Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Helsefellesskapet

Samla seg for sårbare barn og unge

– Det er viktig å ikkje berre sjå på forløpet i helsetenestene som overlevering og overgangar, men samhandling og samarbeid, seier administrerande direktør Anders Hovland.

Pernille Svartveit Osmundsen
Publisert 17.04.2026
Sist oppdatert 24.04.2026
En person som synger inn i en mikrofon ved siden av en person som spiller gitar
Ungdomsrådet i Helse Fonna opna Samhandlingsdagen med musikalsk innslag.

Fagleg samarbeidsutval (FSU) for barn og unge i Helsefellesskapet arrangerte Samhandlingsdagen 2026. Utvalet har representantar for alle tenestene som jobbar med barn og unge. Dagen samla tilsette frå heile Helse Fonna sitt nedslagsfelt – både frå kommune- og spesialisthelsetenesta.

En mann som står på en scene
Administrerande direktør, Anders Hovland, opna samhandlingsdagen 2026. Foto: Pernille S. Osmundsen.

I fellesskap tok dei opp dei viktige satsingsområda for å nå det overordna målet: Få til samhandling i praksis for at barn og unge skal få gode forløp på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta.

 
En mann som står foran en skjerm

– Samarbeid om desse barna er ikkje noko vi kan velje, vi har plikt til dette, sa statsforvaltar i Rogaland, Bent Høie.

Høie trakk fram Barn og unges helseteneste i Helse Fonna og betydninga av prosjektet for etablering av Helsefellesskap i heile landet.

Han understreka også at veldig mange barn og unge har heilt normale reaksjonar på veldig unormale livssituasjonar, og at det er vår oppgåve å samarbeide for at dei skal få det best mogleg.

– Vårt store, felles mål er at vi skal få til samhandling i praksis. Alle skal gjere si oppgåve, men vi skal også strekke oss og sette oss til bords for å finne løysingar og møte barn og unge sine behov, seier Ester Marie Stornes Espeset, psykologspesialist på BUP Haugesund.

Espeset sitt i Arbeidsutvalet for FSU barn og unge og er med å arrangerer Samhandlingsdagen. Ho seier at det er fleire og fleire som har lyst til å vere med.

 
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Psykisk uhelse oppstår ofte første gong i barne- og ungdomsåra
 

– Der skil psykisk helse seg frå somatisk, kor det meste oppstår seinare i livet, seier Høie.

På biletet: statsforvalter Bent Høie, administrerande direktør Anders Hovland og  styreleiar i Helse Fonna saman med sentrale aktørar for samhandling, innleiarar og arbeidsutvalet FSU barn og unge.

 

Espeset beskriv psykiske plagar hos barn og unge som ei av våre største samfunnsutfordringar.

– Å komme tidleg inn kan spare oss for store ressursar, seier Espeset.

Også Høie trekk fram at dette må bli tatt tak i tidleg.

– Det å ikkje få skapt sin eigen identitet, vere med venner, det er så mykje av dette dei ikkje har moglegheit til å ta igjen seinare. Vi veit at det å fullføre vidaregåande er ein enkeltfaktor som betyr mykje for korleis livet blir framover. Derfor må vi ta tak i psykisk uhelse tidleg.

En person som står på en scene foran en folkemengde
Stasforvaltar, Bent Høie.

Teieplikta hindrar ikkje samarbeid

Høie understrekar også at teieplikta ikkje er til hindring for samarbeid.

– Oftast kan helsepersonell som behandlar pasienten snakke saman om kva som er best å gjere framover. Nokre tilfelle kan krevje samtykke, men dette er ofte uproblematisk å få.

Og skulle du stå i ein situasjon kor du er redd teieplikta kan vere til hinder for samarbeid, er Statsforvaltaren til for nettopp å rettleie slike vanskelege situasjonar.

– Står de fast på eit spørsmål om teieplikta, kan de ringe til Stasforvaltaren i Rogaland så vil vi hjelpe.

– Vi opplev å få saker der det ikkje har gått bra, og då er det ofte fordi vi ikkje har lykkast med å samarbeide, seier Høie.

Samarbeid mellom barnevern og helsetenester

Hovudtema for samhandlingsdagen var “Sårbare barn og unge – vårt felles ansvar”. Kjersti Bratberg Gautvik frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og Kristine Misvær Stenbeck frå Helsedirektoratet, presenterte arbeidet med Nasjonalt forløp barnevern.

En person som står foran et podium med en person som sitter bak
Kjersti Bratberg Gautvik (t.v.) frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og Kristine Misvær Stenbeck frå Helsedirektoratet.

– Dette er eit rammeverk som skal bidra til meir heilskaplege og koordinerte tenester for barn, unge og familiar som er i kontakt med barnevernet. Målet er å styrke kvaliteten i tenestene, tydeleggjere ansvar og bidra til at barn og familiar opplever samanheng og kontinuitet i oppfølginga.

Forløpet tek utgangspunkt i at mange barn og unge i barnevernet har samansette behov, inkluderer behovet for helsehjelp. Barneverntenestene på Stord og Karmøy har starta implementering av forløpet.

Tverretatleg satsing for barn og unge i risiko

– Ei lita gruppe ungdom, ofte med samansette utfordringar knytt til rus, psykisk helse og oppvekstvilkår, står for mykje av den alvorlege kriminaliteten, påpeika visepolitimeister Gøril Våland i Sør‑Vest politidistrikt.

Nettsted
Visepolitimeister Gøril Våland i Sør‑Vest politidistrikt.

Ho presenterte ei ny satsing retta mot barn og unge som gjer gjenteken eller alvorleg kriminalitet. Der blir behovet for samarbeid på tvers understreka.

– Vi har laga ein forpliktande samarbeidsavtale mellom politiet, fleire kommunar, Bufetat, Konfliktrådet, Helse Stavanger og Helse Fonna. Saman skal vi hindre at barn og unge blir utnytta av kriminelle nettverk og får betre, samordna oppfølging.

Fleire samhandlingsprosjekt blei presentert

Styrka trinnvis innsats for barn og unge sin mentale helse (STIM)

Hovudmålet med STIM er å utvikle, implementere og evaluere trinnvise intervensjonsprogram for barn og unge med psykiske helseplager på tvers av kommune og spesialisthelseteneste.

En person som står foran en talerstol med en laptop på
Ester Marie Stornes Espeset, psykologspesialist på BUP Haugesund. 

– Dette skal gi fleire barn og unge målretta støytte tidlegare – før psykiske plager utviklar seg til lidingar, og derfor forebygge fråfall, utanforskap og negative konsekvensar for den enkelte, forklarar Ester Marie Stornes Espeset.

Barn og unge sin helseteneste, habilitering

Barn og unge som har ein medfødt tilstand har også mange andre utfordringar som kjem i tillegg.

En person som står foran et podium med en mikrofon
Helene Sjøen, Habilitering Helse Fonna (t.h.) og Hilde Kismul Matre, Bømlo kommune.

– Det er mykje nytt som skjer når desse ønskjer å vere med på fritidsaktivitetar, eller kanskje får seg kjæraste. Dette er nye ting som barn og unge treng rettleiing på, men som ingen i helsevesenet er eigar av. Vi ville lage ei livslinje som gjeld for alle. Dette resulterte i ein habiliteringsmodell med sjekklister til overgangane, seier Helene Sjøen frå habilitering i Helse Fonna.

Ein omsorgsmodell for ei berekraftig svangerskaps- og fødsels- og barselomsorg i Helse Fonna-regionen

Eit samarbeidsprosjekt med Tysvær kommune som skal sjå etter varige løysingar for eit helskapleg tilbod.

En mann som står foran en skjerm
Monica Tverfjell, jordmor i Helse Fonna.

– Vi ønskjer å sjå på korleis vi kan bevare jordmødrer og utvikle ein omsorgsmodell som er berekraftig for brukarane sine behov og for ressursane vi har i helsepersonellet. Vi kan ikkje skissere opp noko vi trur er bra, om vi ikkje har helsepersonell til å gjennomføre arbeidet, seier prosjektleiar Monica Tverfjell, jordmor i Helse Fonna.

Trygge foreldre på Haugalandet

Helsestasjonane tek i mot mange bekymra og stressa foreldre som var utfordrande å møte med eit godt tilbod.

En person med headset
Ingvild Sundfør Rasmussen, psykologspesialist BUP Haugesund.

– Derfor ønskja vi å halde kurs for foreldre med mål om å gi dei eit betre utgangspunkt for å meistre foreldrerolla. Og for å stimulere til ei sunn utvikling og god psykisk helse hos barnet sitt, seier Ingvild Sundfør Rasmussen, prosjektleiar og psykologspesialist BUP Haugesund.

– Vi opplevde at det var mange foreldre – både kvinner og menn – frå mange samfunnslag som kom. Tilbakemeldingane vi fekk var at mange fekk senka stressnivået sitt, betre relasjon til barnet sitt og eit endra syn på barnet sin oppførsel. Mange har blitt meir bevisste og endra åtferda si som forelder, og for nokre foreldre blei dette ein døropnar for å oppsøke anna psykisk helsehjelp dei såg dei trengte.

Heilskapleg ivaretaking av mor, partner og barn med alvorleg psykisk sjukdom i perinatalperioden

Eit prosjekt i oppstartsfasa som ønskjer likt tilbod uavhengig av kven som er behandlar.

Et par kvinner som står foran en projektorskjerm
Inger Lise Ekkjestøl, Sveio kommune.

– Eg som har jobba i mange år på føden i Haugesund veit godt kven eg kan ringe når eg no sitt som jordmor i kommunen og møter ei mor som er psykisk sjuk. Men det veit ikkje nødvendigvis min vikarkollega i nabokommunen. Derfor treng vi eit skjema vi kan bruke i slike tilfelle, og vi vil utarbeide eit prosjekt som ser på dette, seier Inger Lise Ekkjestøl frå Sveio kommune.