Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Når du har opplevd ei ulykke eller traume

Her finn du informasjon om vanlege reaksjonar etter alvorlege hendingar, og ei oversikt over tilboda sjukehuset har til pasientar og pårørande.

Korleis du får informasjon på sjukehuset

Som pasient eller pårørande blir du først og fremst følgd opp av sjukepleiar og lege på avdelinga du høyrer til.

Dersom du har spørsmål om skade eller sjukdom, behandling, eller vidare oppfølging, kan du ta kontakt med sjukepleiar ved avdelinga du vart utskriven frå. 

Sjukepleiaren kan gi deg nødvendig informasjon, eller ta spørsmåla dine vidare til lege.

Tilbod til pårørande

Nokre gonger kan du ha behov for annan informasjon og hjelp.

Sjukehusprest

Prestetenesta har lang og god erfaring og kompetanse i å prate med menneske i kriser og krevjande livssituasjonar. Sjukehuspresten tilbyr samtale med pasientar og pårørande, uavhengig av livssyn eller kva trussamfunn ein er knytt til.  

Sjukehusprestane ønskjer at det skal vere låg terskel for å ta kontakt. Ønskjer du ei samtale, kan du nemne det for personalet på avdelinga der pasienten høyrer til. Du kan også ringe sentralbordet på telefon 52 73 20 00 og be om å bli sett direkte over til sjukehusprest.

Du kan også lese meir om prestetenesta på Sjukehusprest - Helse Fonna HF

Sosionom

Sosionomtenesta arbeider for å ivareta ­pasientar og pårørande sine behov og interesser. Skade eller sjukdom kan føre med seg utfordringar og ­endringar i livssituasjonen. Sosionomen kjenner godt til dei ulike tilboda og kan gi råd og rettleiing.

Pasientar som er innlagde på sengepost, eller får behandling ved dagavdeling eller poliklinikk, kan be om samtale med sosionom. Dette gjeld også pårørande.

Ta kontakt med personalet på avdelinga eller poliklinikken for meir informasjon.

Barn som pårørande

Når mor, far eller søsken er alvorleg skadde eller sjuke, påverkar det barna og familielivet. Helsepersonell har plikt til å ivareta barn sitt behov for informasjon og oppfølging når foreldre eller søsken er sjuke. 

Spør gjerne sjukepleiar på avdelinga dersom du har spørsmål om korleis barn som pårørande blir følgde opp i avdelinga.

Du kan også lese meir her: Barn som pårørande - Helse Fonna HF

Lokale kriseteam

Kommunane i Noreg har ulike hjelpetilbod til innbyggjarar som blir råka av kriser og katastrofar, til dømes ved samlivsbrot, ulykker, brå død eller sjølvmord i nære omgjevnadar.

Personalet på avdelinga kan hjelpe deg med å ta kontakt med lokalt kriseteam. Du kan også ta kontakt med kommunen din sjølv, eventuelt via legevakt eller fastlege.

Helsehjelp ved kriser, ulykker og katastrofer - Helsenorge

Vanlege reaksjonar etter ei alvorleg hending

Mange veit lite om kva reaksjonar som er vanlege etter å ha vore utsett for ei alvorleg hending. Når ein kjenner til kva reaksjonar ein normalt kan forvente, blir det ofte lettare å forstå og akseptere eigne og andre sine reaksjonar.

Kjenner ein til påkjenningane dei råka har vore utsette for, blir det også lettare å forstå at reaksjonane dei har er naturlege.

Pårørande eller andre som ikkje sjølve var utsette for hendinga, kan bli urolege når reaksjonane er sterke. Informasjonen her rettar seg derfor både mot dei som har opplevd hendinga, og mot pårørande og andre som står dei nær.

Det er normalt å reagere

Det er normalt å få reaksjonar etter ei alvorleg hending. Reaksjonane som er skildra her, er vanlege for mange som har opplevd noko vanskeleg.

For dei fleste blir reaksjonane svakare over tid. Når du får tid til å tenkje over, forstå og bearbeide det som har skjedd, vil minna ofte kome sjeldnare – og bli mindre plagsame enn i starten.

Akutt reaksjon – uverkelegheit

I tida rett etter hendinga kan mange kjenne på uverkelegheit. Ein veit at hendinga har skjedd, men den kan likevel kjennast uforståeleg.

Mange beskriv ei kjensle av indre tomheit og kjenslemessig «nummenheit». Nokre kan også vanskeleg for å hugse viktige delar av det som hende.

Etter kvart som tida går, blir hendinga ofte klarare. Då kan dei sterkaste reaksjonane kome.

Påtrengande minne og bilete

Det er vanleg å vende tilbake i tankane til det som hende, uansett om ein vil eller ikkje. Minne kan dukke opp som sterke bilete ellers synsinntrykk, og kan opplevast så verkelege at ein kan få ei kjensle av å vere tilbake i hendinga igjen.

Slike påtrengande minne kan kome både når du er vaken og når du søv. Dei kan ofte oppstå i overgangar mellom søvn og vaken tilstand.

Indre uro og sårbarheit

Ei sterk indre uro og kjensle av sårbarheit er vanleg. Desse kjenslene kan bli sterkare og meir plagsame ei tid framover, ofte samtidig som ein i minnet gjenopplever det som hende. Det kan ofte vere vanskeleg å la vare å tenkje på dei ubehagelege opplevingane.

Den indre uroa kan føre til at ein blir rastlaus og får problem med å sitte stille og konsentrere seg. Nokre blir meir utolmodige og irritable enn vanleg. Andre kan få problem med å gjere noko som helst.

Ulike kroppslege reaksjonar

Det er vanleg og naturleg å ha kroppslege reaksjonar som skjelvingar, sveittetokter, hovudverk, svimmelheit og ei kjensle av å skulle svime av, appetittmangel, trøytte eller spenningar og smerter i musklar – særleg i bryst, skuldrer og nakke.

Katastrofekjensle

For mange blir tryggleiken i livet ramma når ein har vore utsett for ei alvorleg hending. Nokre opplever at dei blir meir vaktsame og skvett ved sjølv små lydar.

Den ubehagelege kjensla av uro og redsle kan etter kvart føre til at ein blir redd for å bli utsett for noko katastrofalt eller ubehageleg igjen, eller at nokon i familien skal blir sjuke eller døy.

Hos barn merker ein dette mest ved at dei blir meir «klengete» og har større behov for nærleik.

Søvnproblem og mareritt

Det kan vere vanskeleg å sove. Rett før ein sovnar, kan dei ubehagelege minna dukke opp i tankane. Søvnen kan bli uroleg, og det er ikkje uvanleg å vakne ofte og tidleg.

Nokre opplever at hendinga blir gjenteken i form av mareritt – eller mareritta kan handle om andre trugande ­situasjonar enn det ein sjølv har opplevd. Mange opplever at desse plagene blir mindre over tid. 

Det kan hjelpe å snakke med nokon om det som har hendt. Søvnproblema blir ofte mildare når ein får betre grep om det ein har vore utsett for.

Dersom søvnen held fram med å vere dårleg over lengre tid, kan ein bli sliten og irritabel. Då kan det vere aktuelt å vurdere hjelp til søvn. Samtidig er det viktig å vere varsam med bruk av sovemiddel.

Overlevingsangst og skuldkjensle

For nokre kan det kjennest svært ubehageleg å ha overlevd og kanskje klart seg utan skade, medan familiemedlemmer, venner eller kollegaer har blitt skadde eller omkomne i hendinga. Dette kan føre til skuldkjensle, og at ein ikkje tillèt seg sjølv å kjenne glede eller lette over å ha overlevd eller ikkje blitt skadd.

Skuldkjensle kan også kome når ein har vore vitne til ei alvorleg hending. Ein kan i ettertid begynne å gruble på om ein kunne gjort noko for å forhindre hendinga.

Forholdet til andre blir påverka

Sinne og irritasjon er vanlege reaksjonar. Sinnet kan også rette seg mot nære og kjære, utan at ein meiner det. Det kan igjen forsterke skuld­kjensla.

Nokre kjenner behov for å trekkje seg unna og vere åleine, medan andre ikkje klarer einsemda – fordi dei då blir heilt overlatne til eigne tankar og kjensler.

Spørsmål om meininga med livet

Når ein har vore utsett for ei alvorleg og vanskeleg hending, er det vanleg å fundere over mål og meining med livet. Ofte gjer ein nye vurderingar av det ein tidlegare tok for gitt.

Nokre enkle råd

Her er nokre råd som vi av erfaring veit kan hjelpe deg vidare etter ei alvorleg hending.

Snakk med andre

Snakk med dine næraste, men gjerne også – om mogleg – med andre. Det kan til dømes vere personar som har vore utsette for den same hendinga.

Sjølv om det kan vere vanskeleg å fortelje, og du kan oppleve at kjenslene «rivst opp att", er det likevel oftast til hjelp, og av og til heilt nødvendig, for å kome seg gjennom opplevinga på ein god måte.

Ved å  gå gjennom hendinga fleire gonger i samtale med andre, får ein betre grep om det som hende. Det kan gjere at ein blir mindre plaga av mareritt og påtrengjande minne.

Nokre har også god nytte av å skrive ned eigne tankar og minne om det som hende.

Besøk staden der det skjedde

Nokre kan bli redde for å besøke staden der den alvorlege hendinga skjedde. Det er då hjelpe å vende tilbake til staden som skaper uro eller redsle, gjerne så tidleg som mogleg, saman med nokon du kjenner deg trygg på.

Barn og ungdom

Barn og unge har ikkje same evne som vaksne til å tolke eller forstå opplevingane sine i samband med ei alvorleg hending. Dei kan ha god hjelp av at:

  • vaksne er tilgjengelege for spørsmål og ­undring
  • vaksne forklarar kva som har skjedd og kva som skjer
  • dei kjem raskt tilbake til kvardagslege rutinar og aktivitetar
  • vaksne gjer kjekke ting saman med dei

Det er bra med aktivitet og arbeid

Fysisk aktivitet kan hjelpe deg å handtere indre stress. For dei fleste er det også ein fordel å komme tilbake i arbeid så raskt som mogleg. Det kan vere ein god måte å vende tilbake til kvardagen på.

Still likevel lågare krav til deg sjølv og arbeidskapasiteten din den første tida.

Søk hjelp i tide

Av ulike grunnar kan reaksjonane bli så sterke, så plagsame eller langvarige, at det blir vanskeleg å fungere i kvardagen. Då er det viktig å søkje hjelp.

Ta gjerne kontakt med fastlegen din først. Dersom du treng meir spesialisert, kan du drøfte dette vidare med legen din.

Treng du meir informasjon?

Traumepasient.no er ein nettstad for pasientar som har vore utsette for ei ulukke, og for pårørande. Der finn du informasjon om kva som skjer gjennom heile behandlingskjeda – frå skadestad til rehabilitering. Du finn også oversikt over nyttige hjelpetilbod for både pasientar og pårørande.

Pårørendesenteret.no ​er ein nettstad for deg som er pårørande. Her finn du kunnskap, tips og råd, historier frå andre pårørande og oversikt over rettar og hjelpetilbod.

Sist oppdatert 18.06.2026