Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forsking og innovasjon

To nye doktorgradsprosjekt med støtte frå Helse Vest

To doktorgradsprosjekt i Helse Fonna har nådd fram i den årlege konkurransen om forskingsmidlar frå Helse Vest.

Publisert 25.11.2026
En mann med hatt
Anestesilege Lars Langholm Larsen kan glede seg over at han kan gå i gang med doktorgradsprosjektet sitt med finansiering frå Helse Vest. Foto: Stina Steingildra

Desse Helse Fonna-prosjekta får støtte frå Helse Vest:

  • Lars Langholm Larsen, anestesilege
    1-1-3: Do patients receive an adequate emergency medical response?
  • Ingvild Sundfør Rasmussen, psykologspesialist
    STIM REG: Evaluating An Integrated Stepped-Care Model for Children Experiencing Restlessness, Inattentiveness or Impulsivity Challenge.

– Dette er fantastiske nyheiter, ikkje berre for forskingsmiljøet i Helse Fonna, men for fagmiljøa, pasientar og pårørande.

Det seier leiar for forsking og innovasjon Haldis Ø. Lier i Helse Fonna.

– Forsking er vegen til ny kunnskap. Det at vi har fagfolk som er nysgjerrige på faget sitt og vil forske fram ny og betre behandling for pasientane er viktig for å innfri samfunnsoppdraget vårt, bidra til fagleg utvikling og styrke rekruttering.

Leiar for forsking og innovasjon Haldis Økland Lier i Helse Fonna. Arkivfoto: Eirik Dankel, Helse Fonna.

Ekstern finansiering er avgjerande

Forsking er ei lovpålagt oppgåve for sjukehusa og Helse Fonna har styrkt forskingsinnsatsen over fleire år. Likevel er ekstern finansiering avgjerande for å kunne starte og gjennomføre doktorgradsprosjekt.

– Å nå fram i den sterke konkurransen om forskingsmidlar, som no frå Helse Vest, blir stadig vanskelegare. Det er mange om beinet og kvaliteten på søknadane er veldig høg. Det gjer det utfordrande å nå fram, men desto kjekkare når våre medarbeidarar lukkast, også i konkurranse med universitetssjukehusa, seier Lier.

– Ekstra stas er det at Lars Langholm Larsen var ein av dei som i år har hatt skrivestipend for å jobbe med søknaden sin. Eg vil skryte av dei gode forskingsrådgivarane som er med på å støtte og utvikle desse prosjekta, og understreke kor viktig det er at vi i Helse Fonna prioriterer tiltak som skrivestipend.

Forsking med høg klinisk relevans

Lier seier Helse Fonna sin forskingsstrategi har hovudtema klinikknær forsking.

– I Helse Fonna satsar vi på forskingsprosjekt som er tett på tenestene vi skal gi befolkinga, og der vi meiner det kan vere kortare veg frå ny kunnskap til konkret forbetring.

Ho meiner dei to prosjekta som no får økonomisk støtte frå Helse Vest er gode eksempel på dette:

– Langholm Larsen sitt prosjekt handlar om å betre forstå korleis ein vurderer og prioriterer helsehjelp i AMK, og Sundfør Rasmussen skal undersøke samarbeid mellom helseføretak og kommunar rundt barn med uro og merksemdsutfordringar. Dette er samfunnsutfordringar vi treng meir kunnskap om, seier Lier.

Psykologspesialist og no doktorgradsstipendiat Ingvild Sundfør Rasmussen. Arkivfoto: Pernille S. Osmundsen, Helse Fonna

Elleve søknadar nådde ikkje opp i konkurransen

Frå Helse Fonna blei det sendt inn heile 13 søknadar om forskingsmidlar til Helse Vest i år.

– Det var mange gode søknadar frå oss, og det er elleve dyktige medarbeidarar som har lagt ned masse godt arbeid som i dag får vite at prosjektet deira ikkje får støtte frå Helse Vest i denne omgang, seier Lier.

Ho understrekar at det finns andre instansar ein kan søke om midlar frå, og at det ikkje er uvanleg at ein må søke i fleire omgangar. Sjølv om ein prosjektsøknad kan bli vurdert som støtteverdig, er det ikkje nok midlar til alle.

– Vi fekk tilbakemelding frå Helse Vest om at det var høg kvalitet på søknadane frå Helse Fonna i år, og vi er veldig stolte av alt arbeidet som er gjort.