Barneomsorgsattest ved assistert befruktning
Alle som søker om assistert befruktning, må legge fram ein barneomsorgsattest (politiattest). Utan attest kan søknaden bli avvist.
Vi tilbyr fertilitetsbehandling til par med ønske om barn. Vi har eit bredt tilbod som omfattar utgreiing og behandling av ufrivillig barnløyse, assistert befruktning, også kalla In vitro fertilisering (IVF) eller prøverøyrbehandling.
Alle som søker om assistert befruktning, må legge fram ein barneomsorgsattest (politiattest). Utan attest kan søknaden bli avvist.
Vi held til i 3. etasje ved Haugesund sjukehus, i austblokka.
Gå inn hovudinngangen og ta heis ved resepsjonen opp til 3 etasje. Ta til høgre ut heisen og følg gangen nedover.
Det er ikkje besøkstid hos oss.
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.
Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.
Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.
Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no