Det kan vere vanskeleg å ta ei avgjerd om å fullføre eller avbryte eit svangerskap. Treng du nokon å snakke med, kan du ringe Amathea på telefon 90 65 90 60. Amathea er ei gratis rettleiingsteneste ved val knytte til graviditet og abort.
amathea.no – rettleiingsteneste for gravide
helsenorge.no – informasjon til deg som vurderer abort
Planlagd oppfølging ved ufrivillig graviditet startar vanlegvis hos fastlege som tilviser til sjukehuset. Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking og vidare oppfølging, det er ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege.
Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen eller kontaktar sjukehuset direkte så tidleg som mogleg etter veke 6 dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet. Det er ønskeleg at lengda på svangerskapet er over 6 veker før første konsultasjon. Dette er for å kunne stadfeste svangerskap på rett plass i livmor med ultralyd.
Tilvising og vurdering
Hos fastlegen
Fastlegen vurderer svangerskapslengde før vidare tilvising til sjukehuset.
På sjukehuset
På sjukehuset får du samtale med sjukepleiar og/eller gynekolog. Det vil bli gjennomført ei vaginal ultralyd og ein gynekologisk undersøking for å fastslå svangerskapslengde og tatt klamydiatest.
Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling blir vedtatt. Vanlegvis blir aborten sett i gang med medikament. Kirurgisk abort blir sjeldan brukt på grunn av risiko ved narkose og unødvendig inngrep på livmora. Du vil bli beden om å signere eigenerklæringa «Krav om svangerskapsavbrot».