Styrkar tilbodet til kreftpasientar
Helse Fonna har eit godt behandlingstilbod til pasientar med ulike typar kreft. No er sjukehuset også godkjent for å utdanne sine eigne legespesialistar innan kreftmedisin, og til våren opnar ei ny kreftavdeling i moderne lokalar.

– Det er historisk at Helse Fonna no er godkjent som utdanningsinstitusjon for spesialisering som kreftlege. Utdanning av eigne spesialistar er ei satsing som skal styrke lokal kompetanse innan kreftmedisin både i Haugesund, Odda og Stord.
Det seier Lise Bruntveit, leiar for avdelinga medisin B ved Haugesund sjukehus, som til våren skal bli ny kreftavdeling i nytt sjukehusbygg. Den første legen i utdanningsløpet som kreftmedisinar, LIS 3 i onkologi, er allereie starta i jobben, og til neste år planlegg Bruntveit å kunne tilsette både ein ny overlege i onkologi og ei utdanningsstilling til.
Det ser ut til at 2027 verkeleg blir eit godt år for kreftmedisin i Helse Fonna.
– Helse Fonna viser at vi satsar på kreftområdet. Det var ein av grunnane til at vi gjekk i gang med byggetrinn to. Vi vil styrke behandlinga i tråd med utviklinga i kreftmedisin, seier Bruntveit, og berømmer laginnsatsen som ligg bak, både frå kreftsjukepleiarane på poliklinikk, overlegane innan kreftmedisin og leiinga ved administrerande direktør, klinikkdirektør og fagdirektør.
Styrkar fagmiljøet
Avdelinga har i dag tre onkologar, og Bruntveit fortel om planane for å styrke fagmiljøet:
– Behandlingsmoglegheitene innan kreftmedisin er i utvikling. Fleire pasientar får persontilpassa medisin, fleire pasientar får immunterapi og vi bidrar i kreftforsking. Vi må tilpasse tilbodet og kompetansen vår til denne utviklinga.
Bruntveit har inntrykk av at avdelinga har bygd seg opp eit godt rykte i fagmiljøa i Helse Vest, og ho har derfor god tru på rekruttering til både overlegestillingar og LIS 3:
– Det er også veldig kjekt at onkologar frå universitetssjukehusa i Stavanger og Bergen som har jobba hos oss gir gode tilbakemeldingar på tilbodet vårt og skryt av poliklinikken som kreftsjukepleiarane har bygd opp. Kreftsjukepleiarane og legane har enorm betydning for pasientane og for tilbodet vi gir, seier Bruntveit.
• Les også: Kreftpoliklinikken vann Kvalitetsprisen
Godt læringsmiljø for legar
Det er Ingrid Trønsdal som nyleg har starta i den aller første LIS 3-stillinga innan onkologi i Helse Fonna.
– Det er eit godt miljø her, både fagleg og sosialt. Eg føler meg veldig ønska, seier Trønsdal, som kjenner Helse Fonna godt frå før.
– Eg hadde LIS 1-perioden min ved Odda sjukehus, og jobba eit halvt år ved medisinsk avdeling ved Haugesund sjukehus. Eg trivdes veldig godt begge stader, og bestemte meg for at eg ville tilbake.Det var ikkje tilfeldig at ho valte kreftmedisin som spesialisering.
– Kreftmedisin som fagfelt interesserer meg fordi eg får følgje pasientane over tid, og fordi det er eit fag i utvikling. Det er alltid noko nytt å lære og følgje med på, seier Trønsdal.
Nettopp det gode læringsmiljøet er det ho trekk fram som ein viktig grunn til at ho trivs i Helse Fonna.
– Det er mykje fokus på læring. Som LIS 1 opplevde eg at eg fekk stille spørsmål og kjenne på fagleg utvikling. No når eg har starta på LIS 3 er det god dialog om korleis eg skal få oppfylt læringsmåla. Eg har ein eigen rettleiar i overlege Esperanza Sanchez-Espinosa. Det er veldig trygt å alltid ha moglegheit til rettleiing og dialog om pasientane, og så blir det gradvis meir sjølvstendig pasientarbeid, seier Trønsdal.
Ser fram til kreftavdeling i heilt nytt bygg
Våren 2027 står den nye delen av Haugesund sjukehus klar. Trønsdal ser fram til å flytte inn i nytt bygg.
– Dei gamle lokalane vi er i no er ikkje bygd for å vere ein kreftpoliklinikk. I nytt bygg kan vi vere enno tettare på kreftsjukepleiarane. Det betyr mykje for å vere enno meir samla, både fagleg og arbeidsmiljømessig.
Avdelingsleiar Lise Bruntveit ser fram til eit spennande år for kreftmedisin i Helse Fonna.
– Vi er veldig stolte over det vi får til, og det er verkeleg ein laginnsats, seier ho.