Betre samhandling for dei eldre
Då helsefellesskapet arrangerte fagdag om eldre med skrøpelegheit var det ingen tvil: kommune- og spesialisthelsetenesta må samhandle ved å snakke eit felles språk.

I oktober var det samla helsepersonell og andre fagpersonar innan helse frå nesten alle kommunane i Helse Fonna-regionen, òg frå spesialisthelsetenesta.
Gjennom dagen på Tysværtunet var den raude tråden: Korleis skal vi tilby hjelp til alle dei eldre som det blir fleire og fleire av?
Forutan helsefellesskapet i Helse Fonna var også Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM), eldremedisinsk poliklinikk i Helse Fonna og Statsforvalteren i Rogaland medarrangørar.
– Slike møtearenaer er viktige i Helsefellesskapet for å utveksle erfaringar og lage gode forløp for pasientane som treng tenester på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta. Tett og god dialog er kjempeviktig.
Det seier Marianne Hauge Wennersberg, leiar for strategisk samarbeidsutval i Helsefellesskapet og interkommunal samhandlingssjef. Ho er stolt av det faglege samarbeidsutvalet (FSU) i Helsefellesskapet som har fått til samarbeidet om denne dagen.
Høyrt om klinisk skrøpelighetsskala?
– Vi veit det er overforbruk på tenester og behandlingar. Vi må ikkje vere redde for å bremse og spørje; kva er det mest fornuftige i denne situasjonen? Vi må ta kloke val og unngå både overbehandling og underbehandling.
Det seier Doreen Halleland, avdelingsleiar for eldremedisin og leiar FSU.
Korleis kan vi ta slike kloke val?
Med CFS (clinical frailty scale, eller klinisk skrøpelighetsskala).
– CFS er eit hjelpemiddel og blir anbefalt frå Helsedirektoratet. Den gir ein indikasjon på kor robust pasienten er til å takle sjukdom og behandlingsforløp, forklarar Helga Karin Kvalevaag, geriatrisk sjukepleiar og medlem av FSU.
– Skrøpelegheit er eit stort spenn. Om vi bruker CFS, kan vi sjå på funksjonen til dei eldre, ikkje alderen. Skalaen skal bidra til å vurdere kva som er rett for akkurat den pasienten i akkurat den situasjonen.
Fakta CFS
- Skalaen er eit felles verktøy for å vurdere skrøpelegheit hos eldre.
- Skalaen er validert for personar over 65 år.
- CFS-skåren skal ikkje brukast åleine, men er nyttig i ei heilheitsvurdering av pasienten sin funksjon.
- Skrøpelegheit er ikkje ein statisk tilstand. Den kan både forverrast og forbetrast.
Skalaen gir eit felles språk
– Vi har masse å tilby av behandling, men er det gevinst i det for pasienten? Vil dei takle behandlinga? Vi må ta forhandssamtalar og finne ut kva som er viktig og riktig for kvar enkelt, seier Kvalevaag.
– Med skalaen er det lettare å få ei felles forståing og eit felles språk på tvers av sjukehus og kommune.
Fagdagen om eldre med skrøpelegheit var ein møteplass for å lære meir om dette felles språket.
– Eg høyrte masse godt frå dei som deltok på dagen. Dette er ei satsing som vi ønskjer både i kommunane og i Helse Fonna. Slike fagdagar er med på gi oss ei felles forståing og det kan bli lettare å implementere CFS når dei som skal bruke skalaen er kjente med kva fordeler den kan føre til, seier Wennersberg.
Samhandlingssjef i Helse Fonna, Ingeborg Skjølingstad, var også på der og ser stor nytte av slike felles fagdagar.
– Det kom tydeleg fram at éin teneste ikkje kan lykkast med dette åleine. Det er avgjerande med samhandling og vi må ha ei felles forståing for korleis vi kan jobbe saman.
– Alle har ikkje godt av dei same tiltaka
– Dette handlar ikkje om at vi ikkje skal gi behandling, men vi skal gi den behandlinga som er best for pasienten, understrekar Halleland.
Marc Ahmed, seksjonsleiar og overlege ved seksjon for akuttgeriatri Oslo universitetssykehus, delte sine erfaringar på fagdagen.
– Vi skal ikkje overkøyre pasientane, men snakke saman med dei som kjenner dei best. Pasienten sine ønskjer, verdiar og behov er ein sentral del av grunnlaget for behandling.
Sjukeheimsoverlege i Kvinnherad kommune, Marit Holsvik, trakk fram kor mykje meir vanleg det er for eldre på sjukeheim å bli sendt til sjukehuset når dei bur nært, men det kan bety at dei blir sendt for ofte.
– Sjølv om reisa er kort til sjukehuset, er framleis reisa inne på sjukehuset belastande.
Bruk av CFS kan vere med på å hindre unødvendige turar til sjukehus og hindre behandlingar som ikkje vil gi gevinst og kan skade pasientane.
CFS-prosjekt på tvers av tenester
– Alle har ikkje godt av dei same tiltaka, men dette må avklarast. Det kan vere vanskeleg å forstå kvifor naboen får ein annan type behandling enn deg. Når du får den same forklaringa frå både sjukhus og i kommunen opplevast dette som trygt, seier Halleland.
CFS er med på å gi ei felles forståing mellom helsepersonell frå dei ulike tenestene, men også mellom helsepersonell, pasientar og pårørande.
Det har allereie starta eit samhandlingsprosjekt mellom Bømlo, Stord, Kvinnherad kommune og Stord sjukehus. Formålet er å identifisere skrøpelege eldre og lage gode pasientforløp.
Dei fekk midlar frå Helsefellesskapet til pilotprosjektet og Wennersberg seier dei har planar om å bredde det ut i heile Fonna-regionen.
– Kommunane bestemmer sjølv kva dei skal vere med på, men det er brei einigheit om at CFS er eit godt verktøy. Skalaen gjer både sjukehusa og kommunane betre førebudd på kva pasientane treng og kven som kan gi den behandlinga som er rett for dei.









