Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Allergivaksinasjon av vaksne

Allergivaksinasjon er aktuelt for deg som har uttalt allergi mot pollen, dyrehår, husstøvmidd, bie-, og/eller vepsegift. Allergivaksinasjon kan kurere eller redusere symptoma knytte til allergisk sjukdom.

Allergivaksinasjon blir også kalla hyposensibilisering eller spesifikk immunterapi. Behandlinga går ut på å tilføre allergenet (det du er allergisk mot) jamt og over 3–5 år.

Dei aller fleste som får denne behandlinga opplever at kroppen reagerer mindre på allergen og at allergisymptom frå hud, auge, nase og luftvegar minkar eller forsvinn.

Vaksinasjon blir gjord med injeksjon/sprøyte eller smeltetablettar i munnen. Dette avheng av kva slags allergen du skal vaksinerast mot.

Tilvising og vurdering

Du må ha hatt symptom på problematisk allergi over minst to år, og  må avleggje positiv allergitest (prikktest eller blodprøve) på aktuelle allergen. Fastlege eller avtalespesialist innanfor øyre–nase–hals kan tilvise deg til sjukehuset.

Før

Under

Etter

Ver merksam

Nokre timar og opp til eit par dagar etter at vaksinasjonen er sett, kan du få seinreaksjonar. Dette ser vi oftast som hevelse, raudheit og kløe på injeksjonsstaden. Dette er kjende reaksjonar som du må gi oss beskjed om ved neste besøk.

Det kan også oppstå generelle seinreaksjonar. Kløe i auge og nase, forverring av astma, elveblest, generell kjensle av å vere uvel. Dette er sjeldan, og du unngår vanlegvis slike reaksjonar ved måten behandlinga skjer på. Dersom du er i tvil om tilstanden din, ta kontakt med lege.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.