Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fleire melder frå om feil

Fleire medarbeidarar melder frå om feil og avvik i Helse Fonna. – Ei veldig positiv utvikling som er viktig for godt kvalitets- og betringsarbeid, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Publisert 28.04.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

– Feil, avvik og uønskte hendingar er sjølvsagt ikkje noko vi er stolte av, men eg er stolt av at medarbeidarane melder i frå om meir av det. Dette er ein viktig del av arbeidet med å betre kvaliteten og pasienttryggleiken, seier Svendsen.

I dagens styremøte var det fokus på melding og handtering av avvik, pasient- og brukarrettar og HMS.
Styret fekk presentert årsmeldingane til både Kvalitetsutvalet, Brukarutvalet, Pasient- og brukarombudet og årsrapportar for tilsetteskader og avvikshandtering av pasientrelaterte skader.

– Openheit og god meldekultur er viktig, seier administrerande direktør Olav Klausen.

– Det skal vere låg terskel for å melde i frå om feil, avvik og uønskte hendingar. Vi jobbar systematisk med å følgje opp det som blir meldt, slik at vi kan jobbe med betring og utvikling av kvalitet og tryggleik i det vi gjer.

Pasientane nøgde med kommunalt tilbod

Dei første tilbakemeldingane frå  pasientar som har nytta kommunalt øyeblikkeleg hjelp døgntilbod i  kommunane Haugesund, Kvinnherad, Tysvær, Karmøy og Suldal er klare. Pasientane er særs nøgde. Tilbodet er som eit mini-sjukehus i eigen heimkommune. Kommunane har eit lovpålagt ansvar for å gi døgntilbod om øyeblikkeleg hjelp innan både somatikk og psykiatri. Styret blei orientert om den avtalen som er inngått mellom Helse Fonna og kommunane angåande dette tilbodet. Avtalen seier mellom anna noko om kven som bør få slikt tilbod, og avklaring av ansvar og samarbeid mellom helseføretak og kommune.

Les meir om undersøkinga og sjå filmen her.

Overskot i mars

Administrerande direktør kunne presentere eit overskot i mars på knapt éin million kroner. Det bidrar til at Helse Fonna så langt i år no bare ligg rundt éin million under budsjett på 10 millionar. Resultatkravet frå eigar for 2017 er 40 millionar kroner.

– Det viktigaste tiltaket for å sikre god økonomisk styring i 2017 er å ha kontroll over aktivitetsveksten, for inntektene våre stig ikkje i takt med aktiviteten. Det vil mellom anna seie at arbeidet med å gi pasientane behandling i poliklinikk i staden for sjukehusseng vil halde fram. God samhandling med kommunane for å gi pasientane behandling på rett nivå vil også vere eit innsatsområde, seier Olav Klausen.

 

Framleis kort ventetid

Pasientar i Helse Fonna har kortare ventetid enn det nasjonale kravet på 60 dagar. Gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar i Helse Fonna er no 55 dagar. I vaksenpsykiatrien er ventetida 35 dagar, 5 dagar kortare enn det nasjonale kravet. På rusfeltet er ventetida 25 dagar, som også er 5 dagar kortare enn kravet på området. Bare i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) er ventetida noko lenger enn det nasjonale kravet. Her er den gjennomsnittlege ventetida 49 dagar, medan målet er 35.
– Det er gledeleg at ventetida på BUP Stord er veldig låg, og vi jobbar for at ventetida for pasientar ved BUP Haugesund også skal ned, slik at ventetida i snitt er under målkravet, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Pasientar som ikkje får time innan tidsfristen blir registrert som fristbrot. I Helse Fonna er det no 132 fristbrot, og administrerande direktør gjorde det klart at han følgjer arbeidet med å fjerne fristbrota tett. – Vi har jobba mykje med dette og sett i verk fleire tiltak, men utfordringa er framleis ikkje løyst.
Vi samarbeidar betre om pasientar på tvers av sjukehusa, og på sikt vil vi slå saman ventelister, men det må vere ei godt planlagt endring, sa Klausen.

 

Mange sykla eller gjekk til jobb

Styremøtet var tilfeldigvis same dag som Sykle og gå til jobb-dagen i Helse Fonna. Dagen har blitt arrangert tre gonger tidlegare, og er veldig populær. Styret fekk sjå nokre av over hundre medarbeidarar i dag har sendt inn til selfiekonkurransen der dei kan vinne el-sykkel, sykkel og treningsutstyr.

–  Vi var heldige med veret i heile føretaket i dag. Det har vore strålande sol frå Stord og Valen i nord til Skudeneshavn i sør, Odda i aust og Haugesund her vest, sa Olav Klausen, som sjølv ofte er å sjå på sykkelen.

sykleoggåtiljobb-helsefonna.jpg