  • Vi planlegg turnusen saman med deg og prøver å tilpasse han til studiane dine.

Vil du vite meir eller søkje stipendstilling: Stipendstilling for sjukepleiarstudentar - Helse Fonna HF