Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En lege som ser på en pasient

Akuttmottak, Stord

Akuttmottaket er for pasientar som treng akutt hjelp. Det gjeld alle vaksne, eldre og tilstander, med unntak de som skal føde. Vi har òg ein observasjonspost for kortvarig observasjon av pasientar med mindre alvorlege tilstander.

Om akuttmottaket

I akuttmottaket vurderer vi kor alvorleg tilstanden til pasienten er. Nokre gonger kjem det inn svært sjuke eller skadde pasientar som treng augeblikkeleg hjelp. 

Du vil bli møtt av sjukepleiar og lege, som vil undersøke og kartleggje din situasjon. 

Viss du ikkje er alvorleg sjuk eller skadd, må du berekne noko ventetid før du får snakke med ein lege.

På akuttmottaket har vi mange leger med ulike fagområde. Pasientar blir vist til ulike legar og tidspunkt, avhengig av kva type medisinsk kompetanse ein treng. 

Vi har ikkje eit standard køsystem for behandling. Vi behandlar dei sjukaste først. 

Basert på SATS-verktøyet gjer vi ei kort førehandsvurdering og prioritering av alle pasientar for å avgjere hastegraden. Det vil bli gjort ei rask undersøking og sett ei fargekode. Ventetida er avhengig av fargekoden din og talet på pasientar i mottaket. Målet vårt er at prioriteringa skal vere utført innan 15 minutt. 

Gjennomsnittleg ventetid for behandling er om lag tre timar, men kan vere noko lengre i travle periodar.

Fargekodar

Rød

Akutt - tilnærma ingen ventetid.

Oransje

Hastar - du skal raskt bli sett til av lege.

Gul

Hastar litt - dette gjeld deg som er sjuk eller skada, men utanfor umiddelbar livsfare.

Grøn

Hastar ikkje - gjeld deg som er sjuk eller skada, men ikkje nødvendigvis treng medisinsk hjelp umiddelbart.

Blå

Du har blitt vist til skadepoliklinikken, og du har ei tilstand som tilseier at du ikkje treng ein full hastegradsvurdering. Du vil bli tatt imot etter kvart som legane er ledige.

 

Sei i frå viss tilstanden din forandrar seg. Vi gjer så godt vi kan for å hjelpe deg og andre pasientar.

I møte med lege og sjukepleiar vil det bli gjort undersøkingar som det kan ta tid å få svar på. Det kan vere behov for å ta ulike prøvar, og det kan vere noko ventetid. Eksempel på typar prøvar kan vere blodprøvar, CT, røntgen eller ultralyd. 

Etter at undersøkingane er ferdig, vil du enten bli utskriven eller innskriven til vidare behandling på sjukehuset. 

Vi har alltid ulike team på vakt. Dei blir varsla og mobilisert når det kjem pasientar med alvorleg sjukdom, eller som har vore ute for alvorlege ulykker eller skader.

I Helse Fonna har vi fem ulike typar team:

  • Traumeteam* som behandlar personar som ha vore ute for alvorlege ulykker eller skader. Eksempel kan vere trafikkulykker eller drukning.
  • Team for hjartestans.
  • Eit medisinsk akutt-team for ustabile pasientar som ikkje har vore utfor ulykker.
  • Eit team for hjerneslag.

*Traumeteamet som handterer alvorlege ulykker eller skader består av kirurg, ortoped, anestesilege, anestesisjukepleiar, operasjonssjukepleiar, mottakssjukepleiar, radiograf, radiolog og bioingeniør. Alle i traumeteamet har sine spesialiserte oppgåver. 

Vi tar i mot sjuke barn som treng å bli stabiliserte før dei blir sende vidare til Haugesund sjukehus eller Haukeland universitetssjukehus.

Vi handterer òg barn med kirurgiske problemstillingar, som magesmerter, ortopediske tilstandar som brot, eller barn som må overvakast i kortare periodar.

På akuttmottaket er vi i underkant av 30 sjukepleiarar. Mange arbeider 12-timars vakter, og fleire har spesialutdanning innan akuttsjukepleie og intensivsjukepleie.

Pasientar som kjem til oss blir tekne imot og følgde opp av legar med spesialisering innan medisin, kirurgi og ortopedi.

Praktiske spørsmål

Pasientar som ikkje kjem med ambulanse kan parkere på parkeringsplassen ved sjukehuset. Det er ikkje lov å parkere utanfor akuttmottaket, då dette området er reservert for ambulansar.

Les meir om Parkering - Helse Fonna HF

Gjennomsnittleg ventetid for legekonsultasjon er 3-4 timar. Ventetida varierer avhengig av kor alvorleg skadd eller sjuk du er, ledig kapasitet og kor mykje folk det er på akuttmottaket.

Vi har ikkje fast matservering, men det er mogleg å be om brødmat til pasientar. 

Du kan kjøpe mat i kantina i underetasjen på kvardagar mellom klokka 10.30-13.30. Du finn også automatar i gangen i 1. etasje.

Du kan bruke nettverket gjest.ihelse.net.

Du vil få beskjed om å legge inn mobilnummeret ditt, deretter får du tilsendt eit brukarnamn og passord for å logge inn.

Sjå eiga side om trådlaust nett 

Dersom du er på venterommet, kan du ta kontakt ein av dei tilsette som er på vakt. 

Viss du har blitt utskriven, kan du kontakte sentralbordet, avdelinga der du var innlagt på, eller fastlege.   

Om du ønskjer meir informasjon om helsehjelp, rettar, sjukdom eller diagnose kan du lese om dette på https://www.helsenorge.no/sykdom

Kvalitetssikra informasjon om behandling finn du på behandlingssidene våre.

Kontakt

Døgnope sentralbord

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Akuttmottaket ligg i 1. etasje på Stord sjukehus.

På dagtid, mellom kl. 08.00 og 15.30, melder du deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen. Dei vil følgje deg inn til akuttmottaket.

På kveldstid kan du kontakte sentralbordet, eller bruke ringeklokka utanfor akuttmottaket.  

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Praktisk informasjon

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.