Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus

Astmakurs

Astmakurset er eit læringstilbod for deg med astma og for pårørande som ønskjer å lære meir om sjukdomen. Her får du råd og kunnskap som kan hjelpe deg å meistre kvardagen betre.

Informasjonen på denne nettsida er del 1 av astmakurset. Dette innhaldet er tilgjengeleg for alle, men dersom du er påmeldt kurset, må du lese gjennom del 1 før kursdagen på sjukehuset. Del 2 til 4 av astmakurset er berre for påmelde deltakarar.

Astmakurset består av fire delar:

Del 1: Informasjon på nett

Du les innhaldet på denne nettsida og blir kjent med:

  • korleis lungene fungerer
  • kva er astma
  • korleis du kan puste i både gode og dårlege periodar
  • du må lese gjennom dette innhaldet før kursdagen på sjukehuset

Del 2: Kursdagen

På kursdagen møter du opp fysisk på sjukehuset der du vil få informasjon om ulike tema.

Del 3: Heimelekse

I to veker etter kursdagen på sjukehuset måler og registrerer du pusten din morgon og kveld.

Du får ein SMS frå oss kvar kveld som påminning, og sender resultata digitalt til oss.

Del 4: Behandlingsplan

Du får ein behandlingsplan basert på registreringane du har sendt oss (heimeleksa).

Heimeleksa må leverast før vi kan lage behandlingsplanen din.

Ein sjukepleiar tek kontakt med deg på telefon for å gå gjennom planen og svare på spørsmål.

 

Sist oppdatert 01.09.2026