Går vidare med byggjeplanane

Styret i Helse Fonna vedtek forprosjektet til byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus. Utbygginga mot Karmsundgata har ein kostnadsramme på rett over 1 milliard kroner, og vil gje store ringverknader for heile regionen.

Publisert 28.10.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Det er prosjektert totalt 17.000 kvadratmeter, der 9.200 kvadratmeter er nybygg og resten ombygging. Nybyggarealet har auka litt i høve til konseptfasen, då deler av austblokka skal rivast i staden for å restaurere gammal bygning. Men dette går likevel ikkje ut over kostnaden i prosjektet.

 – Dei kliniske sentera, på tvers av fagområde, vil støtte opp om god behandling og utgreiing for pasientane. Prinsippet er at pasientane i størst mogeleg grad skal gå på eigne bein, og bygget legg til rette for framtidsretta teknologiske løysingar, heiter det i forprosjektet.

 

byggjetrinn2 - fasade aust.jpg

Mot aust: Skisse av nybygget, med fasaden mot Karmsundgata.

 

Medan første byggjetrinn, som no har vore i drift i vel eitt år, inneheld akuttfunksjonar, operasjonsstover og laboratorium med svært dyrt og avansert medisinteknisk utstyr, så er neste byggjetrinn eit mindre komplekst bygg, som primært skal bestå av sengepostar og poliklinikkar.

Fekk ros frå styret

Det har vore ein omfattande prosess så langt, med svært mange involverte.

– Over 300 medarbeidarar, tillitsvalde, verneombod og brukarrepresentantar har vore med i arbeidet. Det har vore eit stort engasjement med gode innspel og diskusjonar både mellom og på sjølve møta, heiter det i forprosjektrapporten, som vart godkjent av styret.

Prosjektdirektør Laila Nemeth fekk mykje skryt frå fleire i styret.

– Her er blir det presentert eit stort, grundig og godt gjennomarbeidd forprosjekt, og gjev oss eit svært godt avgjerdsgrunnlag, slår styreleiar Petter Steen jr. fast.

Forprosjektet vart samrøystes vedteke, med føresetnad om at den økonomiske bærekrafta er tilstrekkeleg for å gjennomføra prosjektet på ein forsvarleg måte.

 

Svært viktig vedtak​​

Medan mange større statlege utbyggingsprosjekt er prioritert vekk, så er vidare utbygging av Haugesund sjukehus inne på regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2023.

– Det er eit svært viktig vedtak styret i Helse Fonna i dag har gjort, både for Haugesund sjukehus og pasientane i regionen vår. Gjennomføring av Byggetrinn 2 betyr mykje for kvalitet og pasienttryggleik ved sjukehuset. Blant anna vil vidare utbygging sikre at sjukehuset står godt rusta for eventuelt nye pandemiar med eiga infeksjonsavdeling, fleire isolat og eige smittemottak. Den nye fleksible avdelinga for born og ungdom vil styrkje barneavdelinga si evne til å handtere fleire born, med til dømes infeksjonar, samstundes, seier ein nøgd prosjektdirektør, Laila Nemeth.

Forprosjektrapporten skal no sendast til Helse Vest RHF for vidare handsaming.

 

Viktig å sikre framdrift​​

Med den nye sydaustblokka på plass vil sengepostar, poliklinikk og dagbehandling innan dei einskilde fagområda bli samla i kliniske senter i kvar etasje, noko som bidreg til auka tverrfagleg samarbeid med raskare diagnose og behandling for pasientane. Mellom anna vert det etablert kliniske senter for hjarte-lungesjuke, eldremedisin, gastro og kvinne/born i nybygget.

Framskrivinga viser at sjukehuset må innrettast på meir poliklinikk og dagbehandling. Dette vil byggetrinn 2 ivareta ved å byggje om fleire etasjar i den gamle M-blokka til poliklinikk og dagbehandlingsområde knytt til det einskilde kliniske senteret. Dette vil og frigjere meir plass til fleire andre poliklinikkar ved sjukehuset enn berre dei som får nye lokale.

– Det har vore stram styring av byggetrinn 1 som landa innanfor den økonomiske ramma. Same modell for risikostyring skal nyttast i byggetrinn 2. Det er i tillegg heilt avgjerande at ein ikkje får stopp og stans i eit slikt byggeprosjekt for å halda framdrift og økonomisk ramme. Det er difor svært gledeleg at styret i dag støttar opp om det med sitt positive vedtak, seier Nemeth.

legevakt2.jpg

På rett veg: Styreleiar Petter Steen jr. (t.v.) og styremedlem Helga Arianson (t.h.) kostaterer at administrerande direktør Olav Klausen (i midten) og Helse Fonna er på rett veg når det gjeld økonomi, men at det framleis står mykje arbeid att.

 

Tiltaka har gjeve resultat​

Helse Fonna sine tal for september viser mindre avvik enn tidlegare månader, og enda på 11,2 millionar kroner under budsjett. Akkumulert er resultatet for 2022 om lag 164 millionar under budsjett. 

legevakt1.jpg

Fekk omvising: Styret i Helse Fonna fekk omvising på den interkommunale legevakta i samband med styremøtet på Stord fredag. Dette er eit samarbeid som fungerer svært godt. Frå venstre styreleiar Petter Steen jr., styremedlem Kjersti Follesø og dagleg leiar for Sunnhordland interkommunale legevakt, Mona Lothe.

 

– Avviket mot budsjett er mindre denne månaden enn tidlegare. Ein god del av dette skuldast høgare inntekter og redusert innleige og bruk av byrå. Dette kan tyde på at tiltaka har begynt å verke, slår administrerande direktør Olav Klausen fast i si orientering til styret. Til samanlikning var resultatet for august 25 millionar under budsjett, og tala for september ser dermed betre ut enn på mange månader.

Styremedlemmene er glade for utviklinga, men understrekar at det er for tidleg å friskmelde økonomien.

– Sist gong vi hadde styremøte her på Stord, for eit halvt år sidan, var vi klare på at utviklinga må snu. Difor synest eg det er kjekt å sjå at ein er i ferd med å gjere det. Vi er på ingen måte i mål, men det er fleire parameter som viser at vi er på rett veg, noko som lovar bra for vidare arbeid. Eg synest det er særleg kjekt at ein har klart å auke inntektene. Det har blitt gjort mykje godt arbeid for å kome i balanse. Men vi må på ingen måte kvile på laurbæra – det er framleis mykje hardt arbeid som står att, oppsummerer Petter Steen jr.

Styret samla seg samrøystes om følgjande vedtak: Styret tek rapport frå verksemda til etterretning, og ser det som svært positivt at månadsrapporten for september syner ei positiv utvikling både når det gjeld økonomi og ventetider. Styret ser det som svært viktig med framleis sterkt fokus på tiltak for å betra økonomisk utvikling og redusera ventetider for å få ei drift i balanse.


Lange ventelister​

Gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar var 73 dagar, medan eigarkrav er under 50 dagar på sikt. 1577 pasientar på ventelistene har ikkje fått time innan fristen som er sett.

Innanfor somatikk var det i september 85 pasientar som var melde utskrivingsklare medan dei venta på helse- og omsorgstenester frå kommunen. Pasientane låg til saman 251 døgn, i snitt 8,4 sjukehussenger vart nytta til utskrivingsklare pasientar i perioden.

 3,3 prosent av sengedøgna i somatikken var i snitt på korridor i månaden. Sjukefråværet var 7,1 prosent.

– Talet på fristbrot er svært høgt i somatikken, mykje lågare innan psykisk helsevern. I BUP-feltet har talet på tilvisingar stabilisert seg og det er gjort ei rekkje tiltak som etter alt å døme vil fjerne fristbrota innan dette fagfeltet. I tillegg er ventetidene på veg ned her, oppsummerer Klausen.

 

Fekk internasjona​​l pris

Styret merka seg også at barnediabetes-teamet i Helse Fonna for eit par veker sidan kunne motta den prestisjetunge prisen «Best improvement prize award 2022», noko som stadfestar at dei ligg heilt i verdstoppen når det gjeld behandling av barn og unge med diabetes type 1.

I løpet av dei siste åra har Barnediabetes-teamet i Haugesund blitt ei stabil og tverrfagleg arbeidsgruppe med auka kompetanse. Dette har ført til merkbar betring av helsa til denne pasientgruppa frå mai 2019 til august 2022.

Kvart år er det ca. 20-30 barn i Helse Fonna som får diagnosen type 1 diabetes. Barnediabetes-teamet leverer omfattande helsehjelp til ca. 160 barn og ungdommar opp til 18 år med alle typar diabetes. Teamet har sidan 2017 redefinert sine interne mål for behandling av unge med type 1-diabetes.  Behandlinga blir vidare tilrettelagd i samspel med omsorgspersonar, og pasientane er under tett oppfølging dei første 6 månadene.

Med denne behandlingsmetoden jobbar teamet for å betre helse og livskvalitet til barna, og prisen har fått stor merksemd i media og særleg i sosiale medium.

Les meir om den internasjonale utmerkinga her: Mottok internasjonal pris - Helse Fonna (helse-fonna.no)

barn-diabetes-2022.jpg
 

Utmerkar seg: Barnediabetes-teamet ved Haugesund sjukehus har fått internasjonal heider. Bak frå venstre Helge Fredrik Lekven-Johnsen (sjukepleiar), Linda Rushanovski (sjukepleiar) og Inghild Hovland (sjukepleiar). Framme frå venstre: Grete Vigemyr (barnelege), Sverre Sigurd Johansen Lamens (barnelege) og Heiko Bratke (barnelege). Foto: Elisabeth  Økland