Behandling
Allergivaksinasjon av vaksne
Allergivaksinering er aktuelt for deg som har uttalt allergi, særleg mot pollen og bie- og vepsegift, men også mot dyrehår eller husstøvmidd. Allergivaksinasjon kan redusere, eller kurere ein allergisk sjukdom.
Allergivaksinasjon blir også kalla hyposensibilisering eller spesifikk immunterapi. Behandlinga går ut på å tilføre allergenet (det du er allergisk mot) regelmessig over lang tid, 3 eller 5 år.
Dei aller fleste som får denne behandlinga opplever at kroppen reagerer mindre på allergener og at allergisymptom frå hud, auger, nase og luftvegar blir redusert eller forsvinn.
Vaksinasjon blir gjort med enten injeksjon/sprøyte eller smeltetablettar i munnen. Dette kjem an på kva allergen du skal vaksinerast mot.
Tilvising og vurdering
Du må ha hatt symptom på problematisk allergi over minst to år og avlegge positiv allergitest (prikktest eller blodprøve) på aktuelle allergen. Fastlege eller avtalespesialist innan øyre-nase-hals-lege kan tilvise deg til sjukehuset.
Før
Dersom du skal ha vaksine med injeksjon/sprøyte, kan du ikkje ha hatt ein infeksjonssjukdom (forkjølelse, influensa, bronkitt eller liknande) eller fått nokon anna vaksine (for eksempel influensa- eller BCG-vaksine) dei siste tre dagane før allergivaksinasjonen. Blir du sjuk eller hindra frå å møte opp, må du kontakte oss og avtale ny tid.
Bruk av medisinar kan påverke behandlinga. Du må derfor gi oss beskjed viss du bruker medisinar.
Du skal ikkje innta alkohol 8 timar før og etter vaksinasjonen fordi det aukar risiko for biverknadar.
Under
Allergi mot bjørk, gras, katt og husstøvvmidd - injeksjonar
Ved behandling av bjørk-, gras-, katt-, husstøvmidd-allergi kan dette gjerast i form av injeksjonar/sprøyter i armen. Du må møte på poliklinikken for kvar vaksinasjon. Det er vanleg at dette går føre seg som opptrapping med ein dose kvar veke i åtte veker. Deretter gradvis overgang til ein dose annankvar månad i tre år. Dei første gongene får du to-tre sprøyter med 30 minutt mellomrom. Du blir kontrollert etter kvar injeksjon. 30 minutt etter at siste injeksjon er gitt vil du få beskjed om du kan gå heim eller om du må vere til observasjon lenger.
Allergi mot husstøvmidd - smeltetablettar
Husstøvmiddallergi kan også behandlast med smeltetablettar, men sjukehuslegen må då søke om registreringsfritak. Dette vurderer sjukehuslegen. Også denne behandlinga har planlagd varigheit på 3 år, men dersom du etter 3 månadar ikkje har opplevd betring av plagene, skal behandlinga vanlegvis avsluttast. Denne vurderinga blir gjort i samråd med lege.
Graspollenallergi – behandling med smeltetablettar
Graspollenallergi kan behandlast i form av smeltetablettar med graspollenekstrakt (Grazax) dagleg over tre år. Du tar første tablett hos oss på poliklinikken. Du blir deretter observert i 30 minutt før du kan gå heim. Vanlege biverknadar er kløe/svie/ubehag i munnen nokre minutt etter du har tatt tabletten. Etter den første behandlinga kan du ta tablettane heime, med årleg kontroll hos lege.
Etter
Det er under heile behandlinga ein risiko for at vaksinasjonane kan utløyse allergisymptom, spesielt under den første delen med doseauke. Derfor skal du alltid vere på avdelinga for observasjon i 30 minutt etter kvar vaksinasjon. Vi gjer eventuelt lungefunksjonstest (PEF) før og etter vaksinasjon.
Dei mest vanlege biverknadane er hevelse/kløe/ubehag på innstikkstaden ved sprøyter, og kløe/svie/ubehag i munnen ved smeltetablettar. Ved biverknadar ut over kløe/ubehag på innstikkstaden bør dette behandlast med allergimedisin. Ta eventuelt kontakt med lege.
Du bør ikkje drive anstrengande fysisk aktivitet eller høgintens påkjenning på vaksinasjonsdagen.
Du blir kalla inn til årleg legetime for evaluering og oppfølging av behandlinga.
Ver merksam
Nokre timar og opp til eit par dagar etter at vaksinasjonen er sett, kan du få seinreaksjonar. Dette ser ein oftast som hevelse, raudheit og kløe på injeksjonsstaden. Dette er kjente reaksjonar som du må gi oss beskjed om ved neste besøk.
Det kan også oppstå generelle seinreaksjonar. Kløe i auge og nase, forverring av astma, elveblest, og generell kjensle av å vere uvel. Dette er sjeldan, og ein unngår vanlegvis slike reaksjonar ved måten behandlinga skjer på. Viss du er i tvil om tilstanden din, ta kontakt med lege.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Øre-nese-hals
Oppmøtestad
Våre lokalar er i første etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund