Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Allergirelaterte symptom kan komme frå øvre og nedre luftvegar, mage og tarm eller frå huda. Ein del symptom frå dei øvre luftvegane, særleg nasen, kan minne om allergi utan å vere det. Pollenallergi, som også blir kalla høysnue, er den mest vanlege forma for allergi.
Du får time hos ein allergikompetent lege som også er spesialutdanna innanfor øyre-nase-hals. Legen snakkar med deg og undersøkjer deg med tanke på utfordringane dine.
I forbindelse med timen kan du vere sett opp til éi eller fleire undersøkingar hos sjukepleiar. Dette kan vere undersøkingar som hudprikktest (allergitest), spirometri (lungefunksjonstest), lungeprovokasjonstest og allergiprovokasjon.
Resultatet kan vise at du treng vidare utgreiing på sjukehus, at du skal følgjast opp hos fastlegen din eller at det ikkje er sannsynleg at allergi er årsak til plagene dine.
Dersom du har pollenallergi og ikke blir symptomfri sjølv om du får behandling, kan allergivaksinasjon vere ein del av behandlinga.
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Øre-nese-halsHaugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.
Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.
Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.
Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund