Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukarane og utviklingsplanen

Vi er til for dei som brukar oss. Brukarane si stemme er også ein naturleg del av utviklingsplanen.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

– Utviklingsplanar fungerer som eit vegkart for korleis framtidas spesialisthelseteneste skal formast, seier Ole Johan Jensen.

Han er medlem i brukarutvalet vår.

– For oss brukarar er utviklingsplanen ein moglegheit til å forstå og påverke tilbodet i Helse Fonna. 

Pasientforløp for framtida

Det handlar om god og berekraftig pasientbehandling, meiner han.

– Arbeidet med utviklingsplanen gjer at vi må sjå føre oss kva som vil skje framover. For eksempel vil vi bli fleire eldre, det stiller krav til kapasiteten til helseføretaka. Dessutan gir det oss innsikt i kva tilbod vi har på sjukehusa i dag, og det utfordrar oss på kva vi må ha i framtida. Kanskje må vi sjå på behov for endringar.

Jensen påpeiker at det strekk seg lenger enn til sjukehusa.

– Korleis skal vi skape ein saumlaus overgang mellom tenestenivå? Då tenkjer eg på korleis vi kan samarbeide på mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta, eller avtalespesialistar. Dette må vi skildre.

Involveringa

Brukarinvolvering er viktig for Ole Johan Jensen.

– At utviklingsplanen blir utarbeidd i dialog med brukarorganisasjonar gir oss brukarar eit sjanse til å påverka prioriteringar og utforminga av framtidas tenester.

Han trekk også fram effektiv bruk av ressursar.

– Utviklingsplanen skal legge dei føringane vi treng for å halda oppe eit offentleg, likeverdig tilbod i framtida.

Sist oppdatert 28.07.2026