Avdeling for Eldremedisin
Når du kjem til oss
Dei som kjem til oss skal enten til undersøking på poliklinikk, behandling på geriatrisk døgnavdeling, eller innleggjast på sengepost.

Eldremedisinsk poliklinikk
Vi tar imot deg som er tilvist for ei vurdering på Eldremedisinsk poliklinikk. Er du usikker på kvifor du er tilvist til oss, ta kontakt med din fastlege for meir informasjon.
Du vil bli tatt imot av spesialsjukepleiar/vernepleiar som blant anna vil kartlegge din nåverande helsetilstand. I denne kartlegginga vil du også gå gjennom nokre kognitive testar som blant anna har fokus på hukommelse, konsentrasjon, orientering og humør.
Før du kjem til timen
Det er viktig at du tar med deg ein av dine pårørande som kjenner deg godt, da dei også vil bli stilt ein del spørsmål om din nåverande helsetilstand.
Konsultasjonen med sjukepleiar/vernepleiar varer i inntil to timar. Resultata frå kartlegginga blir vurdert av ein av spesialistane våre.
Det er ønskjeleg at du som brukar hjelpemiddel som briller og/eller høyreapparat, tar med dette til timen. Ta også med deg ei oppdatert medisinliste.
Etter timen hos oss
Etter konsultasjonen med sjukepleiar/vernepleiar, skal du ha legetime med spesialist. Spesialisten vil da gå gjennom resultata av kartlegginga saman med deg. Legetimen blir ikke nødvendigvis same dag som kartlegginga.
Utvida utgreiing
I nokre tilfelle vil spesialisten vår vurdere om det kan vere behov for ei utvida utgreiing. Nokre av våre utvida undersøkingar kan for eksempel vere:
- Utvida nevropsykologisk kartlegging
- Utvida førerkortvurdering
- MR av hodet (MR-caput) - Fellesinnhold - Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
- Spinalpunksjon - Fellesinnhold - Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
- DaTSCAN - nukleærmedisinsk undersøkelse av hjernen - Fellesinnhold - Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
- PET - Fellesinnhold - Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
Har du, eller har du hatt infeksjon?
Dersom du nyleg har gjennomgått hjerneslag/hjerneblødning/blodforgifting, må det gå minst 3 månader etter avslutta behandling før du kan komme til utgreiing i poliklinikken vår.
Dersom du har ein pågåande, eller nyleg har hatt infeksjon (covid, influensa, lungebetennelse, urinveisinfeksjon osv.), må det gå minst seks veker før du kan komme til utgreiing i poliklinikken vår.
Du må derfor ta kontakt med oss, slik at vi får avlyst timen. Vi vil da sette opp ny time til deg.
Innkallingsbrev
Vi sender alltid innkallingsbrev til timer per post, men innkallingsbrevet er også tilgjengeleg digitalt på helsenorge.no.
Registrering i nasjonalt pasientregister
Alle pasientar som kommer til konsultasjon i poliklinikken, blir innlemma i eit elektronisk nasjonalt pasientregister, NorKog.
Du kan reservere deg dersom du ikkje ønskjer å bli inkludert i registeret. Nokre av våre pasientar vil også bli invitert til å delta i forskingsstudie. Du kan lese meir om disse her: Eldremedisinsk forskingsgruppe - Helse Fonna HF
Nyttige lenker
- Nasjonalforeningen for folkehelsen
- Veiviser demens - Veiviser demens
- Nasjonalt senter for aldring og helse – For en bedre aldring
Planlagt innlegging
Geriatrisk sengepost
Geriatrisk sengepost er i 5.etasje i midtblokka.
Legevisitt
Legevisitt er mellom kl. 10.00 - 12.00 alle kvardagar. Om pårørande ønskjer å vere med på legevisitt, kan dette avtalast med avdelinga. Vi ønskjer å halde oss til èin hovudpårørande under opphaldet.
Visittiden ved avdelinga er frå kl. 17.00-18.30. Besøk utanom visittid må avtalast med personalet.
Kva kan og bør du ha med deg?
Det er ønskjeleg at alle pasientar har med seg privat tøy, gode sko og toalettsaker. Dersom du bruker medisinar, ber vi deg ta med deg en legemiddelliste. Ta også med eigne augedråper eller inhalasjonsmedisinar dersom du bruker det. Det er ikkje lov å ha blomster eller sterk parfyme på vår avdeling.
Kommunal hjelp
For pasientar som har kommunal hjelp, eller med eit nyoppstått behov for kommunal hjelp, vil vi innan første innleggingsdøgn sende melding til kommunen om innleggingsårsak, behandlingsforløp, antatt hjelpebehov ved utreise og antatt utreisedato.
Vurderingar gjort under opphaldet blir sendt til kommunen under heile forløpet. På utreisedagen er det kommunen som gjer vedtak på kva hjelp pasienten får ut frå dei opplysningane vi har sendt til dei.
Måltid
Vi samlast ofte i avdelinga si spisestue for å ete måltida saman.
- Frokost er frå kl. 08.00
- Lunsj er frå kl. 11.00
- Middag er frå kl. 14.30
- Kvelds er frå kl. 18:30
- Seinkvelds er frå ca. kl 21.00
Alderspsykiatrisk sengepost
Alderspsykiatrisk post er lokalisert i psykiatrisk klinikk (mursteinbygget), som ligg til høyre for hovudinngangen til sjukehuset.
Tilrettelagd behandling
Alderspsykiatrisk post har fokus på individuelt tilrettelagd behandling med behandlingsplan. Det vil seie kartlegging av heimesituasjon, vurdering av behov for hjelpetiltak frå kommunen, involvering av pårørande, og trygg og tilpassa oppfølging etter utskriving.
Oppmøte og pårørande
Meld deg i hovudresepsjonen når du hjem til oss.
Det er ønskjeleg at du kjem kl. 10.00 på innleggingsdagen, men eit anna tidspunkt kan avtalast dersom det er utfordringar med tidleg oppmøte. Det er fint viss du har med deg ein pårørande som kjenner deg godt, og som kan hjelpe til med å gi oss opplysningar om din helsetilstand.
Når du kjem til sengeposten vil du bli tatt imot av en fagperson som viser deg rommet ditt og avdelingen du skal være på. Du vil få en samtale med sykepleier og lege.
Under opphaldet
Under opphaldet vil det bli tatt forskjellige tester og undersøkingar. Pårørandemøte og nettverksmøter vil bli avtalt etter behov.
For opphaldet kan det vere lurt at du tar med deg:
- Oppdatert oversikt over kva medisinar du bruker.
- Toalettsaker.
- Tøfler/ innesko.
- Klesskift.
Pårørande skal vaske alt privattøy. Skittentøy vil bli lagt i pose i skapet hos pasienten.
Visittider
Visittid på avdelinga er kl. 17.00-18.30. Besøk utover visittid må avtalast med personalet. Alt besøk skal foregå på pasientrommet.
Skal du ta spinalpunksjon?
Sjå Spinalpunksjon - Fellesinnhold - Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten