Har høg kvalitet på tenestene

Helse Fonna har svært gode resultat på mange fagområde, særleg innan kreftbehandling. I tillegg går både ventetid og talet på fristbrot nedover.

Magne Kydland
Publisert 13.02.2024
Sist oppdatert 01.03.2024
En mann og en kvinne som smiler
 Andrika Sabine Linnea Hagfjäll-Lande og Jo Eikeland Roald er nye styremedlemmer i Helse Fonna. Foto: Magne Kydland  

– Helse  Fonna har svært gode resultat for mange kvalitetsindikatorar. Det er også indikatorar som viser svakare resultat, og der forbetringspotensialet er stort. Det må arbeidast kontinuerleg i dei ulike klinikkane og avdelingane med forbetring innan område der det er svakare resultat. Samtidig må vi sørgje for å oppretthalde kvaliteten der resultata er gode, oppsummerer administrerande direktør Anders Hovland i samband med at styret fekk ein gjennomgang av kvaliteten i helsetenestene.

En mann med grått hår
Fagdirektør Andreas Andreassen er svært nøgd med at Helse Fonna ligg i landstoppen i kreftbehandling. Foto: Eirik Dankel

 

Gode på kreft

Openheit om kvalitetsindikatorar er viktig for både pasientar, helsetenesta og helsemyndigheita. Det er viktig at pasientane har informasjon om kvalitet i helsetenesta og at helsetenesta brukar dette i forbetringsarbeidet sitt. Ein kvalitetsindikator er eit indirekte mål, som seier noko om kvaliteten på det området som blir målt.

Helsedirektoratet rapporterer på nettsidene sine meir enn 120 kvalitetsindikatorar som involverer aktivitet i Helse Fonna. Blant indikatorane der Helse Fonna skårar svært høgt på landsbasis er diabetes, slag, kreft, infeksjon og psykisk helsevern, og då særleg BUP-feltet.

Lista frå Helsedirektoratet inneheld mykje som handlar om ulike kreftformer.

– Og her er vi jammen gode! Vi ligg svært høgt på mange indikatorar, og er blant dei beste i landet på til dømes prostatakreft for menn, tjukktarmkreft menn, endetarmkreft kvinner og lungekreft kvinner. Som mann gler det meg at vi skårar høgt på mange kreftformer for kvinner, seier fagdirektør Andreas Andreassen.  

Mindre ventetid i BUP

– Innan psykisk helsevern har BUP-feltet blitt prioritert med auke i behandlar-ressursar over dei siste fem åra. Bakgrunnen for dette har vore eit aukande henvisingstal med aukande ventetider. Det har vore utfordrande å rekruttere i stillingane, men ein har no rekruttert i samtlege stillingar. Samtidig har ein arbeidd med effektivisering av pasientforløp og rett bruk av behandlar-ressursane. Dette har gjort at ein ser reduksjon i ventetider og få fristbrot, heiter det i oppsummeringa til styret.

Klinikken har innført NORSE, eit strukturert tilbakemeldingsverktøy som pasienten fyller ut elektronisk i forkant og etterkant av kvar konsultasjon. I over 65 prosent av alle pasientkontaktane blir kartleggingar og tilbakemeldingar gitt ved hjelp av dette verktøyet. Dette er høgast i Helse Vest.

Helse Fonna ligg også veldig godt an innan ortopedi og kirurgi, men her vert det peika på forbetringspotensiale. Blant anna er det store kapasitetsutfordringar i operasjonsavdelinga i Haugesund. Dette skuldast i all hovudsak mangel på kvalifisert personell, og det blir jobba med å få på plass meir støttepersonell.

Her er det alt gjort tiltak, blant anna er det på plass eit såkalla «brot-team».

Det vert også jobba med tiltak for å få ned antibiotikabruken, og meir heimedialyse.

Færre fristbrot

Det er svært høg aktivitet på sjukehusa, og det er gjort eit flott og viktig arbeid i klinikkane med å få redusert ventetid og fristbrot. Ventetida er 61 dagar i desember. For psykisk helsevern for barn og unge var ventetida 42 dagar og 11 dagar innanfor rusbehandling.

For barn og unge er det ein markert nedgang der ein nærmar seg kravet på 35 dagar, medan ventetida for rusbehandling er godt under målkravet.

– Sjølv om det er ein liten auke i ventetid for desember, er det generelt stor nedgang frå sommaren, og ikkje minst innanfor de somatiske områda. Talet på fristbrot er på det lågaste nivået sidan juli 2021, og det var ingen fristbrot innan psykisk helsevern for barn og unge eller rusbehandling i perioden, medan talet på fristbrot for ventande innanfor heile føretaket er halvert sidan desember 2022. Både reduksjon i ventetid og fristbrot er avgjerande for å sikre god tilgang til tenestene for pasientane. Det er framleis område der pasientane må vente for lenge, og som har stort fokus, men relativt sett syner føretaket særs god utvikling på dette området, heiter det i den siste månadsrapporten, som er frå desember.

Føretaket er framleis i ein svært krevjande økonomisk situasjon, og for desember er avviket på 15,8 millionar kroner. Fleire etterfaktureringar frå tidlegare år bidreg vesentleg til dette. Det er ei svak positiv utvikling innanfor løns- og personalkostnadar.

– Det er for tidleg å seie om dette er del av ein varig trend, men det blir arbeidd godt i føretaket med å gjennomføre tiltak for å sikre ei meir berekraftig drift. Det er eit stort positivt avvik for inntekter, der ein vesentleg del av dette er knytt til auka klinisk aktivitet, heiter det i rapporten.

– Eg kan konstatere at ein er på rett veg, og at ein ser resultatet av tiltaka. Sjølv om det er for tidleg å friskmelde økonomien, så kan ein sjå konturane av Helse Fonna versjon 2.0, oppsummerer styreleiar Petter Steen jr.

Føretaket har høgt sjukefråvær. Dette er krevjande for drifta og har høg prioritet. Det er sett i gang fleire tiltak, mellom anna eit betre samarbeid med NAV for førebygging og oppfylging i høve til sjukefråvær.

Nye i styret

Dette var første styremøtet til Jo Eikeland Roald. Han erstattar styreveteran Brian Bjordal, som no er ute av styret etter ti år. Bjordal har også vore nestleiar i styret i alle desse åra.

Les meir her: Ein styreveteran trer av - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)

Roald er utdanna sivilingeniør- og Master of business administration, har allsidig bakgrunn og jobbar no i Tomra. Han har mykje erfaring med digitalisering, teknologi, kommunikasjon og strategi.

Opprinneleg kjem han frå Husnes, og er fødd på Stord sjukehus, i 1981.

– Eg har tilknyting til regionen, sjølv om eg ikkje snakkar dialekten. Vi flytta til Larvik før eg byrja på skulen, fortel Roald.                 

Dette var også det første styremøtet som vald tilsettrepresentant for Andrika Sabine Linnea Hagfjäll-Lande. Ho har tidlegare møtt som varamedlem, men er no fast i styret, og overtek etter Laura Lill Haavik, som har gått av med pensjon. Hagfjäll-Lande er intensivsjukepleiar og funksjonsleiar ved felles akuttmottak på Haugesund sjukehus.

Anne Sissel Faugstad er ny nestleiar i styret.

Prioriterer brukarmedverknad

I fjor vår starta eit arbeid med å utarbeida handlingsplan for brukarmedverknad i Helse Fonna. Planen omfattar omhandlar brukarmedverknad på tenestenivå, men fleire av tiltaka vil også bidra til å styrka brukarmedverknad på systemnivå. Representantar frå Brukarutvalet og Ungdomsrådet har delteke i arbeidet med planen. Endeleg forslag til plan vil bli lagt fram for Brukarutvalet og Ungdomsrådet før handsaming i direktørmøtet i Helse Fonna våren 2024.

Leiar i Brukarutvalet, Grete Müller, er nøgd med arbeidet så langt, og ho rosar samarbeidet med administrasjonen i føretaket.

– Brukarmedverknad er ikkje noko vi gjer berre fordi det er lovpålagt, og for at vi kan huke av på skjemaet. Brukarmedverknad er nyttig for å utvikle verksemda, slår Petter Steen jr. fast.