Leasingavtalen er ei rabbatert ordning gjennom Helse Fonna. Førebels gjeld den berre for tilsette i Rogaland med fast stilling i minimum 40%. Du må også ha minimum tre år igjen før pensjonsalder.
Sykkelen blir finansiert gjennom trekk i nettoløn ein gong i månaden i 3 år (36 månadar). I avtalen følger det med tre kostnadsfrie servicar (ein i året). Etter leasingavtalen har du moglegheit til å kjøpe ut elskykkelen for om lag éi månadsleige eller levere den tilbake. Kvar tilsett kan lease éin sykkel.
Bestillingsperioden for leasingavtale er frå 3.-17. mars.
Før du bestiller må du registrer deg med ein kundeprofil på Spinn si nettside. Vel ein av dei seks syklane Helse Fonna har avtale på. Sjå liste på denne sida. Når du bestiller legg du inn koden «Helse26#1» og vel «leasing Haugesund». Då blir sykkelprisen sett til 0 kroner, og du får ei ordrebekrefting på e-post frå Spinn.
Har du spørsmål om syklane? Ta kontakt med Spinn på e-post: leasingelsykkel@spinn.no eller telefon: 90 25 66 44.