Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Allergisk matrøyrbetennelse (eosinofil øsofagitt)

Eosinofil øsofagitt (EoE) er ein kronisk betennelsestilstand i matrøyret (øsofagus). Tilstanden blir kjenneteikna av opphoping av såkalla eosinofile betennelsesceller lokalt i slimhinna til matrøyret.

Symptom

Årsaka til EoE er samansett og ikkje heilt kartlagt, men sjukdommen har ein tydeleg samanheng med matallergenar, atopisk og allergisk sjukdom og blir derfor kalla «allergisk matrøyrbetennelse».

Symptoma er delvis overlappande med gastro-øsofageal refluks, og inkluderer ofte halsbrann, smerter bak brystbeinet (retrosternale smerter), oppkast og magesmerter. Nokon har også vondt for å svelge, og dei minste barna kan ha dårleg vekstutvikling. 

Barn vel ofte bort mat med krevjande konsistens, tygg lenge og brukar vatn for å svelge unna maten.

Dei vaksne pasientane oppsøker ofte helsevesenet først gang fordi dei set fast mat i matrøyret, gjerne med halsbrannplagar i tillegg. 

Utgreiing

Blodprøvesvar er uspesifikke og diagnose blir stilt ved gastroskopi. Legen fører då ein bøyeleg fiberoptisk slange med eit kamera inn i munnen og nedover i matrøyret heilt til magesekken. Legen undersøker slimhinna og tar vevsprøver frå ulike område av matrøyret.

Dersom talet eosinofile celler er høgt (fleire enn 15 eosinofile celler per synsfelt), og ein ikkje finn andre årsaker til dette, blir diagnosen stilt eosinofil øsofagitt.

Behandling

Effektiv behandling er viktig både for å bli kvitt symptom på eosinofil øsofagitt (EoE). Behandling er også viktig for å førebyggje utvikling av arrvev og innsnevring av matrøyret.

Når diagnosen er sett, blir det først gjort eit forsøk med protonpumpehemmar (PPI, syredempande medikament) i inntil 8 veker. Det blir deretter anbefalt ein ny gastroskopi for å vurdere betring. Om ikkje PPI har hatt effekt, er vidare behandling enten diett eller steroid.

Eliminasjonsdiett

Å finne fram til matvara-/ene som triggar betennelsen er utfordrande. Nokon vil ha effekt av å fjerne ei bestemt matvare, medan andre må fjerne fleire.

Det er tre måtar å gå fram på:

  • Aminosyrebasert ernæring utan matallergenar. Mest effektivt, men dette gir eit svært restriktivt kosthald.
  • Målretta eliminasjonsdiett. Eit god alternativ ved sterk mistanke om spesifikke matvarer. Kun mistenkte allergenar blir fjerna frå kosthaldet. Etter 8-12 veker blir det gjort ny gastroskopi med biopsiar. Ved tilbakegang av tidlegare biopsifunn, kan ein reintrodusere ei og ei matvare.
  • Empirisk eliminasjonsdiett inneber å fjerne frå kosthaldet dei matvarene som oftast forårsakar EoE, det vil seie melk, soya, egg, kveite, peanøtter og fisk/sjømat, i 8-12 veker. Ny gastroskopi med biopsiar blir gjort. Ved tilbakegang av tidlegare biopsifunn, kan ein reintrodusere ei og ei matvare inntil ein finn matvara som triggar sjukdommen.

Uavhengig av kva for ein diettbehandling ein følger, skal pasienten ha nøye oppfølging hos ernæringsfysiolog.

Medikamentell behandling

Medikamentell behandling med steroider som ein kan svelge, har også svært god effekt ved EoE. Medisinane dempar betennelsen, men behandlar ikkje sjølve sjukdommen. Mange opplever oppblussing av symptom etter avslutta behandling.

Oppfølging

Eosinofil øsofagitt (EoE) er ein kronisk sjukdom som krev oppfølging.

Dersom vi lykkast i å kartleggje kva matvarer som triggar betennelsen, er tilrådinga å utelukke desse matvarene heilt frå kosthaldet ditt, i alle fall i fleire år framover.

Dei fleste vil ha behov for varig behandling eller kun periodevis behandling, medan nokon vil vere utan plager og vil ikkje trenge behandling eller oppfølging hos spesialist.

Hos dei minste barna er det noko meir sannsynleg at sjukdommen stansar på eit seinare tidspunkt i livet.

Sist faglig oppdatert 06.05.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Om timen din på sjukehuset (endring/avbestilling) - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.