Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fagkurs

Aid for Violence Risk Triage (AVRT)

Korleis kan vi raskt identifisere valdsrisiko og sikre riktig oppfølging?

29.
september
2026
  1. 29. sep. 2026, 09:00 - 15:00

Tid og stad

Når
  1. 29. sep. 2026, 09:00 - 15:00
Type arrangement
Fagkurs
Arrangør
Kvar

Høgskolen på Vestlandet, campus Haugesund

Bjørnsonsgate 45

5528 Haugesund

Påmelding

Frist for påmelding: 13. sep. 2026

Fagleg samarbeidsutval (FSU) for psykisk helse og rus i Helse Fonna har fått prosjektmidlar til å innføre Aid for Violence Risk Triage (AVRT). AVRT er eit strukturert, kortfatta og praksisnært verktøy for tidleg vurdering og sortering av valdsrisiko på tvers av tenestenivå innan psykisk helse og rus. 

Fleire kurs blir gjennomført på Høgskolen Vestlandet campus Stord og campus Haugesund. Sjå dato og stad under "Påmelding" lenger nede på sida. 

Om kurset

På kurset får du ei innføring i korleis AVRT kan brukast i kvardagen for å:

  • identifisere og prioritere saker med mogleg valdsrisiko
  • støtte raske avgjerder, til dømes ved heimebesøk eller i akutte situasjonar
  • vurdere behov for vidare oppfølging, tiltak eller meir grundig risikovurdering

AVRT er ikkje ei fullstendig risikovurdering, men eit triageringsverktøy som gir eit felles språk, struktur og grunnlag for samhandling på tvers av tenester.

Dei påmelde får ein e-post med praktisk informasjon nokre dagar før kurset.

Kven kan delta

Alle fagpersonar som jobbar innan psykisk helse og rus i kommunar eller spesialisthelsetenesta er velkomne til å delta på kurset.

Er du erfaringskonsulent eller brukarrepresentant? Då kan du melde deg på dersom du har ei formell stilling eller rolle i relevante einingar i kommune eller helseføretak. 

Påmelding

Kurset er gratis og inkluderar lunsj.

Grunnopplæring, HVL campus Stord, 14. september, kl. 11-15.
Send e-post til anny.birgitte.iversen@helse-fonna.no for å melde deg på.

Grunnopplæring, HVL campus Haugesund, 15. september, kl. 11-15.
Kurset er fullt.

Grunnopplæring, HVL campus Haugesund, 28. september, kl. 11-15.
Meld deg på her (påmeldingsskjema)
Påmeldingsfrist: 13. september

Opplæring av ressurspersonar, HVL campus Haugesund, 29. september, kl. 09-15.
Meld deg på her (påmeldingsskjema)
Påmeldingsfrist: 13. september

Kontakt

Andre datoar

  1. Fullt