Helse Fonna:

Brukarane skryt av godt samarbeid

Skryt frå brukarane, kortare ventetid, betre resultat, samlokalisering av tenester i Odda, lågare sjukefråvær, færre HMS-hendingar og stort fokus på innovasjon i organisasjonen. Dette er noko av det som skjedde i styremøtet i Helse Fonna i dag.

Magne Kydland
Publisert 27.06.2024
Sist oppdatert 13.09.2024
En gruppe mennesker som snakker
Engasjerte representantar frå Helse Fonna sitt ungdomsråd i samtale med adm. dir. Anders Hovland (t.h.). Frå venstre Markus Strand, leiar Elisabeth Kvinnsland og tidlegare leiar Emma Sofie Lae-Pedersen. Foto: Magne Kydland

«Heile føretaket syner ei vidare positiv utvikling innan ventetider, der ventetida går vidare ned for dei som ventar på behandling. Samla ventetid for mai er 52 dagar og ventetida er kortare enn for behandla pasientar innan alle område, noko som gjer at vi forventar ytterlegare redusert ventetid for behandla i tida framover. Dette er knytt til systematisk og godt arbeid av leiarar og tilsette i heile verksemda og vil ha eit klart fokus og framover, inkludert tiltaka til Ventetidsløftet.» 

Slik oppsummerer administrerande direktør Anders Hovland drifta frå mai.  

 

Aktiviteten aukar 

Men det er også nokre område som ein må ha meir fokus på framover. 

– Sjølv om det har vore nedgang i beleggsprosenten for føretaket er trenden aukande dei siste åra. Det er mellom anna sett i verk tiltak for å betre pasientflyt og flaskehalsar, og denne utviklinga må ha fokus framover. Talet på utskrivingsklare pasientar er normalisert, etter å ha vore høgt ved starten av året. Talet på digitale kontaktar har ikkje ei ønskja utvikling. Her er det fleire tiltak under utvikling, og her vil det vere eit vidare fokus, slår Hovland fast.  

Bruk av digitale løysingar er ei viktig brikke for å løyse framtidas utfordringar, både i høve til kapasitet og berekraftig tilgang på personell. 

–  Vi ser at fristbrot aukar for ventande på nokre av dei områda der vi har kapasitetsproblem knytt tilgang på personell. Dette er krevjande, og må følgjast tett i klinikkane, legg Hovland til. 

Elles har aktiviteten auka på alle område. Den positive økonomiske utviklinga held frem, men det er framleis eit negativt avvik på 2,6 millionar kroner for mai månad.  

– Dette er eit resultat av eit godt og omfattande arbeid på alle nivå av føretaket. Det samla avviket så langt er 29,2 millionar kroner, men prognosen på eit null-resultat vert oppretthalde, i tråd med den langsiktige planen for investering og utvikling. Sjukefråværet er på det lågaste nivået sidan august 2023. Den ønska vridinga frå mellombels til faste stillingar held frem. Det same gjeld delen i heiltid mot deltid. Det er ei positiv utvikling i talet på HMS-hendingar for mai, og det kontinuerlege arbeidet med å ivareta HMS og pasientsikkerheit har eit stort fokus og blir følgt med god systematikk. I mai vart Helse Fonna sin første lokale pasientsikkerheitskonferanse i arrangert med solide bidrag frå alle klinikkar og lokasjonar, heiter det i oppsummeringa frå førre månad. 

 

Nøgde brukarrepresentantar 

Fast innslag på siste styremøte før ferien er besøk av representantar frå brukarutvalet og ungdomsrådet. Helse Fonna er så heldige å ha velfungerande, engasjerte og flinke brukarrepresentantar, og begge partar er godt nøgde med samarbeidet. 

Her kan du lese meir om ungdomsrådet i Helse Fonna: Ungdomsrådet - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)

Ungdomsrådet hadde eit svært aktivt år i fjor, og har ikkje tenkt å liggje på latsida framover heller. 

En mann og en kvinne som står foran en projektorskjerm
Elisabeth Kvinnsland og Markus Strand presenterte ungdomsrådet og kva saker som opptek dei, og fekk mange positive tilbakemeldingar frå styret. Foto: Magne Kydland

– Ungdomsrådet vil takke for eit godt samarbeid i 2023 – og ser fram til 2024, og håpar å framleis bli inkludert, og tekne med på relevante oppdrag, arrangement nettverk o.l. 2023 har vore eit år der ungdomsrådet har fått eit nytt medlem, og andre har blitt «pensjonerte» på grunn av alder. Vi er glade for at nye kjem til, og vil takke dei som har måtte gått av på grunn av dei er for vaksne, for innsatsen dei har gjort, og alt dei har bidrege med. Til slutt vil vi seie at ungdomsrådet er klar for nye utfordringar og ønskjer å vere ein stemme for barn og ungdom – for å bidra til eit betre tilbod for dei, anten dei er sjuke sjølv eller pårørande. Bruk Ungdomsrådet! Å satse på ungdom er ei investering i framtida. Vi veit kva barn og unge ønskjer og treng, skriv ungdomsrådet i sin presentasjon for fjoråret. 

 

God kontakt med leiinga 

Brukarutvalet er nøgde med samarbeidet med administrasjonen i Helse Fonna, men er bekymra for at den økonomiske stoda kan få negative konsekvensar for pasientane. 

– Vi har følgt tett den vanskelege økonomiske situasjonen til Helse Fonna gjennom heile 2023. Vi ser med bekymring på at tilhøva for pasientane kan verta dårlegare med fleire fristbrot, lenger ventelister og at tilbod om læring og meistring eller spesialisert rehabilitering skal forsvinne. Når dei økonomiske musklane vert svakare, vert ein ofte nøydd til å prioritere dei akutte oppgåvene til helseføretaket. Då er det lett å kutte i tilbod som kan førebygge sjukdom og unngå kostbare sjukehusinnleggingar. Derfor er brukarutvalet svært nøgd med å verte bedne med i Helse Fonna sitt nystarta prosjekt «Faglig og økonomisk berekraft og utvikling», som skal gjennomgå føretaket sin struktur og drift for å finne fram til tiltak som kan spare ressursar og løyse oppgåvene på ein meir effektiv og framtidsretta måte enn i dag, heiter det i brukarutvalet si årsmelding frå i fjor. 

Likevel er det klart for brukarutvalet at føresetnadene avheng av at dei som styrer og rår over utdanning av helsepersonell, og ikkje minst våre finansierings- og lovgivande myndigheiter, legg tilhøva til rette for at det kan skje ei fornuftig omstilling som gjev rom for meir berekraft enn tidlegare.  

Noen få personer snakker på et kontor
Grete Müller (t.v.) og Else-Berit Helle har lang fartstid i brukarutvalet i Helse Fonna, og synest samarbeidet med leiinga i føretaket blir stadig betre. Her i samtale med styreleiar Petter Steen jr. Foto: Magne Kydland

– På første møte etter sommarferien hadde brukarutvalet besøk av ny fagdirektør Andreas Andreassen og føretakets nytilsette administrerande direktør, Anders Hovland. Mellom anna tok vi opp spørsmål om det var mogeleg å gjera noko med lokalitetane ved Stord sjukehus, som kan ha konsekvensar for pasientsikkerheita. Brukarutvalet hadde vore på synfaring ved sjukehuset i juni for sjølv å undersøke smale døropningar og dårleg fungerande rekkverk i trappeløp. Samstundes blei det framsett eit ynskje om ein fast post på styret sin møteagenda der representanten for brukarutvalet kunne halde styret fortløpande oppdatert om arbeidet i utvalet. Svært positivt var det å erfare at oppmodinga raskt vart imøtekomen. Dette kan tyde på at brukarutvalet allereie har etablert god kontakt med helseføretaket si nye leiing, og at det og for framtida vil være gode høve til å utvikle samarbeidet ytterlegare, heiter det i årsmeldinga. 

Les meir om brukarutvalet her: Brukarutvalet - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)

Styret var godt nøgde med presentasjonane og kom med mange positive tilbakemeldingar til begge dei to viktige brukarorganisasjonane.

 

Stor interesse for innovasjon 

Styret fekk også orientering om innovasjonsaktiviteten i Helse Fonna. Styresaka viser status på innovasjonsarbeidet i Helse Fonna, med ein rapport om pågåande og registrerte innovasjonsprosjekt som vedlegg.  

Saka syner at det er stor interesse for innovasjonsarbeid i Helse Fonna, at Helse Fonna har stadig fleire pågåande innovasjonsprosjekt, men at ein framleis kan jobbe meir målretta med implementeringa av innovasjonsprosjekt, støttesystemet rundt innovasjonsarbeidet og samarbeidet med næringslivet.  

Helse Fonna lyser ikkje ut eigne innovasjonsmidlar til innovasjonsprosjekt, men Helse Fonna har fått midlar gjennom Helse Vest sine utlysingar. I 2023 sendte Helse Fonna 14 søknadar om regionale innovasjonsmidlar. Det var rekord for føretaket. Søknadane handla både om å ta i bruk teknologi og å organisere tenestene på ein ny måte.  

Helse Fonna fekk tildelt midlar til fire prosjekt, eitt nytt innovasjonsprosjekt (Unlocking Mental Health: Generative AI to support communication), to ideoverføringsprosjekt (Checkware IBD og Desentral prøvetaking) og eitt prosjekt øyremerka kreft (Sykepleierdrevet poliklinikk for kreftpasienter). Gjennom Forskingsrådet sitt program Pilot Helse fekk Helse Fonna tildelt midlar til eit forprosjekt i 2023. Helse Fonna fekk også midlar frå Forskingsrådet til prosjektet: “Styrke innovasjonskraft i forskingsprosjekt gjennom auka samarbeid mellom føretak og Vestlandets innovasjonsselskap”. 

 

Positiv til samordning av tenester i Odda 

Ullensvang kommune har teke kontakt med Helse Fonna for mogeleg kjøp av tomt og samlokalisering av tenester ved Odda sjukehus. 

Bakgrunnen er at Ullensvang kommune skal byggje ny Hovudbrannstasjon i Odda. Noverande brannstasjon er lokalisert i sentrum av Odda, vis-a-vis Rådhuset. Den tilfredsstiller ikkje dagens krav til brannstasjon, og det er utfordrande å finne eigna tomteareal i Odda. 

– I prosessen med å finne eigna lokasjon der ein kan stette alle krav i samband med beredskapsbygg og brannordning, har ser ein på moglegheita for å plassere hovudbrannstasjonen der “gamle” Odda sjukeheim ligg, vis-a-vis Odda sjukehus. Rådmann tok etter møtet kontakt med Helse Fonna med ynskje om å diskutere moglegheiter for framtidsretta, samlokaliserte løysingar for helse og beredskap, heiter det i ei brev kommunen har sendt til Helse Fonna. 

Både styre og administrasjon i Helse Fonna er positive til eit prosjekt, der ein kan sjå nærare på eit samarbeid, som inkluderer ny brannstasjon, ambulansestasjon og legevakt på tomta.