Tid og stad
- Når
-
- 15. sep. 2026, 11:00 - 15:00
- Type arrangement
- Fagkurs
- Arrangør
- Kvar
-
Høgskolen på Vestlandet, campus Haugesund
Bjørnsonsgate 45
5528 Haugesund
- Kart - HVL campus Haugesund
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 31. aug. 2026
Fagleg samarbeidsutval (FSU) for psykisk helse og rus i Helse Fonna har fått prosjektmidlar til å innføre Aid for Violence Risk Triage (AVRT). AVRT er eit strukturert, kortfatta og praksisnært verktøy for tidleg vurdering og sortering av valdsrisiko på tvers av tenestenivå innan psykisk helse og rus.
Fleire kurs blir gjennomført på Høgskolen Vestlandet campus Stord og campus Haugesund. Sjå dato og stad under "Påmelding" lenger nede på sida.
Om kurset
På kurset får du ei innføring i korleis AVRT kan brukast i kvardagen for å:
- identifisere og prioritere saker med mogleg valdsrisiko
- støtte raske avgjerder, til dømes ved heimebesøk eller i akutte situasjonar
- vurdere behov for vidare oppfølging, tiltak eller meir grundig risikovurdering
AVRT er ikkje ei fullstendig risikovurdering, men eit triageringsverktøy som gir eit felles språk, struktur og grunnlag for samhandling på tvers av tenester.
Dei påmelde får ein e-post med praktisk informasjon nokre dagar før kurset.
Kven kan delta
Alle fagpersonar som jobbar innan psykisk helse og rus i kommunar eller spesialisthelsetenesta er velkomne til å delta på kurset.
Er du erfaringskonsulent eller brukarrepresentant? Då kan du melde deg på dersom du har ei formell stilling eller rolle i relevante einingar i kommune eller helseføretak.
Påmelding
Kurset er gratis og inkluderar lunsj.
Grunnopplæring, HVL campus Stord, 14. september, kl. 11-15.
Send e-post til anny.birgitte.iversen@helse-fonna.no for å melde deg på.
Grunnopplæring, HVL campus Haugesund, 15. september, kl. 11-15.
Kurset er fullt.
Grunnopplæring, HVL campus Haugesund, 28. september, kl. 11-15.
Meld deg på her (påmeldingsskjema)
Påmeldingsfrist: 13. september
Opplæring av ressurspersonar, HVL campus Haugesund, 29. september, kl. 09-15.
Meld deg på her (påmeldingsskjema)
Påmeldingsfrist: 13. september
Kontakt
Navn
Anny Birgitte Iversen
Rådgivar i avdeling for rus og avhengighet (ARA), Helse Fonna
annyAndre datoar
-
Aid for Violence Risk Triage (AVRT)14.september2026
-
Aid for Violence Risk Triage (AVRT)28.september2026
-
Aid for Violence Risk Triage (AVRT)29.september2026