Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik søkjer du jobb hos oss

Har du funne ein jobb du har lyst på? Her får du vite korleis du søkjer jobb i Helse Fonna, kva du bør ha klart før du søkjer, og kva som skjer etterpå.

Finn ein jobb som passar for deg

Alle ledige stillingar i Helse Fonna finn du på nettsida vår.

Les stillingsannonsen for å sjå kva arbeidsoppgåver jobben har, og kva kvalifikasjonar vi ser etter. Sjekk også søknadsfristen.

Sjå alle ledige stillingar

Registrer søknaden din

Vi bruker Webcruiter til å ta imot jobbsøknader.

Slik går du fram:

  1. Opne stillingsannonsen og klikk på «Søk på stillinga»
  2. Logg inn eller opprett ein brukar i Webcruiter
  3. Fyll inn opplysningar om utdanning og arbeidserfaring
  4. Skriv søknaden din og legg ved relevant dokumentasjon
  5. Kontroller opplysningane og send inn søknaden

Har du søkt jobb gjennom Webcruiter tidlegare, kan du bruke opplysningane du allereie har registrert. Hugs å oppdatere CV-en dersom noko har endra seg.

Kva bør du skrive i søknaden?

Du treng ikkje å skrive langt. Det viktigaste er at vi får vite kven du er, kvifor du ønsker jobben, og kva du kan bidra med.

Fortel gjerne litt om:

  • Kvifor du ønsker å jobbe hos oss
  • Utdanninga og erfaringa di
  • Kva som gjer deg aktuell for stillinga

Er du student eller nyutdanna? Du kan også fortelje om praksis, sommarjobbar eller anna relevant erfaring.

Hugs å leggje ved dokumentasjon

Registrer utdanning og arbeidserfaring i CV-en din, og legg ved dokumentasjon som er relevant for stillinga. Dette kan vere:

  • Vitnemål og karakterutskrifter
  • Arbeidsattestar
  • Autorisasjon eller lisens dersom stillinga krev det
  • Andre dokument som er etterspurde i annonsen

Sjekk at opplysningane er riktige før du sender inn søknaden.

Bruk gjerne Vitnemålsportalen

I Vitnemålsportalen kan du hente ut og dele resultat frå høgare utdanning. Du kan også laste ned ei digitalt signert PDF-fil som du kan legge ved søknaden.

Finn du ikkje utdanninga di i Vitnemålsportalen, kan du legge ved annan dokumentasjon.

Hugs å kontrollere at opplysningane er riktige før du sender søknaden.

Kva skjer etter at du har søkt?

Når søknadsfristen er ute, går vi gjennom søknadene og vurderer søkarane opp mot krava i stillingsannonsen.

Aktuelle søkarar blir inviterte til intervju. Vi kan også be om referansar og nødvendig dokumentasjon som ein del av rekrutteringsprosessen.

Du får beskjed når tilsettingsprosessen er avslutta.

Har du fått tilbod om jobb?

Når du får tilbod om jobb i Helse Fonna, må du dokumentere tidlegare arbeidserfaring slik at vi kan berekne lønnsansienniteten din.

Lønnsansiennitet - Helse Fonna HF

Sist oppdatert 16.11.2026