Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Fonna innfører tilsetjingsstopp

Set i verk tiltak for å bremse underskotet inn mot slutten av året. Men klinikkane blir skjerma.

Magne Kydland
Publisert 26.10.2023
Sist oppdatert 01.03.2024
En mann i dress
Administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland.

Helse Fonna innfører to konkrete strakstiltak for å bremse underskotet.

Det blir tilsetjingsstopp for alt personell med unnatak av dei fem klinikkane. Det inneber då HR, drift, økonomi, administrasjon, fag og forsking og kommunikasjon. Det blir og reduksjon og/eller stans av bruk av innleigd personell og konsulentar.

–​ Det betyr at vi har valt å skjerme klinikkane. Det betyr ikkje at støttetenestene er mindre viktige – alle i Helse Fonna har ei like viktig rolle i å sikre dei gode helsetenestene vi alt gir. Men i ei tid med lange ventelister etter pandemien, vurderte vi at dette var det rette grepet. Men vi må alltid vurdere korleis vi finn dei beste løysingane i heile organisasjonen, for å sikre at vi får brukt ressursane våre best mogeleg for å gje helsehjelp, seier administrerande direktør Anders Hovland (biletet).

I praksis inneber dette at alle stillingar som blir lyste ut, og all innleige, skal avklarast med administrerande direktør. Tiltaka er drøfta med dei tillitsvalde.

Ingen mistar jobben

På sist styremøte blei det gjort fleire vedtak knytt til den økonomiske situasjonen føretaket står i. Styret støtta tiltaka, men var også tydeleg på at føretaket er i ein alvorleg økonomisk situasjon, og at det må bli sett i verk ytterlegare tiltak for å redusera overforbruket mest mogeleg i 4. kvartal.

Les meir frå styremøtet: Skårar svært høgt på kvalitet

Så langt i år har Helse Fonna eit underskot på 135 millionar kroner.

Hovland understrekar det han tidlegare har sagt: Ingen tilsette i Helse Fonna skal miste jobben.

– Dei tilsette legg ned ein stor og viktig innsats for pasientar, pårørande og samarbeidspartnerane kvar einaste dag. Og som det kom fram tidlegare i haust: Helse Fonna har svært gode resultat på mange viktige kvalitetsmål, og på nokre område er vi best i landet! Det er viktig for pasientane våre, og det skal vi vere stolte over, seier Hovland.

I tillegg til desse to konkrete tiltaka, vil administrasjonen i Helse Fonna jobbe fram ein tiltakspakke som på lenger sikt skal sikre føretaket økonomisk og fagleg berekraft i åra framover.